I det førre kapitlet såg vi at slektskapsrelasjonane var viktige
for partidanninga i dei høve det var praktisk mogeleg å få
støtte frå frendar. I perioden som eg skal ta for meg på dei
neste sidene var dei stridande partane ikkje lenger medlemmer av same familie,
sjølv om dei gjerne var tremenningar eller tilsvarande. Dermed overlappa
frendegruppene kvarandre i mindre grad enn tidlegare, og frendegruppene vart
større for den enkelte. Fleire av kongane hadde dessutan fått
mange born, og dette auka moglegheita til å verve frendar som allierte.
Harald Gille fekk sju born, seks av dei tok anten del i stridane direkte eller
indirekte gjennom sine ektemenn og born. Sonen Sigurd Munn hadde fem born som
samtlege deltok i det politiske maktspelet. Førte dette til at
frendskapen vart viktigare i denne perioden, og korleis hang dette i så
fall saman med tendensen til at partia i større grad lausreiv seg
frå kongsemnet og danna fastare partigrupperingar?
Sagaene nemner at då Inge var fallen kalla Erling Skakke saman den
avlidne kongen sine vener, hirdmenn og handgangne menn. Denne forsamlinga tok
Magnus til konge og lova å vere tru mot han. Dersom vi ser nærare
på personane som vert nemnde som Magnus sine allierte, ser vi at han fekk
støtte hos fleire kongsfrendar enn sine motstandarar. Denne gruppa
utgjorde på den eine sida born av frendar til Magnus på morssida,
og på den andre sida nære frendar av kong Inge på morssida
(jmf. fig. 6 på neste side). Dette viser at Magnus ikkje berre tok over
kong Inge sine vener, hirdmenn og handgangne menn, men også morsfrendane
hans som Magnus ikkje var i slekt med. Blant desse var mellom andre Orm. Han
var, som tidlegare nemnt, halvbror til Inge og son til dronning Ingrid og Ivar
Sneis.[278]
Orm Kongsbror var ein av Magnus sine viktigaste allierte, og som lendmann i
Viken spela han ei sentral rolle som hærførar for kongen. Sonen
hans, Ivar Steig, vert også nemnt som ein av Inge sine menn. Vi finn
dessutan to andre søner av dronning Ingrid i flokken til Magnus. Dette
var Nikolas og Filippus, som Ingrid hadde saman med Arne på
Stårheim.
Magnus fekk også støtte frå farsfrendane sine, eller
slektningar av Erling Skakke. Vi høyrer mellom anna at Bjørn
Bukk, eit syskenborn av Magnus, var mellom dei som fall saman med Erling
på Kalvskinnet i 1179. Også Ivar Horte, som sagaen hevdar var ein
annan frende av Erling, fall samstundes.[279] Hallstein Botolvsson, som skal ha vore son til Botolv
frå Fjordane, vert også nemnt som ein frende av Magnus, og
tilhøyrde truleg farssida.[280]
Slektskapsbanda mellom Magnus og mennene hans kan best illustrerast som to
overlappande grupperingar: av Inge og Magnus sine personlege frendegrupper.
Dersom vi ser på slektskapsrelasjonane innetter i opprørsflokkane
etter Magnus sin død i 1184, og fram til baglane på midten av
1190-talet, ser vi at mønsteret gjentek seg. Partia inneheldt i hovudsak
to frendegrupper, frendane til kong Inge, eller rettare dronning Ingrid, og
kongsemnet sine frendar. Samstundes gjev frenskapsrelasjonane signal om andre
interessante moment ved partidanning, særskilt i det fyrste tiåret
etter kong Magnus sitt fall. Kuvlungane, som reiste seg i 1185, var sett saman
av frendar av Inge og Magnus. Ein av hovudmennene bak kuvlungreisinga var
mågen til kong Inge, Simon Kåresson. Simon var gift med Margret,
dotter til Arne på Stårheim og dronning Ingrid. Simon vert nemnt
fyrst av hovdingane som avgjorde å gje Jon kongsnamn.[281] Saman med Simon var dessutan Nikolas, son til
Bjørn Bukk, som hadde vore Margret Arnesdotter sin fyrste ektemann.
Nikolas var dessutan ein frende av kong Magnus.[282] Nikolas og Simon i kuvlunggrupperinga var dermed stefar
og son, med tilknyting både til dronning Ingrid og kong Magnus.
Kuvlungopprøret ser dessutan ut til å ha fått støtte
frå eit anna hald. Mellom kuvlungane finn vi mellom anna fleire
representantar av Arnungætta, eller erkebiskop Øystein si
ætt. Bård Såla Torbergsson, brorson til erkebiskopen, var ein
av dei.[283] Ytterlegare to personar i
kuvlungflokken hadde truleg også tilknyting til Øystein. I 1187
sendte kong Sverre to skip i førevegen etter Jon Kuvlung og flokken
hans, og desse tok to skip som vart styrt av Erlend Gudbrandsson og Pål
Vårskinn.[284] I eit slag med kong
Sverre i Bergen i 1183 hadde erkebiskop Øystein med seg frenden sin som
heitte Gudbrand Torbergsson.[285] Bror til
Øystein heitte Torberg,[286] og
Gudbrand var dermed etter alt å dømme brorson til erkebiskopen.
Erlend Gudbrandsson som var saman med kuvlungane i 1187 var truleg son til
Gudbrand. Dette høver med namnet Erlend etter Øysteins far,
Erlend Himalde. Pål Vårskinn, som var den andre av dei to som vart
tekne av Sverre sine folk, kan også ha vore ein frende av Øystein.
Pål var eit typisk Arnunga-namn, utan at det gjev prov for eit slikt
samband.[287] Kuvlungpartiet var dermed
ikkje berre ein avleggjar av Magnus sitt parti, med tydelege element av
etterkomarar av dronning Ingrid, men fekk i tillegg støtte frå
frendane til erkebiskop Øystein. Dette reiser dermed
spørsmålet om i kor stor grad erkebiskopen sjølv, og
eventuelt den katolske kyrkja, medverka til kuvlungopprøret.
Arstad har hevda at "[d]et ser ikke ut til at kirken lenger var en aktiv
deltaker i innbyrdesstriden" under kuvlungopprøret.[288] Erkebiskop Øystein tok rett nok ikkje openlyst
del i striden saman med kuvlungane. Erkebiskopen var komen attende frå
England berre nokre få år før kuvlungane reiste flokk. Han
hadde teke forlik av Sverre, og heldt fram som erkebiskop i Nidaros.[289] Det er likevel lite som tyder på at
Sverre og Øystein var i stand til å få slutt på
konflikten som hadde prega mellomværet deira i så mange år.
Sagaen nemner ikkje erkebiskopen fleire gonger før i 1188. Då
låg Øystein på dødsleiet, og han sende i dette
høvet bod etter Sverre. "Dei forliktes da heilt," fortel Sverres saga,
"og tilgav einannan alt som hadde vore imellom dei." Denne formuleringa skulle
tyde på at ikkje alt vart oppgjort mellom dei i 1183, og ut frå
dette er det ikkje usannsynleg at erkebiskopen kan ha medverka til
kuvlungreisinga, om enn ikkje offisielt. Dersom erkebiskopen var ei av
drivkreftene i kuvlungreisinga kunne dette i så fall kaste lys over det
faktum at kuvlungflokken vart oppløyst i 1188, same året som
erkebiskopen døydde.[290]
Ei slik forklaring på kuvlungstriden er heller ikkje usannsynleg med
omsyn til den vidare utviklinga av innbyrdesstriden. Vårbelgane som samla
seg i 1190 fekk truleg også støtte frå geistleg hald.
Leiaren for flokken, Simon Kåresson, var som nemnt gift med ei av
døtrene til dronning Ingrid, og svogeren hans var Nikolas Arnesson,
biskop i Oslo. Nikolas stilte seg seinare som nemnt i spissen for baglane.
Sagaene gjev ikkje direkte uttrykk for at det var eit samband mellom
vårbelgopprøret og Nikolas sitt virke, men det kan tenkjast at
dette har vore tilfellet. Eit argument som talar for dette, er sambandet mellom
Nikolas og Eirik, bror til Sverre. Vi veit nemleg at biskop Nikolas og Eirik
Kongsbror korresponderte med kvarandre i åra kring
vårbelgopprøret.[291]
Sverres saga fortel at Eirik Kongsbror tidlegare hadde freista å betre
sin posisjon i høve til Sverre, men kongen ville korkje gje han
høgare rang eller landområde. Eirik reiste då til Gotland og
oppsøkte Knut Eriksson, konge av Sverige og Sverre sin allierte. Knut
tok godt imot Eirik og gav han eit langskip til avskil. Då Eirik kom
attende til kong Sverre, var kongen villig til å gje han både
tittelen jarl og store jordeigedommar.[292]
Alt tyder på at Sverre kjente seg truga av venskapen mellom Eirik og kong
Knut. Sverre gav etter for krava til bror sin, av di han frykta at Eirik kunne
skape vanskar for han. Truleg var trugsmålet frå Eirik nokså
reelt, og kanskje så verknadsfullt at det kosta han livet. For "same
året som Vårbelgane fall" døydde Eirik Kongsbror, samt kona
og son hans, under mystiske omstende. "Det vart mykje drøs om denne
hendinga, og det var mange som sa at det var vonde folk som med svik hadde teke
livet av dei med eiter."[293]
Sagaframstillinga av hendingane kring Eirik Kongsbror peikar mot at Erik deltok
i, eller la planar for eit komplott mot Sverre. Kuvlungopprøret kan ha
vore eit resultat av dette, og Nikolas, var det naturlege bindeleddet. Det er
dermed grunnlag for å tenkje seg vårbelgreisinga som fylgje av eit
samarbeid mellom Eirik Kongsbror og Nikolas Arnesson, via svogeren Simon
Kåresson.
I denne tida er det i alle fall ingen tvil om at konflikten mellom Sverre og
den katolske kyrkja vart svært alvorleg. Frå 1190-åra var det
open strid mellom Sverre og erkebiskop Eirik, som til slutt fekk paven sitt
løyve til å lyse Sverre i bann.[294] I desse åra ser vi to nye opprør mot kong
Sverre. Fyrst ein flokk i 1190 som vart kalla Breiskjeggar, etter leiaren
Torleiv Breiskjegg, som hevda å vere son til Øystein Haraldsson.
Denne grupperinga fekk kort levetid, for alt sommaren etter vart dei angripne
av bønder, og Torleiv og dei fleste av mennene hans vart drepne. Om
hausten året etter var endå ein flokk i emning. Denne gongen var
det øyskjeggane med Hallkjell Jonsson i spissen som reiste seg.[295]
Hallkjell var fosterfar for Sigurd, som vart påstått å
vere son til Magnus Erlingsson. Sigurd vart no gjeve i hendene på Olav
kongsmåg, som var mågen til Harald, jarl på Orknøyane,
og saman med Sigurd, son til Erling og fosterson til kong Sverre, tok dei
kongssonen med til Orknøyane. Der fekk dei støtte av Harald jarl,
og dei returnerte til Noreg med mykje folk. I 1194 vart dei slegne av Sverre
sin hær, og Hallkjell og mange av øyskjeggane fall der for
Sverre.[296]
Same året kalla Sverre til seg biskop Nikolas. Kongen fortalde at han
visste at "alle dei svikrådene som Hallkjellskarane hadde fare med mot
kongen, dei hadde frå førsten komme ifrå tungerota til
bispen".[297] Nikolas nekta for skuldingane,
men Sverre sa han visste det var sanninga. Han truga biskopen med harde
represaliar, og i fylgje Sverres saga skal Nikolas ha godteke å krone
Sverre til konge same året. I 1195 drog Nikolas til Danmark og forlikte
seg med den norske og danske erkebiskopen, og våren etter gjekk Nikolas i
spissen for baglane.[298] No var det heilt
tydeleg at den katolske kyrkja hadde teke stilling til striden mellom
kongsemna.
Etter mitt syn er det mykje som tyder på at allereie frå Magnus
Erlingsson sin død hadde konflikten mellom Sverre og den katolske kyrkja
innverknad på partidanninga. Slektskapsbanda mellom aktørane i
kuvlungflokken og vårbelgane og den politiske utviklinga i 1190-åra
tyder på eit samband mellom desse opprøra og baglarpartiet
på slutten av 1190-talet. Det har dessutan vore peika på at namna
på desse opprørsflokkane i seg sjølv indikerer ein geistleg
påverknad. Heklungar (av hekla = kappe), kuvlungar (av kuvl
= munkekutte) og baglar peikar alle mot ei geistleg orientering.[299] Samstundes er det interessant at biskop
Nikolas står for ei sameining av dei to kreftene som hadde verka
parallelt i striden mot Sverre og birkebeinane. Nikolas var son til dronning
Ingrid, og samstundes var han biskop i Oslo og ein av dei fremste
representantane for gregoriansk kyrkjepolitikk. I sum viser granskinga av
slektskapsrelasjonane innetter i partia kring Magnus og opprørsflokkane
som førte motstanden mot Sverre vidare, ein tydeleg kontinuitet i
partistrukturen.
Finn vi ein tilsvarande kontinuitet hos motstandarane til kong Magnus? For
tidsrommet 1160 til 1170 er kjeldematerialet ufullstendig og til tider
sjølvmotseiande. Dette gjeld særskilt med omsyn til flokkane som
gjorde opprør mot kong Magnus. Det mest iaugefallande med grupperingane
fram mot slutten av 1170-talet er at kongsemna var søner av anten Sigurd
eller Øystein Haraldssøner. Håkon Herdebreid og Sigurd
Markusfostre var søner av Sigurd, medan Øystein Møyla var
son til Øystein. Dette er i seg sjølv ikkje så
oppsiktsvekkjande. Dersom kongsemna skulle vere kongssøner, var
søner av Sigurd og Øystein dei einaste alternativa ved sida av
etterkomarane til Inge. Dette tyder på at partikonstellasjonane
etterkvart vart så faste at det ikkje var nok å vere kongsson. Det
var like viktig å vere etterkomar av "den rette kongen". Til tider var
dette kravet så sterkt at andre enn kongssøner vart gjeve
kongsnamn. Magnus Erlingsson var son av ei kongsdotter, og både Olav
Ugjæva og Filippus Arnesson var kongsfrendar gjennom kvinneledd.
Då Sverre Sigurdsson kom til Noreg etter midten av 1170-talet, var
altså det poli-tiske landskapet inndelt i to hovudleirar, der kong
Magnus, i fylgje Sverres saga, hadde "god stønad både hos dei
fremste mennene i landet og hos heile allmugen".[300] I denne situasjonen var det naturleg for fiendane til
Magnus å alliere seg med Sverre. Sverre fortalde at han var son til
Sigurd Haraldsson og Gunnhild som hadde vore gift med Unas kammakar i Bergen.
Sverre voks opp på Færøyane hos biskop Roe, bror til Unas,
der han gjekk i prestelære. Fyrst i vaksen alder skal Sverre ha
fått vite at han var kongsson, og han sette seg då som mål
å bli konge over Noreg.[301]
Etter fleire mislukka freistnader på å skaffe seg
alliansepartnerar vurderte Sverre, slik han sjølv seinare fortalde det,
å leggje planane sine på is i påvente av eit omskifte i det
politiske klimaet. Han tenkte å reise utanlands, men så hende det
noko som endra situasjonen. I denne tida døydde Øystein
Møyla, og birkebeinane var på jakt etter ein ny
hærførar. Sverre tok på seg å leie denne flokken, og
dermed starta ein møysamleg kamp for å bli einekonge i Noreg.[302]
I flokken til Sverre finn vi i byrjinga ingen frendar. Fyrst i 1181 fortel
Sverres saga at det kom ein mann som heitte Eirik til Sverre og kalla seg son
til Sigurd Haraldsson. Sverre gjekk med på å la Eirik føre
prov for farsætta si, men ville ikkje gje han kongsnamn. Sverre godkjende
frendskapen til Eirik og gjorde han til hovding i hirda.[303] Dette var fire år etter at han vart kongehylla.
Sverres saga opplyser at under striden med kuvlungane i 1187 var Hide, bror til
Sverre på morssida, ein av hovdingane til Sverre.[304] Hide var med Sverre i ti år, til han fall i eit
slag mot baglane i Tønsberg i 1197.[305] I løpet av desse ti åra hadde Sverre
fått følgje av fleire av frendane sine. Peter Støype vert
nemnt som ein av Sverre sine hovdingar i eit slag mot øyskjeggane i Borg
i 1193.[306] Peter var systerson til Sverre
på morssida. Han var ein viktig hærførar under Sverre, og
skulle også syne seg å verte ein av dei mest sentrale under
birkebeinane etter Sverre sin død.
I slaget mot øyskjeggane i 1193, nemner sagaen også to
farsfrendar av Sverre. Ein av sveitehovdingane var Håkon Galen, son til
Cecilia Sigurdsdotter og Folkvid lagmann, og systerson til Sverre. Ein annan av
hovdingane i dette slaget var Filippus, son til Brigida Haraldsdotter og den
svenske jarlen Birger Brosa.[307] Filippus
og Sverre var syskenborn. Mellom Sverre sine menn i dette slaget finn vi
også son hans, Sigurd Lavard. Fire år seinare, i eit slag mot
baglane i Oslo, finn vi den andre av Sverre sine to søner, Håkon,
som ein av dei sentrale hærførarane i slaget. Sagaene nemner
dessutan ytterlegare to farsfrendar mellom hovdingane i dette slaget, Gregorius
Jonsson og Øystein Ragnvaldsson.[308]
Gregorius var son til Jon Hallkjellsson og Margrete, farsyster til Sverre. Dei
hadde også sonen Ragnvald som var far til Øystein. [309]
Vi ser dermed at Sverre etter kvart fekk følgje av ei relativt stor
gruppe frendar, både på morssida og farssida. Det er likevel viktig
å merkje seg at frendane ikkje utmerkjer seg før i 1190-åra,
og særskilt i slaga i 1193 og 1197. Dette var nærare 20 år
etter at Sverre fekk kongsnamn, og det er naturleg å spørje kva
som kan ha vore grunnen til dette. Truleg hadde det praktiske årsaker.
Dei fyrste som vi finn av frendane til Sverre var brørne hans på
morssida. På farssida hadde han i denne tida berre systra Cecilia.
Systersønene til Sverre nådde truleg ikkje vaksen alder før
i 1190-åra, og sønene hans var også gamle nok til å ta
del i striden på denne tida.
[310]
Frendane til Sverre tok altså ikkje del i danninga av partiet, men
slutta seg til kongen etter kvart.
Etter Sverres død i 1202, under styret til sønene hans, finn vi
framleis den same frendegruppa som under Sverre, men i tillegg finn vi fleire
medlemmer av Reinsætta. Cecilia, syster til Sverre, gifte seg med
Bård Guttormsson frå Rein ein gong i 1180-åra,[311]
31[0]
og Inge, son deira, vart birkebeinarkonge i 1204. Frå denne tida
utgjer frendane to klare grupper. På den eine sida har vi fars - og
morsfrendane til Inge Bårdsson, og på den andre fars og morsfrendar
av sønene til Sverre. Sjølv om Inge og Sverressønene var
syskenborn hadde dei nokså ulike frendegrupper ettersom Sverre og Cecilia
berre var halvssysken. Som vi har sett tidlegare var det altså ikkje
berre frendar av kongsemnet som utgjorde viktige element i partia, men
også frendar av avlidne kongar, sjølv om desse ikkje var i slekt
med kongsemnet. Slike personar kunne ha minst like sentrale posisjonar som
frendane til kongsemnet. Dette ser vi tydeleg av hendingane kring Einar
kongsmåg sin død. Einar kongsmåg, svigerson til Sverre, vart
drepen av baglane i Stavanger i 1205. Inge utnemnde då Peter
Støype til den sysla som Einar hadde hatt. Peter sette Åne, ein
annan morsfrende til Sverre, til å styre den for han.[312]
Slektskapsrelasjonane mellom dei ulike aktørane i kongesagaene er
altså nyttige reiskapar til å kaste lys over partidanninga i denne
siste fasen av innbyrdesstriden. Frendskapssambanda viser ein klår
kontinuitet innetter i dei to partikonstellasjonane, ofte med overlappande
frendegrupper frå eit tidlegare kongsemne. I tilknyting til dette er det
viktig å peike på også dei stridande partane utgjorde
overlappande frendegrupper. Kongsemna var i slekt med einannan, og dette
fører igjen til at vi finn ei gruppe frendar som var i slekt med begge
sidene i striden. Handsaminga av slike kongsfrendar i sagalitteraturen er
påfallande.
I kongesagaene finn vi ei rekkje personar som var i slekt med både
Sverre og Magnus (jmf. fig. 7 på neste side ), og til dei fleste av desse
knyter det seg ei eller anna historie. Nikolas Skjaldvorsson var son til
Skjaldvor og Sigurd Ranesson. Skjaldvor var halvsyster til Magnus
Berrføtt, og Nikolas var dermed syskenborn til Harald Gille og Kristin
kongsdotter. Fyrste gongen kjeldene gjev opplysningar om Nikolas, er under eit
slag mellom Håkon Herdebreid og Inge ved Hisingen i 1159. I dette slaget
vert Nikolas nemnt mellom dei som førte skipa til Håkon. Slaget
enda med at Håkon flydde medan Nikolas fekk grid av Inge, "og var med ham
siden så lenge han levde".[313] Etter
dette møter vi Nikolas som hærførar for Inge og seinare
Magnus Erlingsson. Han hadde landvernet i Bergen i 1163,[314] og tretten år seinare verja han garden sin i
Nidaros mot birkebeinane. I dette slaget, som enda med døden for
Nikolas, vart han boden grid av birkebeinane, men han avslo.[315]
Ein av frendane til Magnus som ikkje var så lojal som Nikolas, var Olav,
son til Gudbrand Skavhoggsson og Maria, dotter til kong Øystein
Magnusson. Gudbrand var ein av Inge sine allierte, og han fall i strid mot
Håkon Herdebreid i 1161.[316] Seks
år seinare reiste son hans, Olav, flokk mot Magnus og Erling, som
på denne tida skal ha vore i Danmark. Olav var til oppfostring på
Opplanda hos Sigurd Agnhatt. Olav og Sigurd og mange andre opplendingar
overfall Erling under eit gjestebod i Viken. Både Erling og Orm Kongsbror
vart såra, men slapp unna med livet i behald. Olav for deretter rundt i
Viken og tok inn skattane som kongen skulle hatt, og då Erling fekk greie
på det, siglde han til Viken med hærstyrken sin. Dei møttest
i eit slag på Stanger i Våler, og Olav vart driven på flukt
til Danmark. Der døydde han seinare av sott.[317]
Samstundes som Olav gjorde oppreist mot Magnus og Erling, var bror hans,
Harald, ein av mennene til Magnus. I 1177 vart Harald fanga av Sverre i Hamar,
men av di "han var skyld med kongen, og mange folk bad om grid for han", spara
dei livet hans.[318] Harald var tremenning
til både Sverre og Magnus. Vi høyrer ikkje noko om Harald seinare,
men det er grunn til å tru at det no var slutt på det gode
tilhøvet mellom han og Magnus.
Kongesagaene nemner også fleire episodar der felles frendar av dei
stridande partane står i fokus. Brørne Simon Skalp og Jon
Hallkjellsson var gifte med kvar si dotter til Harald Gille. Simon og Hallkjell
var søner til Hallkjell Huk, og både Hallkjell og sønene
hans hadde vore kong Øystein Haraldsson sine menn før dei kom inn
under Inge. I 1162 siglde Erling nordover for å finne Håkon
Herdebreid. Då han kom forbi Jon Hallkjellsson sin gard på
Sunnmøre, sendte han ei skute inn til land for å få tak i
Nikolas, brorsonen til Jon, som var til fostring der i garden. Far hans, Simon,
hadde falle i strid mot Håkon året før.[319] Mennene til Erling fekk tak i guten, og han kom ombord
på kongeskipet, men under den påfølgjande striden mellom
Erling og Håkon vart Nikolas drepen.
Heile hendinga er i grunnen litt merkverdig. Nikolas hadde vore ein av
kandidatane til kongetittelen etter Inge sin død, og det er vanskeleg
å sjå kva motiv Erling skulle ha for å bortføre guten.
Nokre få haldepunkt gjev sagaen likevel. Mellom anna nemner Heimskringla
at Håkon var på Møre då han fekk tidend om at Erling
var ventande nordover. Det er mogeleg at Erling ville sikre seg mot at
Håkon fekk fotfeste på mørekysten gjennom ei allianse med
Jon. Dersom vi i tillegg tek omsyn til at båe Hallsteinsbrørne og
far deira skifte side i striden fleire gonger, augnar vi ei mogeleg forklaring.
Kidnappinga av Nikolas var truleg eit middel for å hindre at
Blindheimsmennene gav stønad til fienden.
Sett under eitt gjev sagalitteraturen inntrykk av at kongsfrendar som var i
slekt med to stridande partar ikkje alltid var like enkle å forhalde seg
til. Slektskapen opna for alliansar båe vegar, alt etter kva som gav best
uttelling. Dei mannlege kongsfrendane utgjorde dermed eit potensielt
trugsmål mot båe sider. Erling Skakke si handtering av Harald
Sigurdsson er eit døme på dette. Harald var son til Kristin
kongsdotter og Sigurd Munn, og dermed sammødre bror av kong Magnus.[320] Heimskringla nemner at mennene til Magnus
tok Harald til fange og førte han til Erling i Bergen. Snorre fortel at
Erling ville drepe guten, og stormennene bad Magnus om å tale Erling
ifrå denne avgjerda. Han gjekk til faren, som svara: "Slik rår dine
venner deg til; men du får ikke rå lenge for riket i fred, om du
vil fare fram bare med mildhet."[321] I
fylgje tradisjonen skal Harald deretter ha vorte ført til Nordnes og
halshoggen.[322] Fagrskinna har ein versjon
av denne hendinga som betre enn Heimskringla kastar lys over motivet til
Erling. Her heiter det at Harald var eit vent barn, og kongen tok godt imot
han. Både han og mennene hans vart glade i guten, og bad om nåde
for han. Dette ville ikkje Erling la Magnus råde for, og han sa at Magnus
kunne telje dagane sine som konge dersom han lot dette halde fram, for snart
ville alle ha Harald til konge i staden for Magnus.[323] Nettopp dette utsegnet illustrerer kongsemna sine
haldningar til andre kongsfrendar. Dei var potensielle rivalar, og utgjorde
dermed eit trugsmål.[324]
Forfattaren av Fagrskinna har peika på at Erling si framferd mot Harald
"vart mykje lasta",[325] og Sverre trekte
denne episoden fram ved fleire høve. Han hevda om Erling og Magnus at
"dei drap ned alle som var av kongsætt, ingen måtte seie at han var
av slik ætt, for da vart han drepen. ... Dette kan vi seint
gløyme".[326] Erling hadde ord
på seg for å vere grusom mot fiendane sine, og denne hendinga gav
utvilsom næring til fiendskapen mot han. Sett frå Erling si side,
kan det vere liten tvil om at han såg på Harald som eit stort
trugsmål. Som etterkomar av både Sigurd Jorsalfare og Harald Gille
var Harald sitt krav på kongsnamn sterkare enn Magnus'.[327] Denne haldninga til frendskapen galdt likevel berre i
høve der det var fare for at mannlege kongsfrendar kunne alliere seg med
fienden, eller eventuelt sjølv samle flokk og gjere opprør mot
kongemakta.
Også i denne perioden ser vi at frendskap generelt var ein viktig
innfallsport til politisk verksemd og økonomisk og sosial framgang.
Då Nikolas vart valt til biskop i Stavanger i 1189,[328] skjedde det under innverknad av frendskapen til
dronning Ingrid. I fylgje Sverres saga nekta nemleg kong Sverre fyrst å
godta bispevalet i Stavanger. Han frykta at Nikolas ville vere uvenleg stemt
mot han slik som før, då han hadde vore med kong Magnus. Nikolas
tok då kontakt med dronning Margret som var tremenningen hans.[329] Dronninga gjekk til kong Sverre og tala
saka til frenden sin. Ho lova at Nikolas ikkje ville fare med utruskap dersom
han la frå seg våpna og vart prest, og minna dessutan om at Nikolas
hadde mist mange av frendane sine for birkebeinane i innbyrdesstriden. Å
gjere han til biskop ville dermed vege opp for tapet slik at han ville bli
Sverre sin allierte i staden for fiende. Kongen var skeptisk til dronninga sine
argument, men lot henne til slutt få viljen sin.[330] Nikolas fekk dermed bispevigsle i fylgje sagaen, av di
han var frende av dronninga.
Også ved eit seinare høve kjem det tydeleg fram at
slektskapsrelasjonane var nyttige politiske reiskapar, særleg dersom ein,
som i dette høvet, var i slekt med mektige personar som til dømes
danskekongen. I åra 1203/1204 reiste Erling Steinvegg, ein son til Magnus
Erlingsson, flokk. Erling hadde vore i Danmark, og danskekongen Valdemar, som
var ein frende av Erling, hadde lova å støtte han "for skuld
frendskapen mellom dei".[331] Biskop Nikolas
fekk høyre om dette, og reiste til Valdemar for å forhøyre
seg om danskekongen sine intensjonar. Han la fram for Valdemar sin eigen
skepsis til Erling og bakgrunnen hans, og lot skine igjennom at Erling slett
ikkje var den han gav seg ut for. Han presenterte eit alternativ for kongen,
nemleg å støtte Nikolas sin systerson, Filippus. Filippus var son
til Margret Arnesdotter og Simon Kåresson, og han var dessutan ein frende
av kong Valdemar.[332] Danskekongen lot seg
til slutt overtale, og gjekk med på å la Filippus krone dersom
baglane sjølve samtykte i det.
Då baglane vart stemnde saman for å velje konge, viste det seg
snart at Filippus ikkje hadde støtte blant hærfolket. Dei kravde
å få ein hovding av kongsætt, slik som Erling, og ikkje ein
som ikkje var meir høgætta enn dei sjølve. Nikolas
måtte dermed endre taktikk, og vende seg til Erling med trugsmål.
Han hevda at Erling hadde liten støtte blant bøndene, og at utan
Nikolas sin hjelp hadde Erling lite håp om å lukkast. Han
påstod dessutan at danskekongen var på Nikolas si side, og ville
late Erling drepe dersom det skulle vise seg at han ikkje var den han gav seg
ut for. Men dersom Erling ville gje Filippus jarlsnamn, skulle biskopen
stø Erling med all si makt, saman med frendane og venene sine. Erling
kapitulerte og samtykte i det Nikolas bad om, og Filippus fekk jarlsnamn
på Haugating.[333]
Då Erling Steinvegg døydde i 1207, var igjen biskop Nikolas ute
etter å få gjeve frenden sin, Filippus, kongsnamn. Erling hadde to
søner, Magnus og Sigurd, som naturleg nok også var kandidatar.
Nikolas og Filippus brevveksla i denne tida, og hadde løynlege
møter med dei mektigaste av bøndene. Då det vart stemnt inn
til Borgarting, hadde dei to tydelegvis ein strategi for kongevalet. Før
det eigenlege kongevalet på Borgarting heldt bøndene møte i
Mariakyrkja. Der vart det avgjort at dei ville ha Filippus som konge, av di han
var ein mann som både kunne styre hæren og tok omsyn til
bøndene. Biskop Nikolas var utan tvil ein viktig pådrivar til
denne avgjerda. Under det følgjande kongevalet måtte hæren
vike for kravet til bøndene, og Filippus vart gjeven kongsnamn.[334]
Frendskap til kongsemna og andre sentrale personar innan dei ulike partia var
framleis ein viktig reiskap for å avansere både økonomisk og
sosialt. Men som vi såg i førre fase gav ikkje dette garantiar for
at slektskapen heldt partia saman. Personar bytte gjerne parti, og slike val
kunne føre til at frendar stod på kvar si side i striden.
Blindheims-mennene gjev som nemnt fleire eksempel på dette.[335]
I 1181 møttest Sverre og Magnus på Brattøyra i Nidaros
for å tale saman, og om mogeleg verte forlikte. Medan dei to kongane
samrådde, sat mennene deira på vollen og drakk øl saman.
Sjølv om dei tilhøyrde to stridande partar, hadde dei ikkje
vanskar med å omgåast kvarandre. Sverres saga forklarar dette med
at "enda dei var to flokkar, så var dei mange skyldfolk og mågar
eller hadde vore vener i gamle dagar".[336]
Denne episoden skildrar ein politiske strid der dei personlege banda gjekk
på tvers av partisamansetjinga. Frendar slåss mot frendar og vener
mot vener. Det same ser vi i slaget på Strindfjorden i 1199. Der heldt
kong Sverre ein tale til mennene sine der han forbaud dei å gje grid til
frendar, og vener mellom baglane etter sigeren.[337] Fienden skulle tynast av di baglane hadde svelta
birkebeinane i Bergen året før.[338] Ordren vart berre delvis følgt, men også
her er det tydeleg at omsynet til frendar kom i andre rekkje.
Vi har sett at frendskapsband fyrst og fremst utgjorde eit potensiale for den
enkelte. Slektskapen gav høve til alliansedanning og hadde både
økonomisk og sosial nytteverdi. Samstundes var kongsfrendane potensielle
rivalar i høve kongsemna til og tilhengarane deira. Det er tydeleg at
slektskapsbanda ikkje var det sterkaste samanbindande elementet i
partistrukturen. Dei politiske grupperingane vart vel så mykje haldne
saman av andre band.
Jmf. kap 3 s.[.
279] Svs: NKS 70.
[280] Ská 123, Svs: NKS 142.
[281] Ská 133, Svs: NKS 151.
[282] Bjørn Bukk var syskenbarn til
Magnus på farssida. jmf. vedlegg fig. 14.
[283] Munch 1943, 6: 184, Arstad 1994:
40.
[284] Ská 140, Svs: NKS 159.
[285] Ská 101, Svs: NKS 119.
[286] Fsk: 391.
[287] Mellom erkebiskop Øystein sine
frendar finn vi mellom anna Pål Skoftesson og sonesonen Pål Flida,
jmf. vedlegg fig. 9.
[288] Arstad 1994: 45.
[289] Ská 102, Svs: NKS 120.
[290] Svs: NKS 160-165.
[291] RN: nr. 209, 210.
[292] Ská 148-150, Svs: NKS
167-168.
[293] Ská 151, Svs: NKS 169.
[294] Ská 160-162, Svs: NKS
180-181.
[295] Jmf denne framstillinga s.[.
296] Ská 154 ff., Svs: NKS 173-179.
[297] Ská 163, Svs: NKS 181 ff.
[298] Arstad 1994: 92.
[299] Gathorne-Hardy 1956: 223, Arstad 1994:
67.
[300] Ská 4, Svs: NKS 25.
[301] Ská 4 ff., Svs: NKS 25 ff.
[302] Svs: NKS 29-32.
[303] Ská 76, Svs: NKS 97.
[304] Ská 140, Svs: NKS 159.
[305] Ská 181, Svs: NKS 201.
[306] Ská 155, Svs: NKS 175. Det har
vorte hevda at Peter Støype er den same som Svina-Peter som var ein av
Sverre sine hærførarar så tidleg som i 1184, i slaget ved
Fimreite i Norefjorden (Svs: NKS 124). Dette av di far til Peter Støpe
heitte Svina-Stefan (Svs: NKS 23).
[307] Ská 155, Svs: NKS 175.
[308] Svs: NKS 193.
[309] Ragnvald var ein av
hærførarane til Magnus Erlingsson (Svs: NKS 117), og fall med
Magnus i slaget ved Fimreite i 1184 (Svs: NKS 140).
[310] Det var truleg Erling som stod bak
ekteskapet mellom Cecilia og Fokvid lagmann. Cecilia vart skilt frå
Folkvid, og gifte seg med Bård Guttormsson, med erkebiskop Øystein
sitt samtykke (jmf. s.[). Erling døydde i
1179, så ekteskapet må ha vorte inngått før den tid.
Cecilia var dessutan gift med Folkvid då Sverre kom til Noreg i 1177. Av
dette kan vi slutte at eketeskapet mellom Cecilia og Folkvid fann stad
før 1177, og vart oppløyst før erkebiskop Øystein
døydde i 1188. Truleg var Håkon fødd ein gong på
1170-talet, og var dermed omkring 20 år då han slutta seg til
Sverre.
311] Jmf. note [.
312] Bgs: NKS 296.
[313] Hkr 604, Hkr: NKS 318.
[314] Fsk 363-364, Hkr 626, Hkr: NKS
340-341.
[315] Fsk 376-378, 638-640, Hkr: NKS
352-353.
[316] Hkr 610, Hkr: NKS 324.
[317] Hkr 636, Hkr: NKS 350.
[318] Ská 27, Svs: NKS 49.
[319] Hkr: NKS 324
[320] Jmf. vedlegg fig. 1.
[321] Hkr 636, Hkr: NKS 351.
[322] Gathorne-Hardy 1956: 71 hevdar at
Harald vart hengt opp i ein galge etterpå. Han baserer argumentasjonen
på Sverre sine ord: "Harald, bor min, let Erling hengje sør
på Kvarven som ein kråkeunge" (Svs: NKS 99).
[323] Fsk 375.
[324] Jmf. Gathorne-Hardy 1956: 69.
[325] Fsk 375.
[326] Ská 130, Svs: NKS 148-150.
[327] Det herskar tvil om Haralds
legitimitet. Sagaene opplyser ikkje om Kristina var gift med Sigurd, eller kor
tid Harald vart fødd. Sjå også Gathorne-Hardy 1956: 67 ff.
[328] Nikolas vart valt til biskop i
Stavanger samstundes som biskopen i Oslo døydde. Nikolas fekk då
løyve frå erkebiskop Eirik til å ta embetet i Oslo i staden
(Svs: NKS 166). Det er dessutan omstridt om Nikolas Arnesson verkeleg vart valt
til biskop i Stavanger, på grunnlag av eit brev frå erkebiskop
Eirik til Paven i 1190. I brevet hevdar Eirik at kongen nekta å samtykkje
i biskopvalet avdi han ikkje hadde gjeve den fyrste stemma etter gamal skikk og
bruk.
[329] Dronning Ingrid og mor til Margret var
syskenborn. jmf. vedlegg fig. 3.
[330] Ská 146-147, Svs: NKS 166.
[331] Bgs: NKS 286-287. Konge i Danmark
på denne tida var Valdemar Sejr (1202-1241).
[332] Filippus var tremenning til Valdemar I
på morssida. jmf. vedlegg fig. 3.
[333] Svs: NKS, 287-288.
[334] Bgs: NKS 315-316.
[335] Jmf. Kap. 3, s.[.
336] Ská 77, Svs: NKS 98.
[337] Ská 217-218, Svs: NKS 232.
[338] Svs: NKS 231.