previous next Up Title Contents

Kap. 3 SOSIALE RELASJONAR OG PARTIDANNING 1130-1161


Magnus Sigurdsson vart teken til konge etter faren Sigurd Jorsalfar sin død i 1130, slik som Sigurd sjølv hadde planlagt. Han hadde nemleg lete "landsfolket" sverje eid på at Magnus skulle verte den neste kongen etter han. Harald Gille, bror til Sigurd, hadde kome til Noreg frå Irland i slutten av 1120-åra, men også han hadde lova at kong Magnus skulle få sitje åleine som konge. Etter at Sigurd var avliden, lot Harald seg likevel kongehylle, og fekk så mange folk med seg at Magnus måtte godta å dele riket med farbror sin. Dette samkongedømmet enda i ei blodig feide mellom kongane, og Magnus vart teken til fange, blinda og skamfaren, før han vart sett i klosteret på Munkholm. I mellomtida hadde Sigurd Slembe, ein samfedre bror av kong Harald gjeve seg til kjenne, og Sigurd ynskte at Harald skulle godkjenne frendskapen mellom dei. Dette ville ikkje Harald og freista å verte kvitt han. Sigurd slo seg då saman med kong Magnus, som han henta ut i frå klosteret i 1135. Året etter vart Harald drepen av Sigurd og mennene hans i ein bygard i Bergen.[136]
Harald hadde tre søner i Noreg i denne tida, Sigurd, Inge og Magnus.[137] Sigurd og Inge vart straks tekne til kongar etter at Harald var fallen. Sigurd vart kongehylla i Trondheim på Øyrating, medan Inge vart teken til konge på Haugating i Viken. Dei to kongssønene heldt felles hird, og i 1139 fekk dei omsider bukt med Sigurd Slembe og Magnus. Dette innleia eit relativt roleg tiår, men i byrjinga av 1150-åra vart freden atter broten. I mellomtida hadde ein fjerde son av Harald kome til Noreg. Dette var Øystein som vart henta frå Skottland i 1142, og som Harald hadde godkjent farskapen til før han døydde. Sigurd og Inge hadde no skilt lag, og dei heldt kvar si hird. Det spente tilhøvet mellom kongssønene slo ut i full strid omkring 1154-55, og det danna seg etter kvart to fraksjonar, med Inge på den eine sida, mot Sigurd og Øystein på den andre. Det var Inge som kom sigrande ut av denne striden, men han måtte sjølv late livet mot Håkon Herdebreid, ein son av Sigurd Haraldsson, i 1161.[138]
Partikonstellasjonane i denne fasen av innbyrdesstriden var stadig skiftande, og dei politiske grupperingane var relativt små. I spissen for partia stod kongsemna som hadde vorte hylla av forsamlingar på lokale ting. Til grunn for partidanninga låg dermed for det første arvereglane, som kravde at kandidaten skulle vere kongsson, og for det andre ei godkjenning, konungstekja, av ei tingforsamling. Kongsemna måtte dermed ha ei viss støtte frå tingfolket for å få kongsnamn.[139] Mot denne bakgrunnen er det naturleg at det enkelte kongsemnet si evne til å skaffe seg allierte og trekkje til seg tilhengarar var av avgjerande betydning. I dette kapitlet skal vi sjå korleis slektskap og venskap hadde innverknad på danninga av parti kring kongsemna i fyrste fase av innbyrdesstriden.


[136]

Msk 391-413, Fsk 334-344, Hkr 547-549, Hkr: NKS 256-281.
[137] Sonen Magnus er berre nemnt i Hkr. Her står det at Magnus fekk sin del av riket saman med brørne sine, men at han var sjukleg og døydde som liten. Hkr: NKS 295. Snorre refererer også eit skaldekvad av Einar Skulesson der Magnus vert nemnt som ein av fire søner til Harald. Den fjerde var Øystein som kom til Noreg i 1142. Hkr: NKS 295. Dette skulle peike mot at Magnus var i live i alle fall så lenge. Gathorne-Hardy 1956: 30.
[138] Msk 413-462, Fsk 344-357, Hkr 570-610, Hkr: NKS 283-324.
[139] Helle 1995: 12-13.



previous next Up Title Contents