Gjennom dei fyrste tiåra etter kong Sigurd sin død liknar
innbyrdesstriden mykje ei familiefeide. Dei stridande partane var nære
frendar, og i visse høve til og med brør. Nokre år etter at
Sigurd var avliden, braut det ut full strid mellom Harald og Magnus. Byrjinga
på ein hundre år lang konfliktperiode får i sagaene inga anna
forklaring enn at dei to frendane ikkje gjekk særleg godt i hop. Allereie
då Harald kom til kong Sigurd i slutten av 1120-åra, oppstod det
gnissingar mellom Harald og Magnus. Sagalitteraturen framstiller uvenskapen som
ei rivalisering mellom dei to frendane, der kong Sigurd til ein viss grad tok
parti med bror sin mot sonen Magnus. Innbyrdesstriden hadde altså
utgangspunkt i ein konflikt mellom nære frendar. Betydde dette at
slektskapsbanda var viktige for partidanninga i denne fasen av striden?
Mellom kongsfrendane var det få personar å søkje
støtte hos. I byrjinga av 1130-åra fanst det tre etterkomarar av
Magnus Berrføtt som framleis var i live.[140] Desse tre var Magnus, Harald og Sigurd Slembe. Alle
desse var involverte i striden, med Magnus og Sigurd på ei side mot
Harald på den andre. Utsiktene til å få støtte
frå mannlege frendar på farssida var dermed minimal. Det var heilt
enkelt ikkje mannlege kongsfrendar å søkje støtte hos,
dersom ein då ikkje slo seg saman slik Magnus og Sigurd gjorde. Det same
ser vi i striden mellom Haraldssønene. Kongsfrendane var anten
involverte i striden som tronkrevjarar, eller allereie falne i kamp. Dette
tyder likevel ikkje at frendar ikkje deltok i striden. Slektskapssystemet var
som tidlegare nemnt bilateralt, og kongsfrendane utgjorde berre den eine delen
av frendegruppa til det enkelte kongsemnet. Dei øvrige, som i denne
fasen var morsfrendar, kan ha utgjort ei aktiv gruppe i dei enkelte partia.[141]
Vi finn fleire morsfrendar mellom tilhengarane til dei ulike kongsemna. Mor
til Magnus Sigurdsson var Borghild Olavsdotter, ei av frillene til kong Sigurd
Jorsalfar. Mellom dei namngjevne mennene til Magnus finn vi ein som heiter
Håkon Fauk, som var morbror til Magnus. [142] Håkon var den einaste i krinsen kring Magnus som
var ein frende av kongen. Harald Gille fekk god støtte hos bror sin
Kristrød. Dei var sammødre brør, og mykje tyder på
at Kristrød anten fylgde med Harald då han kom frå Irland
fyrste gongen, eller slo lag med Harald med det fyrste etter at han var komen
her til landet.[143] Kristrød hadde
truleg ein sentral plass i krinsen kring Harald. I den fyrste
samanstøyten mellom Harald og Magnus var det Kristrød som
førte ein del av hæren til Harald.[144]
Av mennene til Sigurd Slembe var det ingen som var i slekt med Sigurd korkje
på farssida eller morssida. Øystein Haraldsson, som var son til
Bjadok, ei kvinne frå Skottland, ser også ut til å ha greidd
seg utan støtte frå frendar, sjølv om ein del av mennene
hans utvilsamt hadde tilknyting til vesterhavsøyene. Sigurd Haraldsson
var son til Tora, ei dotter til Guttorm Gråbarde, som var ein rik bonde
på Opplanda. Sagaene nemner ikkje at Guttorm eller sønene hans tok
del i striden på Sigurd si side, og heller ingen andre morsfrendar er
nemnde som Sigurd sine allierte. Vi høyrer derimot at Sigurd sine to
morbrør, Andres og Einar, var involverte i eit overfall på ein
prest som skulle ha vanæra syster deira.[145] Hendinga utgjer ei av fleire segner som skildrar ulike
mirakel som den heilage kong Olav skal ha utført, og er truleg ikkje
meint som ei utgreiing om Sigurd sine frendskapsrelasjonar. Merksemda kring
slektskapen viser likevel at både Guttorm og sønene hans var
kjende personar og utgjorde ein del av det politiske biletet i denne tida. Vi
kan difor rekne det som sannsynleg at Guttorm og sønene hans har delteke
på Sigurd si side i striden mellom han og brørne Øystein og
Inge.
Ingrid Ragnvaldsdotter var mor til Inge, son til Harald Gille. Ingrid var
dotter til Ragnvald Ingesson.[146] Hos Inge
finn vi Orm kongsbror, ein annan son til Ingrid, som ho hadde saman med Ivar
Sneis.147
Orm var ein viktig støttespelar for kong Inge. Sagaen omtalar han som
ein stor hovding, og han deltok i striden som hærførar for Inge.
Han vart mellom anna sett til å føre hæren i staden for kong
Inge i 1161, og vann stor heider for det.[148]
I det heile ser det ut til partileiarane har nytta seg av frendskapsrelasjonar
så langt det var mogeleg. Dette ser vi helst gjennom innverknaden av
morsfrendar i dei ulike grupperingane. Dette talet er heller ikkje stort,
truleg av praktiske årsaker. Fleire av kongsemna kom til Noreg frå
utlandet, og dette må ha hatt ein innverknad på graden av
støtte frå morsfrendar. Resultatet understrekar nytteverdien av
å la frendegruppene vere målestokk for slektskap og ikkje
ætt. Dei stridande grupperte seg i frendegrupper rundt kongsemner som
alle tilhøyrde den same ætta.
Kongsfrendane var i denne fasen involverte i innbyrdes strid. Rivaliseringa
overskyggjer det som eventuelt måtte finnast av samhald mellom frendane.
Dette ser vi m.a. av konflikten mellom Harald og Magnus. I slaget utanfor
Bergen i 1135 vart Magnus teken til fange av Harald. Etter ei rådlegging
vart Harald og mennene hans samde om "å avsette Magnus, så han ikke
kunne reknes for konge fra da av"[149] Dette
innebar at Magnus vart blinda, gjelda og fekk hogge av ein fot.
Like eins ser vi at då Sigurd Slembe kom til Noreg og oppsøkte
bror sin Harald vart det eit svært ublidt møte. Sigurd fortalde
kongen kven han var, og bad Harald om å godkjenne frendskapen mellom dei.
Harald ville tale med mennene sine før han avgjorde noko. Etter
rådlegging om dette vart dei einige om å reise dødsak mot
Sigurd for drapet på Torkjell Fostre, som hadde vore med Harald frå
Irland, og som var ein god ven av han. Sigurd vart ført bort, men
greidde å rømme.[150]
Sigurd Slembe hemna seg på Harald ved eit seinare høve. Sigurd
gjorde avtalar i løynd med ein del av mennene til Harald som hadde vore
hos Magnus tidlegare, men som no var "i stort vennskap med kong Harald". Saman
la dei opp råd for korleis dei skulle drepe kongen. Dei lurte Harald til
å røpe kvar han skulle sove om natta. Same natt tok Sigurd og
mennene hans seg inn i bygarden der Harald låg og sov med frilla si, og
der drap dei han.[151]
Striden mellom Haraldssønene enda også med drap. Inge og mennene
hans gjorde åtak på Sigurd i 1155, og då Sigurd såg at
motstanden vart for stor bad han Inge om grid. I fylgje Heimskringla resulterte
dette berre i at han vart "hogd ned".[152]
Den brutale framferda mot eigne slektningar, som sagalitteraturen vitnar om i
innbyrdesstriden, er blitt sett på som eit uttrykk for "de grusomme
Skikke" som herska i mellomaldersamfunnet.[153] Er desse hendingane representative for den generelle
haldninga til frendskapen i politisk samanhang? Skamfaringa av Magnus, som
etter dette fekk tilnamnet "Blinde", må tolkast nettopp på bakgrunn
av haldningar til frendskapen. Frendemord vart sett på som eit grovt brot
på alle rettslege og etiske reglar. Harald kunne ha drepe bror sin, og
dermed vorte kvitt rivalen sin for godt. Når han likevel sparte livet til
Magnus var dette fordi han var frenden hans, og Harald ville sett seg
sjølv i eit svært dårleg lys om han drap bror sin.
Samstundes ville eit brødremord ha svekt trua på at Harald faktisk
var den han gav seg ut for. Dette fekk Sigurd Slembe merke då det lukkast
han å ta livet av Harald Gille. Sigurd vart hardt lasta for drapet, og i
ein tale til bergensmennene etterpå møtte Sigurd stor
motbør:
Så stod Sigurd opp og talte til dem som stod på kongsbrygga, og han
lyste drapet på kong Harald på seg, og bad at de skulle ta imot han
og ta ham til konge, slik som hans byrd gav ham rett til. Da samlet det seg
mange menn fra kongsgården der på bryggene, og alle svarte som med
en munn at det skulle aldri hende at de gav seg under den mann som hadde myrdet
sin bror. "Men om han ikke var din bror, da har du ingen rett til å
være konge."[154]
Dette sette Sigurd i ei knipe. Skulle han krevje kongsnamn som Magnus
Berrføtt sin son, og såleis seie seg skuldig i brødremord,
eller skulle han gje avkall på slektskapen og dermed også utsiktene
til å få kongsnamn? Sigurd valde den lettaste utvegen. Han siglde
der i frå. Dette viser at drap på frendar vart sett på som
eit alvorleg brotsverk, og dette var særskilt viktig for kongsemna som
var avhengig av omdømet sitt for å trekkje til seg allierte.
Det same ser vi av striden mellom Haraldssønene. Heimskringla hevdar at
Sigurd vart hoggen ned då han bad bror sin Inge om grid. Fagrskinna
derimot hevdar at Inge ikkje høyrde Sigurd sin bøn om grid i all
larmen under striden, og at dette var grunnen til at Sigurd miste livet. Inge
sjølv kunne ikkje lastast for drapet på bror sin, for "det har dei
fleste menn fortalt, slik som Einar Skulesson, at ikkje skjedde dette etter
råd frå kong Inge".[155]
Deretter følgjer Einar sitt kvad om hendinga som underbyggjer denne
påstanden.[156] Fagrskinna si
poengtering av at Inge var uskuldig, og vektleggjinga av Einar Skulesson sitt
skaldevers, som forøvrig vantar i Heimskringla, peikar mot at det var
viktig at Inge ikkje vart skulda for drapet på bror sin.
Innbyrdesstriden kan hevdast å representere ein unntakstilstand som gav
rom for å tøye grensene for framferd mot frendar, men dette tyder
ikkje at desse haldningane var generelt aksepterte under andre omstende, eller
jamvel i andre frendegrupper. Rivaliseringa mellom kongsemna skugga for
haldningar til slektskap og band mellom frendar som mykje truleg var til stades
elles i det norrøne samfunnet. Dette skulle opne for at frendskapen
kunne ha større partidannande verknader utanfor kongsemna sine
frendegrupper. Kunne slektskapband mellom personar utanfor frendegruppene til
kongsemna ha større innverknad på partidanninga?
På bakgrunn av opplysningane i kjeldematerialet ser vi at det ikkje var
uvanleg at fleire frendar tilhøyrde det same partiet. Harald Gille fekk
mykje støtte av Ragnvald orknøyjarl, og Orkneyinga saga nemner
mellom annan at Ragnvald var den beste støtte for Harald under heile
striden med Magnus, og at dei to kjempa saman i slaget ved Fyrileiv.[157] Med Harald i dette slaget var også
Salmund Håkonsson frå Aust-Agder. Han og Ragnvald var syskenborn.
På kong Øystein Haraldsson sitt parti finn vi Hallkjell Huk og dei
to sønene hans, Jon Hallkjellsson og Simon Skalp.[158] Hallkjell var lendmann på Sunnmøre. Saman
med kong Sigurd Haraldsson finn vi fosterfar hans, Såda-Gyrd
Bårdsson,[159] og son hans Fillippus
Gyrdsson.[160] Også svigerson til
Såda-Gyrd, Jon Kada,[161] er å
finne mellom Sigurd sine menn. Like eins ser vi at begge Reins-brørne,
Guttorm Åsolvsson og Ottar Balle, stod på Sigurd si side i
striden.[162]
I den indre krinsen omkring kong Inge Haraldsson var det fosterfaren
Åmunde Gyrdsson d.e.[163] som
dominerte med sine næraste frendar og mågar. Sonen Gyrd
Åmundesson og son hans igjen, Åmunde Gyrdsson d.y.,[164] var begge hos Inge. Gyrd Åmundesson var dessutan
gift med systera til Gregorius Dagsson,[165]
som saman med broren Vatnorm var ein av Inge sine fremste hjelpesmenn. Ein
annan av Gregorius sine mågar, Halldor Brynjolvsson, var også ein
av Inge sine allierte, saman med nivøen Nikolas Skjaldvorsson.[166] Vi finn dessutan fleire som var i slekt
med ein annan mellom Inge sine fremste allierte, Erling Skakke.
I sum er det mykje som tyder på at frendskapen var viktig for å
rekruttere nye medlemmer frå aristokratiet. Dei mest sentrale personane
omkring kongsemna var tydeleg i stand til å gjere det mogeleg for sine
eigne frendar å skaffe seg ein viktig posisjon i kongen si hird. Det er
slik vi må forstå det når Fagrskinna hevdar at Erling Skakke
"lyfte opp" sine eigne frendar.[167] Sagaen
fortel at frendane naut godt av dette ved at Erling gav dei jordeigedommar.[168] Ein må gå ut frå at
slektskap til mektige personar i aristokratiet kunne vere eit viktig
springbrett til politisk suksess og gjerne også økonomisk og
sosial framgang.
Gav slektskapen dermed også grunnlag for stabile grupperingar ved
å knyte medlemmene saman? Partilojaliteten i denne perioden er langt
frå dominerande. Sagaene gjev fleire døme på at personar
skifte side i striden, og nokre av eksempla viser frendar som stod på
motsett side. Hallkjell Huk var med Harald på si fyrste ferd til Noreg i
1124, og var ein fast tilhengar av Harald i regjeringstida hans. Under
Haraldssønene finn vi ikkje berre Hallkjell, men også dei to
sønene hans, Simon Skalp og Jon. Sagaene opplyser at mange menn som
tidlegare hadde vore med i flokken kring Sigurd og Øystein gjekk over
til Inge etter Sigurd sitt fall i 1155.169
Mellom desse overløparane var begge sønene til Hallkjell.
Hallkjell sjølv vart verande hos Øystein.[170] I 1159 herja Håkon Herdebreid og mennene hans
på mørekysten medan dei siglde sørover mot Viken. Jon
Hallkjellsson samla då ein bondehær og gjekk til åtak mot
Håkon. Til dette kommenterer Heimskringla at "Hallkjell , far hans, kom
ikkje og møtte han, som dei hadde avtala".[171] Dette kan tyde på at Hallkjell vart rekna som
Håkon sin allierte, eller i alle fall utgjorde ei svært
upåliteleg støtte for Inge. Her høver det å nemne at
i den følgjande perioden av innbyrdesstriden skifte Jon side fleire
gonger. Sverres saga fortel at Sverre gav Jon og dei to sønene hans
Ragnvald og Hallkjell grid i Bergen i 1183. Dette var ikkje fyrste gongen dei
hadde fått grid hos Sverre: "to gonger, sa han, hadde dei svore han eid
og ikkje halde nokon gong. Dei svor no like radt tredje gongen, og noko
etterpå for dei aust til kong Magnus".172
Hallkjell Huk og sønene er eit døme på at slektskapen ikkje
gav garantiar for partilojalitet, men at andre interesser kunne overstyre
samhaldet mellom frendar.
Samlande viser dette at slektskapsrelasjonar var viktige som partidannande
faktorar i innbyrdesstriden ved at kongsemna knytte til seg sine eigne
slektningar, i denne fasen fyrst og fremst morsfrendar, og ved at stormenn, som
til dømes Erling Skakke, kunne bidra med støtte til kongsemnet
ved hjelp av sine frendegrupper. For desse gav frendskapen høve til
økonomisk og sosial framgang. Det er derimot ikkje sagt at slektskap gav
grunnlag for partilojalitet. Frendar kunne stå på kvar si side i
striden.
Jmf. vedlegg fig. 1.
[141] For bruken av omgrepa kongsfrende,
morsfrende og farsfrende jmf. kap. 2 s.[.
142] Msk 401, Hkr 560, Hkr: NKS 250, 270-271.
[143] Munch 1943, 6: 154-155 hevdar at det
mest sannsynlega var at Kristrød kom til Harald etter at han var vorten
konge, altså etter 1130. Hkr nemner Kristrød som den fyrste mellom
Harald sine allierte i 1134, Hkr: NKS 266. Dette kan tyde på at
Kristrød fulgte med Harald til Noreg i slutten av 1120-åra, og
hadde rukke å skaffe seg eit namn då striden mellom Harald og
Magnus braut ut.
[144] Hkr: NKS 266-267.
[145] Hkr 587-589, Hkr: NKS 301-303.
[146] Ragnvald var son til svenskekongen
Inge Steinkjellsson. jmf. vedlegg fig. 3.
147 For meir utfyllande om dronning Ingrid sine ekteskap og born
jmf. vedlegg fig. 3.
[148] Hkr 608-610, Hkr: NKS 322-324.
[149] Hkr 560, Hkr: NKS 271.
[150] Hkr 567-568, Hkr: NKS 279-280.
[151] Msk 412-413, Fsk 344-345, Hkr 568-569,
Hkr: NKS 280-281.
[152] Hkr 592, Hkr: NKS 306.
[153] Munch 1943, 6: 201.
[154] Hkr 569, Hkr: NKS 281, sjå
også Fsk 345, Msk 413.
[155] Fsk 354: "enn þat hava flestir
menn firir satt at þat hafe ennge hans rað veret sva sem vattar
Æinar Scula sun."
[156] Finnur Jónsson 1973: 448
(Ingedrápa).
[157] Os 92-101.
[158] Hkr: NKS 307-308.
[159] Hkr: NKS 283-299.
[160] Hkr: NKS 276, 307, 332.
[161] Hkr: NKS 289-292.
[162] Hkr: NKS 283.
[163] Hkr: NKS 283-320.
[164] Hkr: NKS 320.
[165] Jmf. vedlegg fig. 12.
[166] Hkr: NKS 315-354.
[167] "hof upp", Fsk 364.
[168] Fsk 364.
169 Hkr 593, Hkr: NKS 308, Fsk 356, Msk 460.
[170] Msk 461, Hkr 594, Hkr: NKS 308.
[171] Hkr 598, Hkr: NKS 312.
172 Ská 102, Svs: NKS 120.