Om prosjektet

Tilgjengeleggjeringa av Otto Kalkars Ordbog til det ældre danske sprog (1300-1700) er eit samarbeidsprosjekt mellom Historisk institutt ved Universitetet i Bergen og Statsarkivet i Bergen. Digitaliseringa er gjort etter Universitets-jubilæets danske Samfund si utgåve frå 1881-1907 i fire band. Totalt utgjer dette vel 3700 sider. Det femte bandet (supplementsband) er ikkje digitalisert.

Ordboka er i første rekke meint som hjelpemiddel for brukarane av Digitalarkivet og lærepakka i gotisk handskrift

Den digitale versjonen av ordboka har bevart strukturen til originalen. Stikkorda som er oppgitt er første ordet på kvar side.

Denne faksimilieutgåva har ein noko varierande kvalitet. Digitaliseringa er dels føretatt ved ordinær scanning og dels (sist) ved avfotografering med digitalt kamera. Det siste gir best kvalitet.

Digitaliseringa er utført av Anette Skogseth Clausen med bidrag frå Frode Ulvund og Knut Geelmuyden. Bearbeiding av grafikkfiler og overføring til vev-format er gjort av Frode Ulvund.


Kommentarar og feilmeldingar kan rettast til Frode.Ulvund@hi.uib.no.