previous next Up Title Contents

Fiktive slekskapsband


Dei fiktive slektskapsbanda var i større grad eit resultat av individuelle val. Dette kan peike mot at fostring og mågskapsband i større grad var eigna som partidannande reiskapar enn frendskapsbanda. Vert dette reflektert med omsyn til grupperinga av dei stridande grupperingane i innbyrdesstriden? Fosterfedrar og fosterbrør utgjorde eit viktig element i den indre krinsen av allierte rundt kongsemna i denne perioden. Magnus Blinde sin fosterfar var Vidkunn Erlingsson frå Bjarkøy, ein av lendmennene til Sigurd Jorsalfar. Vi høyrer ikkje om at Vidkunn deltok direkte i striden mellom Magnus og Harald, men sagaene gjev fleire indikasjonar på at Vidkunn utgjorde ei god støtte for fosterson sin. Vinteren 1138/39 søkte Magnus tilflukt hos Vidkunn etter at han og Sigurd Slembe hadde drepe ein av Inge sine menn.[173]
Vi veit ingenting om Harald Gille og fostringstilhøva i Irland der han voks opp, men oppveksten til sønene hans peikar mot at Harald var kjent med fostringstradisjonane. Fostringa av Haraldssønene er nemleg eit godt døme på kva partidannande effekt slik band kunne ha. Dei tre sønene til Harald som voks opp innanlands vart alle fostra på ulike stadar i landet. Inge voks opp i Viken hos Åmunde Gyrdsson, Sigurd i Trøndelag hos Såda-Gyrd Bårdsson,174 medan Magnus, som døydde medan han enno var liten, vart fostra på Vestlandet hos Kyrpinge-Orm på Støle i Sunnhordland.[175] Dei tre sønene til kong Harald Gille vart altså fostra på dei tre politisk mest sentrale stadane i landet; Trøndelag, Viken og Vestlandet. Den geografiske plasseringa av kongssønene har truleg vore ein viktig lekk i Harald sitt arbeid for å tryggje kongedømmet.
Allereie i konflikten mellom Harald og Magnus Blinde ser vi nemleg at kjeldematerialet fokuserer på kongsemna si tilslutning i ulike regionar. Magnus og Sigurd Slembe henta støtte frå Trøndelag, medan Harald stolte på stønad i frå Viken.[176] For Harald var det viktig å sikre seg støtte i dei områda der han stod svakast, som til dømes Trøndelag, men ikkje slik at det gjekk ut over tilhøvet til Viken. Med tre søner kunne han ta omsyn til begge desse interessene. Harald plasserte såleis medvite sønene sine hos mektige stormenn i dei tre mest sentrale landsdelene, for dermed å utvide sitt maktområde og skaffe seg fotfeste i Trøndelag, der fienden stod sterkast.
Etter at Harald døydde i 1136, ser vi at fosterfedrene til sønene fekk ein svært sentral plass i dei politiske hendingane. Tradisjonelt har historieskrivinga framheva dronning Ingrid, mor til kong Inge, sin innverknad på dei politiske avgjerdene like etter ektemannen sin død. I fylgje Heimskringla sendte nemleg Ingrid eit raskt skip til Trondheim med bod om å ta Sigurd til konge der, medan ho sjølv reiste til Viken til sonen Inge. Så vart begge Haraldssønene tekne til kongar:
Da de kom til Viken, ble det stevnet Borgarting, og der ble Inge tatt til konge, da var han på det andre året. Åmunde og Tjostolv Ålesson og mange andre store høvdinger ble med på dette vedtaket.
Da disse tidender kom nord til Trondheimen at kong Harald var tatt av dage, ble Sigurd, sønn til kong Harald, tatt til konge der, og med på dette vedtaket var Ottar Birting, Peter Sauda-Ulvsson og brødrene Guttorm Åsolvsson fra Rein og Ottar Balle og mange andre høvdinger.[177]
Vi ser at fostringsrelasjonane var viktige for danninga av grupperingar eller flokkar kring kongsemna. Under Haraldssønene ser dessutan fostringbanda ut til å ha verka inn på ei fastare gruppering av dei stridande kreftene.
Morkinskinna nemner ikkje at Ingrid sende bod til Trøndelag, berre at ho sjølv reiste austover.[178] Fagrskinna nemner ikkje dronning Ingrid i det heile, men legg vekt på at fosterfedrane til dei to kongssønene var med på å gje dei kongsnamn.[179] Fagrskinna og Morkinskinna gjev, i større grad enn Heimskringla, uttrykk for at valet av Sigurd og Inge skjedde ut frå initiativ frå regionale krefter i respektive Trøndelag og Viken. Ei slik tolking står likevel ikkje naudsynt i motsetnad til Heimskringla si fokusering på dronning Ingrid. Kroninga av Sigurd i Trøndelag og Inge i Viken kan vi tolke som eit kompromiss mellom to krefter. Vi kan tenkje oss at fostringsbanda verka forsterkande på allereie eksisterande regionale interesser, slik at kongsemna vart samlingsmerke for gryande lokalpatriotisme.[180] Dronning Ingrid og hennar rådgjevarar handla dermed ut i frå eit ynskje om å sameine dei lokale interessene, for å hindre at Trøndelag utnemnde sin eigen tronkandidat i protest mot at Inge vart teken til konge.
Kompromisset evna likevel ikkje å viske ut motsetnadstilhøvet mellom dei to fraksjonane fullstendig. I dei fyrste åra av Haraldssønene si regjeringstid heldt Sigurd og Inge felles hird, men det er tydeleg at dei gjerne opptrådte på kvar sin kant, og gjerne saman med fosterfedrane sine. Inge var saman med Åmunde Gyrdsson, fosterfar sin, og Tjostolv Ålesson, ein lendmann frå Viken, i eit slag mot Karl jarl og Magnus Blinde i 1137.[181] Morkinskinna og Fagrskinna fortel dessutan at Inge låg ved Hornborusunda same år og venta på danskekongen Erik Emune som kom sørfrå saman med kong Magnus og Sigurd Slembe. Saman med Inge var "fosterfar hans, Åmunde son til Gyrd, son til Logberseson".[182] To år seinare var Åmunde med i slaget ved Holmengrå, der Magnus Blinde fall og Sigurd Slembe vart teken til fange og drepen.[183]
Det er uvisst om Såda-Gyrd Bårdsson tok like aktivt del i innbyrdesstriden som fosterfar til Inge. Heimskringla nemner at Sigurd og Gyrd sendte ut folk for å leite etter Sigurd Slembe i 1139, men det er tvilsom om dette er korrekt.[184] Det er likevel liten tvil om at Såda-Gyrd var ein av hovudmennene bak grupperinga kring Sigurd. Både han og Åmunde vert nemnde fyrst i samtlege av kjeldene, i ein omtale av tilhøvet mellom Inge og Sigurd då dei var born.[185]
Motsetnadane mellom grupperingane kring kongssønene og fosterfedrene deira kjem til uttrykk gjennom ei brevsending mellom kongane i 1139. I dette brevet retta kong Inge, saman med vikveringane og bergensmennene, klagemål mot Sigurd og venene hans i Trøndelag for at dei sat rolege der nord, medan Inge hadde alt strevet med å verje Viken mot Sigurd Slembe og Magnus. Brevet uttrykkjer tydeleg ei todeling i grupperinga kring kongssønene, og ein viss fiendskap mellom fraksjonane:
Nå synes jeg [Inge] og mine venner at vi har de vanskeligheter og den nød som gjelder oss begge, nærmere på livet enn du og dine venner. Gjør nå du så vel at du farer til meg så snart og så mannsterk som du kan, og la oss to være sammen, hva det så hender. Nå er han vår beste venn, som rår til at vi er så godt forlikte som mulig og alltid holder sammen i alle måter. Men dersom du drar deg unna, og enda jeg ber deg inntrengende, lar være å komme som du før har gjort, da kan du vente deg at jeg vil fare imot deg med en hær, og så får Gud skifte mellom oss. For ikke kan vi lenger ha det så at vi sitter med stor kostnad og mye mannskap som trengs for ufreden, men du tar halvparten av all landskyld og andre inntekter i Norge. Lev i Guds fred.[186]
Det var Ottar Birting, ein lendmann frå Trondheim,[187] som tok til orde for kong Sigurd. Han takka fyrst kong Inge og mennene hans for alt strevet dei hadde hatt med landevernet. Deretter vendte Ottar seg til Sigurd med bøn om at han skulle fare så mannsterk og fort som han kunne til bror sin Inge, dermed skulle "den ene hjelpe den andre i alt som det er nytte i".[188] Dette vart løysinga og Sigurd og Inge slo sine stridskrefter saman for å få bukt med Sigurd Slembe og Magnus Blinde.
Det tilsynelatande fredlege tilhøvet mellom dei to brørne i dei fylgjande åra, hadde Ottar truleg mykje av æra for. Omlag samstundes med at dei to grupperingane kring kongssønene vart samde om å yte felles innsats mot fienden gifta Ottar Birting seg med dronning Ingrid, enka etter Harald Gille og mor til kong Inge.[189] Sagaene opplyser at Ottar "var en sterk støtte for kong Inge så lenge han var barn".[190] Ottar var samstundes ein av stormennene som hadde gjeve kongsnamn til kong Sigurd, og som ein mektig hovding frå Trøndelag kan vi rekne med at sambandet mellom Ottar og grupperinga kring Sigurd var sterk. Ottar si mekling mellom kongssønene under brevvekslinga og ekteskapet med dronning Ingrid gjev grunnlag for å tru at Ottar var ein brubyggjar mellom dei to fraksjonane. Då Ottar vart drepen i 1145[191] vart samarbeidet mellom Haraldssønene brote, og dermed var det duka for full strid mellom dei.
Fostringsbanda var ein reiskap for Harald i arbeidet med å få eit fastare grep om riksstyringa, men i neste omgang førte dette til at kongsemna vart sett på som uttrykk for regionale interesser og lokalpatriotisme. Desse interessene vart halde i sjakk ved hjelp av Ottar Birting si sentrale meklarrolle medan Haraldssønene var unge, men då han var død blussa dei regionale kreftene opp på ny og konflikten mellom fraksjonane gav næring til eit motsetnadstilhøve mellom regionane. Dette motsetnadstilhøvet vart styrkt gjennom kampane mellom Haraldssønene, og ikkje minst gjennom Erlings Skakke sine nådelause framstøyt mot opposisjonelle krefter mot slutten av Inge si regjeringstid og under Magnus Erlingsson på 1160- og 1170-talet. I heile denne prosessen verka fostringstilhøvet som ein katalysator for andre splittande krefter.
I kapittel 2 vart det peika på at mågskapen hadde mange fellestrekk med venskapen. Ekteskapet kunne nok vere ei stadfesting av to personar sin hugleik til kvarandre, men var like fullt ein kontrakt som batt to familiar saman. Ekteskapet hadde såleis potensiale som ein effektiv reiskap til å etablere politiske alliansar. Korleis nytta partileiarane mågskapen til å skaffe seg allierte i maktkampen mellom kongsemna, og var mågskapstilhøva ein viktig faktor i danninga av dei ulike politiske grupperingane i fyrste fasen av innbyrdesstriden?
Magnus Blinde sitt ekteskap med den danske kongsdottera Kristin viser den politiske verknaden av mågskapsalliansar i innbyrdesstriden. I fylgje Saxo sendte Magnus eit sendebod til kong Erik Emune i Danmark med førespurnad om å få brordottera hans, Kristin, til ekte.[192] Erik tok godt i mot tilbodet, og Saxo skildrar motivet til Erik på denne måten:
Her kom der Sendemænd til ham fra Kong Magnus i Norge for paa hans Vegne at bejle til Knuds ældste Datter, skjønt hun endnu ikke var mandvoxen. Erik tog i Haab om, at det atter kunde hjælpe ham til Kræfter, fra sine Naboer, naar han gav sig i Svogerskab med dem, og da han selv endnu var ugift, eftersom Krigen ingen Tid havde levnet ham til at tænke paa sligt, tog han med Magnus' Samtykke hans Stifmoder, der havde været Dronning i Norge, til Ægte, idet den norske Konge fandt ham fuldt værdig til et saadant dobbelt Svogerskab.[193]

Kong Erik Emune var i denne tida involvert i den danske innbyrdesstriden, og som Saxo påpeikar, kunne støtte frå "naboene" hjelpe han til krefter. Magnus på si side trengte støtte mot Harald Gille, og ein allianse med danskekongen kunne avgjere striden mellom dei. Mågskapssambandet med Erik skulle vise seg å få store konsekvensar for Magnus, men diverre ikkje til hans fordel. I fylgje Heimskringla oppstod det uvenskap mellom Magnus og Erik av di Magnus ikkje elska Kristin lenger, og sendte ho attende til frendane sine i Danmark. "[S]iden gikk alt tyngre for ham. Hennes frender viste ham stor uvilje".[194]Saxo, derimot, har eit anna syn på årsaka til uvenskapen mellom Magnus og Erik. I fylgje den danske krønike gjekk Magnus bak ryggen på Erik ved å planleggje eit komplott mot mågen sin, saman med kong Nils, som sidan 1131 hadde vore Erik sin bitre fiende.[195] Nils var son til Svein Ulvsson, og farbror til Erik Emune.[196] Magnus skal ha fått ein større pengesum av Nils for å ta livet av Erik. Planane lukkast ikkje av di Kristin åtvara Erik om Magnus sine planar. Som fylgje av Kristin sitt svik skilte Magnus seg frå kona si, og sendte henne heim til Danmark "for at tilføje hende [og frendane hennar] en Forhåaanelse".[197]
Det er tydeleg at konflikten mellom dei to mågane stakk djupt. Mågskapen innebar ein lovnad om lojalitet som Magnus hadde brote. Lovnadsbrotet hadde øydelagt venskapen mellom dei to, og Magnus "blev nu fra Eriks Gjæsteven forvandlet til hans Fjende".[198] Erik viste denne fiendskapen gjennom å alliere seg med Magnus sin fiende Harald Gille:
Ved samme Tid[199] begav Harald Irlænder, da han var bleven fordrevet fra Norge, sig til Danmark for at søge Hjælp hos Erik. Denne tog godt imod ham, fordi hans Medbejler havde forskudt sin Hustru, og i sin Glæde over det ypperlige Paaskud, han nu havde, til at give sig i Strid med Magnus, besluttede han at yde Harald Hjælp.[200]
Konkret innebar denne hjelpa at Harald fekk med seg ein større hærstyrke attende til Noreg, og saman med mannskapet han samla her heime, utgjorde dette ein stor hærstyrke. I fylgje tradisjonen skal dette vere grunnen til at denne tida vart kalla múgavetr, eller "folkemengde-vinteren". [201] For Magnus fekk dette alvorleg følgjer, ettersom hæren til Harald overmanna Magnusmennene i Bergen og tok kongen til fange.[202]
Mågskapen med Erik Emune fekk altså fatale følgjer for Magnus. Ved å bryte tilliten til Erik signaliserte han fiendskap og gjorde ein allianse mellom Erik og Harald mogeleg. Dette illustrerer lojalitetsaspektet ved mågskapen og innverknaden av dei personlege banda, og misleghaldet av desse, på partikonstellasjonane.
Like viktige som internordiske ekteskaplege alliansar var mågskapsrelasjonane mellom kongsemna og mennene deira. Som tidlegare nemnt gjekk mange av mennene til Sigurd og Øystein over til Inge etter at Sigurd fall i 1155.[203]

[1]

Ordvalet i kjeldene skulle tyde på at vi her har å gjere med ein avtale som vart inngått mellom Inge og overløparane. Samtlege av sagaene som omhandlar denne episoden, nyttar den norrøne nemninga spenja som tyder å lokke eller lure.[204] "Kong Inge og Gregorius lokket mange menn frå kong Øystein".[205] Mykje tyder på at det var ekteskaplege alliansar kong Inge lokka med i dette høvet. Tre av dei fire namngjevne mennene som gav seg inn under Inge og Gregorius i 1155, vart nemleg gifte med frenker av anten Inge eller Gregorius. Halldor Brynjolvsson fekk Sigrid Dagsdotter, ei syster av Gregorius. Simon Skalp og Jon Hallkjellsson, begge søner til Hallkjell Huk, vart gifte med kvar si syster av kong Inge, døtrer av Harald Gille.[206] Sagaene opplyser ikkje eksplisitt at det var ein samanhang mellom partibytet og inngåinga av ekteskap, men det er all grunn til å tru at dette har vore eit viktig verkemiddel i alliansen.
Vi har ovanfor sett at mågskapen var ein viktig reiskap til å skaffe støtte både innbyrdes mellom dei nordiske kongefamiliane og mellom kongsemna og mennene deira. Samstundes har vi fått klare indikasjonar på at lojalitet mellom mågar vart verdsett høgt, i visse høve høgare enn frendskap.


[173]

Msk 425, Fsk 349, Hkr 575, Hkr: NKS 288.
174 Hkr: NKS 283.
[175] Hkr: NKS 295.
[176] Hkr: NKS 269-270.
[177] Hkr 570, Hkr: NKS 283.
[178] Msk 414.
[179] Fsk 347-348.
[180] Gathorne-Hardy 1956: 9, 12, 30 ff.
[181] Hkr 572, Hkr: NKS 284, Msk 417.
[182] Msk 418: "Amvndi fostri hans Gyrþar s. Laugbersa s", Fsk 348.
[183] Hkr 579, Hkr: NKS 292.
[184] Hkr 575-576, Hkr: NKS 288. Kjeldene samstemmer ikkje med omsyn til denne hendinga. Fsk hevdar at det var Inge og fosterfaren Åmunde som sendte folk etter Sigurd Slembe i 1139. Msk har ein tredje versjon der det heiter at Inge og fosterfaren Gyrd stod bak tilburden. I alle tre kjeldene står denne hendinga i relasjon til ei brevsending mellom kongssønene same år. I fylgje tradisjonen sende Inge brev til broren med klage om at Sigurd og mennene hans ikkje føretok seg noko mot Magnus og Sigurd Slembe. Innhaldet i brevet skulle tyde på at det var Inge og fosterfaren Åmunde som gav ordren om å finne Sigurd Slembe, og ikkje kong Sigurd og Såda-Gyrd, slik Hkr framstiller det.
[185] Hkr 585, Hkr: NKS 299-300, Fsk 351, Msk 445.
[186] Hkr 576-577, Hkr: NKS 289-290.
[187] Storm 1884: 147-148.
[188] Hkr 577, Hkr: NKS 290, Msk 430.
[189] Dette ekteskapet vart truleg inngått i 1140, Storm 1884: 147-148.
[190] Hkr 581, Hkr: NKS 295, Msk 439.
[191] Msk 439, Hkr 581, Hkr: NKS 295. Datering etter Storm 1884: 147.
[192] Kristin var dotter til Knut Lavard, jmf. vedlegg fig. 3.
[193] Saxo 2: 78.
[194] Hkr 555-556, Hkr: NKS 265.
[195] Skovgaard-Petersen et al. 1977: 281.
[196] Jmf. vedlegg fig. 3.
[197] Saxo 2: 82-84.
[198] Saxo 2: 82.
[199] I fylgje Hkr: NKS 267-268 skal dette ha funne stad ut på hausten i 1134.
[200] Saxo 2: 90.
[201] Hkr: 559, Hkr: NKS 270
[202] Saxo 2: 92, Hkr 560-561, Hkr: NKS 270-271.
[203] Jmf s.[.
204]
Fritzner 1954.
[205] Hkr 593, Hkr: NKS 308, Fsk 356, Msk 460.
[206] Jmf. vedlegg fig. 1 og fig. 12.


previous next Up Title Contents