Utgjerdsbolken i GulatingslovenLine

KAP. 1. HER BYRJAR UTGJERDSBOLKEN.

KONGEN SKAL RÅDA FOR BOD OG FOR BANN OG FOR UTFERDENE VÅRE. IKKJE SKAL ME NEKTA HAN LEIDANG TIL LANDSENDEN, NÅR HAN BYD UT SEG TIL TARV OG OSS TIL GAGN. 2. NO SKAL ALLE MENN GJERA LEIDANGEN ETTER LIKNING, SOM KONGEN HAR LOVA OSS.

296 KAP. 2. UM MANNTAL.

NO skal folk, når leidang er utboden, halda greide på manntalet sitt, ingen skal nekta ein annan teljing til rett likning (at iamnaðe). 2. No skal han krevja (krevia) manntal av skipreidemennene sine. Då er det vel um dei alle kjem til manntal og til å gjera eid. 3. No er det sume som ikkje møter til manntal, då skal hine som kjem, telja so mange dei vil på deira part som ikkje møter; då skal hine svara etter det talet, um bodet har kome til dei. 4. I manntalet skal ein telja seg sjølv og alle husfolki sine som ein skal svara gjerd for og løysingane sine, dei som ikkje har halde fridomsgildet sitt. 5. No skal løysing sjølv svara gjerd for seg, um han har gods til det, men elles skapdrotten hans. 6. No skal kvar telja i tal med seg alle born som har levt 3 jolenæter. 7. No dreg ein mann seg undan teljing, og fer fylki eller fjordungane imillom og gjer [ikkje leidang] korkje her eller der; den som vert sannskyldig i det, han er utlæg mann. 8. No um han dreg nokon av husfolki sine undan i eids-uppgåva, um han då har ein træl, da er trælen uppnæm til årmannen åt kongen; men har han fleire trælar, då skal årmannen hava den han vil av dei. 9. No um han ikkje eig træl, då skal han bøta 3 merker for kvar av dei husfolki som han drog undan.

297 KAP. 3. MEIR UM MANNTAL.

I full ålmenning skal det reidast ut ein mann for kvart sjuande hovud. 2. Men um me har eit betre manntal, då skal alle få godt av det. 3. Men or det manntalet skal me reida ut so mange skip or kvart fylke, som me har vorte samde um med kongen vår.

298 KAP. 4. UM DEI SOM DET IKKJE SKAL GJERAST LEIDANG FOR.

NO skal det segjast kva for menn det er som me ikkje skal gjera leidang for. 2. No skal biskop ikkje gjera leidang for seg, og ikkje for presten sin og djaknen sin. Messeprest skal ingen leidang gjera, og ikkje kona hans og klerken hans. 3. Men um dei har fleire husfolk, skal dei gjera leidang for dei. 4. Årmannen til kongen skal ikkje gjera leidang for seg, og ikkje for kona si og trælen sin. 5. No skal det for alle spill-sjuke menn ikkje gjerast leidang. 6. No skal det ikkje gjerast for ein træl, um det kjem vanhelse på han, då skal ein føra han på tinget og bjoda han ut; men um ingen vil taka mot han og er han yngre enn fyrti år, då skal det ikkje gjerast [leidang] for han. Dei menn som me gjev fridomen alle saman her i Gula (1), skal ikkje gjera [leidang], og likeins dei somme fylkesmenn gjev fridomen (2), dei skal ikkje gjera (leidang). 7. No skal det ikkje gjerast leidang for dei menn som armod fører attende på ætti (til forsyting), og ikkje for gravgangsmenn, um mannen ikkje gjer dei til skuldtrælar. 8. No  aukar barnetalet, då skal ein ikkje gjera leidang [for fleire] fyrr det vert halde manntal. 9. No døyr einkvan av husfolki dine, som du skal svara gjerd for, då skal det gjerast leidang (for han) til dess manntal vert halde. 10. No får ein mann seg kone eller kjøper ein træl or talet til ein annan, um han kjøper fyrr eidane vert gjorde, skal han telja dei i tal med seg. 11. Men um han kjøper etterpå, skal han leggja etter seg den næste gjerdi, men då (i nytt manntal) hava dei i tal med seg. 12. No sit ein mann i 3 vetrar soleis at han ikkje svarar gjerd og ikkje tel seg i tal nokon stad, då er han utlæg mann. 13. No tel ein seg i tal og svarar ikkje gjerdi, då skal årmannen saksøkja han til slik leidangsvite som utrekningi syner. 14. Alltid når det er ålmannatal, då skal ein setja manngjerd frå landsenden, og dei som bur nærast skal vera saman. Ingen skal byksa yver ein annan, utan dei alle saman vert samde um det. 15. Manntal skal ingen nekta ein annan. 16. Men manntalstinget skal alle bøndene søkja. 17. No um du vil krevja (krevia) manntal i ein annan åttung eller i ein annan fjordung, då skal det krevjast på tinget. 18. Men um dei nektar deg manntal og likning, då kann du rekna frådrag andsynes dei med eid. 19. No fører ein mann buet sitt til eit anna fylke eller til ein annan fjordung, då skal han ikkje taka betaling for sin part i skipet og ikkje kjøpa seg (part i) det andre [skipet], og gå i talet der som han vil. 20. No um han går i tal på ein stad der det skal byggjast nytt skip, då skal han reida ut det same som kvar annan. 21. No fer ein ut or si gjerd (or krinsen) og inn i eit anna logdøme, då skal han lata liggja etter seg [det som trengst til] næste gjerd. 22. No fer ein frå landet, då skal leidangsgjerd svarast for han i 3 vetrar. 23. Men um det vert forsømt, skal ein søkja vite av han når han kjem heim. 24. Men um ein mann kjem frå logdømet vårt inn i eit anna fylke med buet sitt, då skal han svara den næste gjerdi der han fyrr var; men sidan skal han svara gjerd på den staden han kjem til.

299   KAP. 5. UM SKIPSSTYRING.

DEN skal styra skipet, som kongen nemner til. 2. Men um han ikkje vil, då er han saka 6 merker. 3. Men um ein annan mann ranar styrehamla (3) frå han, då er mannen saka 6 merker. 4. No skal styremannen nemna håsetar til å fara med seg; då skal dei alle vera skyldige til å fara, eller bøta 3 merker. 5. No er det vel um det finst nok lauskarar (drengmenn). 6. Men um det ikkje er nok av dei, då skal dei bøndene fara, som har arbeidsfolk for seg, då er det vel um det finst nok av dei. 7. Men um det ikkje er nok av dei, då skal einvirkar fara, ein skal fara, men to skal vera heime og berga bufeet deira, um det då vert nok mannskap; men elles skal to fara og ein vera heime.

300    KAP. 6. UM KOKK.

DEI skal skaffa kokk (matgerdarmaðr), som eig sveinar i skipreida, og kasta lut seg imillom. 2.Kokkar skal hava hyre (fararkaup) som håsetar. 3. Den bonden som skaffar kokk, skal vera heime, utan skipet elles ikkje vert fullt manna. 4. Bøndene skal vera skyldige til å fara til stemne, men lauskarane berre um styremannen vil. 5. No skal styremannen gjera alle dei menn stemne, som skal bu skipet til eller draga det ut. 6. Men den skal vera saka 3 øyrar, som ikkje kjem. 7. No skal ein mann i hyre hava ein øyre for månaden og to øyrar for to månader (4).  8. No skal bøndene reida ut til kvar hamle to månadsmatar av kvart og tjeld og år.

301       KAP. 7. UM NOKON IKKJE SØKJER HALVROMET SITT.

NO løyser dei skipet or festrene og ein mann søkjer ikkje til halvromet sitt, då skal ein reisa upp åri hans og skirskota han skyldig til 3 merker i bot (sekt). 2. Ekkje skal lata føra til skips maten sin og all utreidsle, um ho ikkje har hamlemann for seg, og bjoda det til styremannen. 3. No er dei ikkje reiseføre ifall 5 rom eller fleire står tome på ei tjugesesse. 4. No skal Lendmann eller årmann som har minst ein åttung til å styra (at ivir sokn), skaffa folk til 5 hamlor. 5. No skal dei bjoda folki sine til eit anna skip, um dei ikkje er reiseføre. 6. No um dei ikkje tek mot dei, då er dei usaka um dei sit heime og fører maten til årmannen at han kann taka han kongen til handar. 7. No når dei kjem heim, då kallar dei saman til manntal og får ikkje [folk nok], då skal dei hogga av kjølen og gjera skipet sitt so mykje stuttare som dei har folketal til, men ikkje gjera det stuttare enn at ein kann telja det etter sessar (6).  8. Men um dei er for få til å hava trettansesse, då skal dei fara til tings og bjoda seg i tal med andre menn. 9. Men um dei ikkje gjer det, då skal dei våren etter gjera skipet sitt reiseført både med mat og med folk. 10. Men um nokon gjer leidang på ein annan stad enn han skal gjera, då er det som han ikkje har gjort. 11. No fer ein mann med eit anna skip enn han skal fara, då gjer han det at han både ror leidangen og betalar boti (vitit).

302       KAP. 8. UM NOKON FER FRÅ SKIPET UTAN LØYVE AV STYREMANNEN.

NO snur du stamnen sud med landet og løyp ein mann frå skipet medan dei fer sudetter og kongen ligg ute til landvern, då er han utlæg; han kann kjøpt seg attende med 40 merker. 2. Men um styremannen rømer då er han utlæg i alle høve (með ollu). 3. No må ein ikkje hefta leidangsheren lenger ute enn at dei har att ein halv månadsmat av kvart. 4. No gjev styremannen nokon løyve til å gå frå skipet, då åbyrgjest han heile det skipet. 5. Men kvar som sidan går frå, skal gå usaka.

303       KAP. 9. UM FOLK VERT MATLAUSE.
NO fer dei heim nordetter og vert matlause, då skal dei skirskota det på andre skip og syna dei maten sin, at dei ikkje har meir mat enn ein månadsmat av kvart i to sveiter, då skal dei saklaust slakta to naut hjå ein bonde og betala 2 øyrar for ei ku og like mykje for ein tri års ukse. 2. Men for ein tri ås ukse (7) halvtridje øyre; og lata hovudet, og hudi og føtene liggja att, då er dei usaka, um dei slaktar soleis. 3. Men um dei tek burt med seg hovudet, eller føtene eller hudi, då er dei saka. 4. Men um dei slaktar hjå ein bonde som andre har slakta hjå fyrr, og hovudet eller føtene ikkje vert framlagt, då slaktar dei usaka, um dei betalar pengane. 5. No slaktar dei ikkje soleis som her er sagt, då er styremannen saka 40 merker, men kvar håsete 3 merker. 6. No vert dei klaga for at dei slaktar onnorleis enn mælt er, då skal styremannen nekta for so mange som han vil, med lyrittareid. 7. Men um han ikkje vil nekta for dei, då skal kvar nekta for seg med lyrittareid. 8. No går ein mann frå skipet fyrr det kjem til lunnane, og ingen har gjeve han løyve, då er han saka 3 merker.

304       KAP. 10. UM UPPSETJING AV SKIPET.

NO kjem skipet heim til lunnane, då skal folk draga det upp og gøyma tilbunaden; få i so mange mann or kvar manngjerd at skipet kjem upp. 2. Men um dei ikkje møter, og skipet kjem upp (vert uppdrege), då er kvar av dei saka 3 øyrar. 3. Men um skipet ikkje kjem upp, då åbyrgjest den som ikkje møtte, heile skipet, um bodet kom i huset hans. 4. Alltid når styremannen skjer upp bodstikke, då skal alle bera den, anten dei er i den skipreida eller ikkje. 5. Men kvar som stoggar bodstikka, han er saka 3 øyrar. 6. No kjem folk fem næter fyrr eller fem næter seinare, då skal ingen bøta (reiða) til den andre. 7. Men vert det større skilnad på tidi, då skal dei som har å bøta, bøta til dei andre etter det utrekningi syner.

305       KAP. 11. UM KORLEIS SEGLET SKAL VARVEITSLAST.
SEGLET skal ikkje rivast i meir enn to luter. 2. Men um dei riv det meir, då er dei saka 3 merker. Den skal gøyma seglet som loddet kjem på og som bur attmed sjøen. 3. No legg dei seglet i kyrkje; um den kyrkja brenn, då åbyrgjest dei sjølv seglet sitt, når ikkje nokon set eld på med vilje. 4. No skal dei hava uppsåt der dei har havt det fra gamal tid (at fyrnsku). 5. Men um det vantar jord (8), då skal kongsjord vera skyldig til [å gjeva tuft], um det finst kongsjord innan fjordungen. 6. Men finst det ikkje, då skal dei kjøpa tuft der dei vil, etter takst.

306       KAP. 12. UM SKIPSBYGGJING.

NO forfell skipet av elde, og skal dei byggja nytt, då skal dei byggja der dei vil hava byggeplass, og spilla korkje åker eller eng. 2. No er kongsjord skyldig til å gjeva [byggegrunn], um kongsjord finst. 3. No finst det ikkje slik jord, då skal dei nytta den manns skog (morc) som dei vil; men skal dei byggja fleire skip, då skal ikkje ein manns skog øydast. 4. No skifter dei tilfanget seg imillom. Dei som etter lutkastingi skal skaffa kjøl, eller stamnar, hud eller halsar (9),  skal bøta ei halv mork um dette vantar; for saks (10) eller saksband (11), kvart tre som vantar til dei, skal bøtast 3 øyrar og tre skaffast enda um det vert seinare. 3 øyrar skal bøtast for kvart innvedstre som rekk tvert yver skipet; ein øyre for kvar krafte (12) og ein øyre endå um berre ei klo (13) vantar, 3 øyrar for master og det same for rå og det same for alt timber, endå um det skal vera innanbords i skipet. 5. No skal det bøtast ein øyre for kvart bord som trengst, og ein øyre um det so berre skortar ei alen, skaffa bord enda um det vert seinare; ein øyre for kvar saum og ro (14) til den; ein øyre for kvart spann tjøre; ein øyre for kvar remse drev, og ein øyre endå um det berre skortar ei alen; ein øyre for kvart mål mat (til arbeidsfolki); ein øyre for kvar pening som skulde vera til løn åt handverkarane. 6. No skal handverkarar segjast til, alle dei som er innan fjordungen, til dess det vert nok. Kvar stamnbyggjar er saka 6 merker, um han forsømer å møta fram. 7. No har dei sett kjølen på bakkestokkane og teke til med byggjingi, um då nokon av dei løyp ifra den byggjingi, um stamnbyggjar eller bordhoggar løyp, då er den stamnbyggjaren eller bordhoggaren utlæg, fordi han øydelegg landvernet for kongen. 8. No skal handverkarane arbeida for løn: stamnbyggjar  2 seks-alne-øyrar på vyrkedagar, med sundagane imillom; men bordhoggar ein øyre. 9. No skal ein ikkje brenna eller bryta eit skip fyrr enn stamnane er klinka til kjølen på det nye skipet. 10. Men um dei brenner eller bryt det fyrr, då er det hamlefall, dei skal bøta 3 merker for kvar hamle.

307       KAP. 13. UM NAUSTBYGGJING. 

NO skal det byggjast naust yver (skipet), då skal styremannen setja ein frist, so lang at dei vinn byggja naustet. Men um dei ikkje vil byggja, då vert dei saka 3 merker til kongen. 2. No skifter dei tilfanget på seg; då er boti 3 øyrar for kvar stav og det same for kvar stavlægje (15) og for kvar sperre, og skaffa dei endå um det vert seinare, 3 øyrar for kvar torvvol (16); 3 øyrar for kvar vindskei; ein øyre for kvar takfjøl (tróða) og det same for kvart neverknippe, ein øyre for kvar torve, og skaffa det enda um det er seinare.
 
 

308       KAP. 14. UM FRIST TIL Å LAGA SEGL.

NO skal styremannen setja ein frist til å laga segl til skipet. 2. No um det ikkje er gjort innan den tidi, då er det 3 merker i bot for alle dei som skulde skaffa det. 3. No um sume gjer sitt, men sume ikkje, då er det ein øyre i bot for kvar alen; 3 ein øyre for kvart likreip (17), og ein øyre um det berre skortar ei alen på det; ein øyre for kvart trådnysta; ein øyre for kvar kause (hanki); ein øyre for kvar klo. Togi skal mælast etter det som går med av huder; ein øyre for kvar hud som ikkje kjem fram, og skaffa henne enda um det er seinare. 4. No um det vert skort på noko, då skal årmann eller Lendmann skaffa det som vantar, etter som dei har veitsle (18) til, og sidan søkja vite av den skuldige.

309       KAP. 15. UM VÅPENTING.

ALLTID når det skal vera våpenting, då skal årmann eller Lendmann segja til um hausten og halda tinget um våren. Alle frie og fullmyndige menn skal søkja det tinget, elles skal dei bøta 3 øyrar i vite kvar av dei. 2. No skal menn syna våpni sine, som mælt er i lovene. Ein mann skal hava breidøks eller sverd, og spjot, og skjold som det i verste fall skal liggja tri jarnspenger tvert yver, med handtak som er fastklinka med jarnsaum. No er det 3 øyrar i bot for kvart folkevåpen. 3. No skal bøndene skaffa to tylfter piler og ein boge til kvar tofte, og bøta ein øyre for kvar odd som vantar, men 3 øyrar for bogen.

310        KAP. 16. UM SKIP SYNEST SjØFØRT ELLER IKKJE.

NO sender kongen mennene sine til fylket til å sjå yver folks farkostar, og kallar dei eller styremannen folks skip ikkje sjøført (ufært), men dei (skipreidemennene) kallar det ført; då skal ein kalla til menn or ei onnor skipreide, dei skal sverja det sjøført eller uført. 2. Men um dei ikkje vil sverja, då skal dei draga skipet sitt ut og røyna farkosten sin; lata det liggja 5 næter i søkk, då skal dei ausa det lens. 3. No um éin mann klarar ausingi til ut i hovudleidi (Þiodleið), da er det skipet ført. 4. Anker skal fylgja skipet, men um det ikkje er der, då skal skipreidemennene bøta 3 merker. 5. Men styremannen skal skaffa ror og styrevol.

311       K AP. 17. UM VETEVAKT.

NO um her er ventande, då skal det haldast vetevakt. Då skal kongsårmann eller Lendmann skjera bod, men den er saka 3 merker, som ikkje møter fram. 2. Men dei som etter lutkasting skal halda vakt og ikkje fer stad, dei har åbyrgdi for veten. 3. No skal dei halda vetevakt soleis at dei ikkje sovnar på veten, Men um han sovnar, då skal han bøta 3 øyrar, utan ein her kjem medan [han søv] og vetane ikkje brenn; [for] då er han utlæg. 4. No skal han brenna veten for fem skip eller fleire enn fem skip. Men um han ikkje brenner veten og syner dei seg å vera herskip, då er han utlæg. 5. No brenner han veten for færre skip og får herlaup i stand, då er han saka 40 merker. 6. Den [vetevakti] som er nærast den som er lengst aust, skal svara (varða) 40 merker, men kvar av dei andre 3 merker.

312       KAP. 18. UM PILSKURD.

NO kjem den mann til landet vårt, som fyrr var gjord utlæg herifrå og ber sann her-tidend (hersaga), då er han ilend, enda um han fyrr var utlæg (19).  2. No ber ein mann hertidend som ikkje er sann, då er han utlæg um han fyrr var ilend. 3. No  ber ein ilend mann sann hertidend, då skal han hava ei mork or kvart fylke, men 3 merker av kongen vår. 4. No ber ein mann hertidend, då skal han senda ut jarnpil med landsenden; den skal fara til lendmennene og sendast med fullmanna skip og berast både natt og dag og fara etter hovudleidi. 5. No er dei utlæge, um dei stoggar den pili. No skal trepil fara inn i fjordane frå hovudleidi, og berast med vitne, og den eine skal bera (pili) til den andre; men den som stoggar henne, er saka 3 merker. 6. No kjem pili til ein stad der det bur ei kone som står åleine, då skal ho skaffa skip og mat og folk, um ho har det. Men um ho ikkje har, då skal dei fara framum. 7. Men alle dei menn som pili kjem til huset åt, dei gjer ho femtarstemne til skips. Men um nokon vert sitjande i ro, då er han utlæg, for då skal både tegn og træl fara. 8. No skal kvar skaffa mat åt seg og lagsmennene sine. 9. No møter dei ein her og det vert strid, og vert ein træl mannsbane, då er han fri enda han fyrr var træl. 10. No um ein her fer mot landet vårt og kongen vår ottast at folk skal svika han, og vil han taka gislar av oss, då har me ikkje rett til å nekta han det. Men den som nektar, han er då sannskyldig i landråd. 11. No er folk gjevne til gislar, då skal han hava gislane til dess herfloten er fem næter or landsyn, då skal han senda dei heimatt. 12. No um kongen klagar ein mann for landråd, då skal han nekta med tylftareid, den eiden fell til utlægd.

313        KAP. 19. UM FOLK FER MOT FORBOD.

NO fer folk mot forbod, då er styremannen saka 40 merker, men kvar håsete 3 merker.  2. Ein skal vera styremann på kvart skip, den som søv nærast skipssida på styrbord, han skal saksøkjast, men alle skal bøta etter som dei eig i det skipet, fordi det fór mot forbod. 3. Ikkje skal det leggjast forbod mot å føra korn eller mat fylki imillom. 4. Men um det vert gjort, då er alle fylkesmennene saka 40 merker; av den summen eig kongen helvti og alle lovfelagane helvti.

314        KAP. 20.  UM TOFTEBOT.
NO byggjer ein mann langskip i heradet og lyser ikkje ferdi si, kvarhelst han vil fara, då skal årmann eller lendmann fara til og spyrja han kvarhelst han vil fara. 2. Men um han ikkje vil segja det, då skal dei krevja (æsta) tak av han, trygd for 40 merker. 3. Men um han ikkje vil føra tak (gjeva trygd), då skal dei hogga ut eit fem alner langt bord på kvar side av kjølen. 4. Men um dei ikkje gjer det, då skal bøndene gjera det og taka burt seglet, um det er der, og soleis hindra ferdi deira. 5. Men um dei ikkje gjer soleis og vert det eit herskip, då skal dei bøta ei mork for kvar tofte, men for styrehamla 3 merker; det heiter toftebot (Þofto giolld). 6. Men um dei føder seg sjølv, då skal heradsmennene, som bur i det heradet, svara boti. 7. No fer dei ut og segjer upp freden og herjar i den same viki, då er dei nidingar. Men um dei herjar ein annan stad, då er dei utlæge, men ikkje nidingar. 8. No fer dei ut og segjer ikkje upp freden, då er dei utlæge og nidingar og har forbrote kvar pening av godset sitt, kvar dei so herjar. 9. No herjar dei, og den som vert fyre herjingi, har ikkje folkehjelp til å setja etter dei, då skal han skjera pilbodstikke, um han vil. 10. No skal kvar stemna dit som pili stemner han, etter heren. 11. No set dei ut etter dei, då skal alle fara, som er heime; men vil sume ikkje, då er godset deira uppnæmt og mannen kann drepast um dei (hine) vil; dei kann skifta godset hans seg imillom. 12. No kjem dei til den staden der han er, som sende pili ut; ifall han har sendt pili retteleg, då er det vèl. Men um han har sendt rangt, og har det ikkje kome nokon her til huset hans, då er godset hans uppnæmt til dei, og dei kann drepa han um dei vil og skifta godset hans seg imillom. 13. No um han har sendt pili retteleg, då skal dei fara med han so langt som han vil. 14. No um dei møter heren og treng dei farga odd eller egg raud til å få godset att, då skal dei eiga godset, som tek det, og skifta det seg imillom. Men um dei ikkje treng dette, da skal den hava godset, som fyrr åtte det. 15. No tek dei (vikingane) kjøpmannsskip og bryt bunken for folk; og fører farmen attende i heradet og vert forlikte med kongen. Då fer dei etter, som vart rana, og sver på at det var deira gods, då skal dei betala det attende alt, um dei ikkje slær eiden deira attende med jarnburd. 16. No fer dei som herja, langsmed landet, og ein mann kjøper ein eller annan ting (grip) av dei, då skal den hava godset, som åtte det fyrr, og koma til det med to menns vitnesburd. 17. Men den som kjøpte av vikingane, skal bøta 3 merker til kongen. 18. Men um han ikkje kann føra vitne mot den som har kjøpt rangfått (rana) gods, då skal han stemna han til tings; då skal tingmennene døma godset til han eller lyrittareid i staden. 19. No skal den eiden stå (kunna sverjast), som kvar annan, i ti vikor sverjedagar; men heile den vika er sverjedagar, som det er éin sverjedag i. Då skal han stemna han, 5 næter i fyrevegen, til den kyrkja han vil innan fjordungen. 20. No skal han gjera eiden for vitne, nemna to menn til å høyra eiden; dei skal døma um (meta) eiden. No vert det tvist millom dei, sume kallar eiden rett gjord, andre gale; då skal dei vinna som vil sverja [til studnad for meiningi si]. Men um dei vil sverja på begge sidor, då skal dei vera nærast til eiden, som vil hjelpa (d. e. held med den saksøkte). Men um eiden fell, då fell han til det at han skal betala han godset og (bøta) 3 merker til kongen.

           KAP. 21. [UM SKR ÅSETJINGI AV LANDVERNET] .

NO har me sett landvernet vårt i skrå (lov-uppskrift) og veit ikkje anten det er rett eller rangt. 2. Men um det er rangt, då skal me hava det lovmålet um utgjerdene våre, som fyrr har vore, og som Atle sa fram for folket i Gula, utan kongen vil lova oss noko anna og me alle vert samde um det.

315        KAP. 22.  KOR MANGE SKIP OR KVART FYLKE.
VIKVÆRINGANE skal reida ut seksti tjugesessor og dessutan grønaskipet (20).  2. Egdene skal reida ut 16 skip, femogtjugesessor. 3. Rygene skal reida ut 24 skip, femogtjugesessor. 4. Og hordane like mykje. 5. Sygnene 16 skip, femogtjugesessor. 6. Firdene 20 skip, femogtjugesessor. 7. Mørene 16 skip, femogtjugesessor. 8. Romsdølene 10 skip, tjugesessor. 9. Nordmørene 20 skip, tjugesessor. 10. Trøndene 80 tjugesessor. ll. Namdølene 9 tjugesessor. 12. Håløygene 13 tjugesessor og ei trettisesse, 7 i den søre helvti, men 6 i den nordre helvti, for dei har vakthald mot aust (21).
 

Noter:
1.  Jfr. kap. 4. 
2. Jfr. kap. 5.
3. Her: styringi, styremannsplassen.
4. Hyre er soleis ikkje fastsett for lengre utferdstid enn 2 månader.
5. Fyresegni  i  § 8 syner at skipet vart rekna etter sessar når det hadde minst 13 sessar (rorbenker) på kvar side.
6. Skal truleg vera: for ein fullvaksen ukse (firi olldung, ikkje firi oxa Þritiðung) .
7. I teksti (A) står "iorð brytr", det bør vel lesast "Þrytr".
8. Hals er den fremste luten av skipsbordet, der det møtest med stamnen.
9. Saks er skipsbordet nærast attum halsen. 
10. Spant som saksbordi er feste til. 
11. Spant framme i skipet, rekk upp yver dekket og endar i kollarar.
12. Klo er ein av dei to armane på kraften.
13. Klinkeplate.
14. Innvedstre i standarverks- (reisverks-) hus, ligg ovanpå stavane (uppstandarane) og ber taksperrone. 
15. Stokk langs nedre kanten av taket, til å halda torvet uppe. 
16. D. e. kvar alen ty til seglvyrke. 
17. Reip i kanten av seglet. 
18. Kongsjord som ein kgl. umbodsmann tek innkoma av.
19. Utdragi or C har her: endå um han var gjord til niding fyrr. Soleis òg L III 5  § 1.
20. Grøna skip d. e. skipet (eller skipi) åt grønerne, folket i Grenland (Nedre Telemark). 
21. Trettisessa var truleg vaktskipet mot karelar og russar.
 

Gulatingslovi, Norrøne bokverk 33, oversatt: K. Robberstad, Samlaget, Oslo 1937, s.239-253.

Line
10.08.1999 Tilrettelagt av Frode Ulvund