Om træl
og løysing i Frostatingsloven![]() |
|
OM EIN MANN KJØPER EIN TRÆL AV ANNAN MANN 41. Om ein mann kjøper ein træl av ein annan mann, då skal den som salsmann er, innestå for trælen dei neste ni åra mot styng og stivkrampe (1) og for heimel på han så lenge han lever. Og om seljaren fell ifrå, då stend arvingen hans inne for salet. OM TYRMSLER OG ARVETILHØVE FOR EIN LØYSING 11. I ei løysingsætt stend fire menn i tyrmsletilhøve til husherren og den femte er ute av det, jamvel om det ikkje er frikaup. Og den løysing som har halde frelsesølet sitt, eller kjøpt seg fri med trygd, han skal taka arv etter son sin, dotter si og soneson sin. Sønene av ein løysing skal taka arv i seks arvetilhøve: etter far, mor, son, dotter, bror, syster og etter soneson som den sjuande. Såleis skal son av ein løysing taka arv, sonesonen hans og son av denne, som arvar på det viset. Dotter og syster skal arva sameleis som son og bror, om desse ikkje er til; og kvar av dei skal syta for den andre. Men når desse seks ikkje lenger finst til, då vender all arverett attende til husherren, til niande kne og likeins forsyting, om det trengst. Om ein løysing tek seg kone, anten han no tek ei løysingkvinne eller ei friboren, då fell to delar både av omsorg og av arv på faren og husherren hans og ein tredel på mora sin part. Og dei born som fell på mora, kjem or tyrmsletilhøve til husherren om ho er friboren. OM FRELSESØL 12. Om ein træl kjem seg til jord eller gard, då skal han gjera frelsesøl for seg, kvar mann øl av ni mæler malt, og gjera fyrste snittet i ein ver. Ein friboren mann skal skjera hovudet av, og husherren hans skal taka halsløysinga av halsen på han (2). No vil husherren hans gjeva honom løyve til å halda frelsesøl, då skal han med to vitne be husherren om å få gjera frelsesølet sitt og byda honom med fem mann til drykkjelaget han vil halda som frelsesøl for seg. [ . .] (3). Han skal i alle høve halda det og lata høgsetet åt husherren og kona hans vera i fred. Men om husherren hans røkjer etter om han har gjort frelsesølet sitt, då skal han føra fram vitna sine, dei som var til stades og drakk det ølet, og lata dei bera vitne om det på tinget. No ber dei fram vitne på at det var fullt etter lova, då skal det så vera. Frå då av skal det kunngjerast kvar tiande vinter, og han skal dra nytte av dei vitna når han har tarv å taka til dei. Det er fullgyldig jamvel om det ikkje vert kunngjort kvar tiande vinter, når dei som høyrde det på tinget, kan bera vitne på det. OM LANDNÅM 15. I landnåmsbot (4)
skal ein hauld taka seks øyrar, lendmann ni øyrar, og alt
sakgildt, med mindre det er brot på nedlagt forbod. Men ein biskop
skal taka to merker og ein jarl to merker, og kongen tre merker, erkebiskopen
tjue øyrar, ein abbed tolv øyrar og likeins abbedissa, men
ein årboren mann fire øyrar, ein rekstegn tre øyrar,
løysingsson to øyrar, løysing fire ertogar.
Noter:
Frostatingslova, Norrøne bokverk, oversatt: J.R. Hagland og J. Sandnes, Samlaget, Oslo 1994, s. 94, 141-142, 194. |
|
![]() 10.08.1999 Tilrettelagt av Frode Ulvund |