Om Sachsenhausen og brev heim:

Morten forteller:

Spørsmålet var: "Kor henne østover, kar henne ska me te då?" Då blei det taust. Me fekk aldri rede på henne dette austover var. Men, alle sa, Røde Kors som hadde meire greie på det enn me hadde, dei visste jo hen endestasjonen var for ein del, iallefall og visste jo henne desse vaksne menna var havna og me fekk jo straks rede på at mesteparten var havna i Tyskland, i ein leir i Tyskland, i Sachsenhausen og når det hadde gått ein måned fram så fekk me jo brev då med Sachsenhausenstempelet på og der de skriv at me er her, me har det bra, vi har god helse og er ved godt humør og (...) Det skulle skrivast på tysk og det de kunne skriva var at de var ved god helse og at de hadde godt humør og at de hadde det bra, men lengta heim. Noko anna kunne de ikkje skriva. Det var sensur på det, så var det skreve noko utanom så... De begynte jo straks å be om penga, at ein sendte penga til de, det fikk de skriva og at ein sendte mat til de, og at ein prøvde å sende kle til de. Det begynte de jo straks å be om så en skjønte jo underhånden at de ikkje hadde det så bra som de skreiv de hadde det. De hadde ikkje bedt om mat og penga uten. Og klær. Det begynte de å be om og det blei jo gått igang med. Forsendelsen ned til dei folkena kom for seint igong. Den første pakken kom(...) inn i Sachsenhausen leir omkring ved juletider i 42 og de var jo arrestert her allerede i mai og då hadde allerede mange dødd, der døde jo 28-29 før jul. I frå mai og til jul så var 28-29 døde og det var allerede for seint, det var ein del som levde, faren min, han blei sjuk, på veien ned til Sachsenhausen, han blei sjuk i fengslet i Hamburg, og var meir eller mindre sjuk heile tida. Han var ein av dei siste som døde i 1943, i juli 1943, ein utav dei siste. Men, altså, han fekk pakka, han fekk kle, han fekk penga, mat, men det var allerede for seint til å redde han. De klarte ikkje å byggje fyren opp igjen. ...Og kor langt var eg komt?
 

Oppgaver:
 
1. Hvordan skjønte Morten og de andre at mennene hadde det fælt?
2. Hva hendte med Mortens far?
3. Hvorfor tror du at Morten til slutt sier "Og kor langt var eg komt?"