Ágrip:
Ei liti norsk kongesoge![]() |
|
Kongesoga Ågrip
finst i ei einaste handskrift, som di verre er uheil (cod. AM 325 II 4º
i Universitetsbiblioteket i Kjøbenhavn). Byrjingi og slutten vantar,
og det er blad burte på eit par stader inni boki òg. Handskrifti
er frå tidi 1200-1225. men det er ei avskrift, og sjølve upphavsverket
er truleg frå ikr. 1190. Som boki ligg fyre no, fortel ho um kongane
frå Harald Hårfagre ned til Sigurd Munn, Øystein og
Inge Krogrygg, - ho sluttar midt i soga um desse kongane. Upphavleg hev
ho gjenge frå Halvdan Svarte ned til det året då Sverresoga
byrjar, 1177, nett som Fagerskinna og Heimskringla gjer og Morkinskinna
hev gjort.
2. Harald vinn Noreg. Sønene
hans.
Skjoldungen rak med skjolden
Harald stridde for landet i ti år, fyrr han vart einvaldskonge i Noreg. Han seda og freda landet sitt vel. Han hadde tjuge søner, med mange konor, men berre tvo fekk kongsnamn, Eirik Blodøks og Håkon den Gode.<...> "Ágrip. Ei liti norsk kongesoge" i Norrøne bokverk nr. 32, Oslo 1936, s. 5, 15-17 |
|
![]() 10.08.1999 Tilrettelagt av Frode Ulvund |