Om uår i KongsspegelenLine

    Sonen: Dette skjønar eg no vel, at på mange måtar kan folk koma ut for naud og trengsle, og det både høge og låge, og likså mykje kongar som småbønder. Men etter di De har vori så snill og venleg og gjevi meg lov til å koma med spørsmål i røda vår, så ville eg gjerne at De òg greidde ut denne røda nøgnare for meg, før vi tek til med ei anna. Kva meiner De er grunnen til at det kan koma så store uår på folkevitet at alt tynest på ein gong, både mannvit og landsens seder ? Tru om den skaden kjem frå folket som bur i riket, eller frå kongen og dei folk som skal styra riket med han ?
    Faren: Det du no spør om, det kjem av ymse ting og hendingar som er skadelege; men eg meiner likevel det er sjeldan at slike ulukker opphavleg kjem frå det folket som dyrkar og byggjer landet, i fall dei er rådvise som skal styra det, og kongen sjølv er vis. Men dersom Gud vil senda den plaga på eit land for syndene åt folket, at seder eller mannvit skal spillast, då set han det snøgt i verk på ymse måtar, så snart som han vil.
    Det er ovmange døme på det som har bori til på ymse stader der ulukka var ute, at ein hovding som har vori både vis og rik, og hatt stor ære hjå kongen, vori med på rådleggingane hans og hatt mykje å gjera med landsstyret i lag med han - at den mannen har falli frå huslyden sin i slike tilhøve at han har hatt fire eller fem søner etter seg, og alle har vori i sin fyrste ungdom eller barndom. Då vert det straks stor skade for kongen og heile riket: kongen har mist ein god ven, mange gode og trugne råder og ei stor verje. Dinest vert rikdomen hans skift i fem luter, og alt hans verk vert skipla, og ætta vert ringare, av di kvar av sønene har berre femteparten av den makta som han hadde av midelen sin medan han levde. Men for di dei er så unge, får dei enda mindre av hans vit og framferd. Men ein endå større skilnad vert det dersom han ingen son har etter seg når han fell ifrå, men like mange døtrer som eg no har rekna søner. Og den aller største skilnaden vert det i fall det korkje er søner eller døtrer etter han, og det kan bera så til at rikdomen hans vert skift i små luter mellom folk som er langskylde honom, om det ikkje lever nærskylde frendar. Skulle mange slike tilburdar koma samstundes i eit kongerike, då vert makta i kongens rådgjerder brått borte, endå om han sjølv kan vera ein mann med stort vit. Men det kan òg bera så til, som det òg er døme på: kongen fell sjølv frå medan det er slik at han har etter seg ein ung son som tek over styringa etter faren i sin barndom, og det kjem unge rådgjevarar i staden for dei gamlingane og vismennene som før har vori.
    Dersom alle desse ting vi no har tala om, kan koma på samstundes, då er det svært truleg at det vert uår på heile landsstyret, og at landsens sed misfell noko når styret forferst. No er likevel dei hendingane att som er dei mest berrsynlege årsaker til slike uår, og som dei fleste hovudmisgjerningar kjem av, og det er diverre ikkje færre døme på slike tilburdar enn på dei som no er nemnde.
    Det kan høva så til at ein konge har styrt riket, og han har etter seg tre eller fire søner når han fell ifrå, og dei er alle fulle av ungdom og kapphug som er komne av dei ættene som før styrde landet i lag med kongen og var både høgborne og rike folk. Dersom det ber så ille til for eit rike med desse hendingane som no er nemnde, at det er mange kongsemne, og det dertil vert teki så ill ei råd at dei alle vert prydde med kongsrang og kongsnamn, då kan ein kalla det riket eit styrelaust skip eller ein øydd odel og halda det mesta for eit øydelagt rike; for det er då oversådd med dei verste uårs-frø og ufreds-korn.
    For dei småkongane som då har sliti sund riket, dei kløyver straks i like mange luter hugmålet til folket som bur i landet, både høge og låge, og kvar av desse hovdingane dreg då til seg vener, så mange som det er råd til. Dinest ser kvar av dei på sitt rike, si folkemengd og sine rikdomar, og så tenkjer han etter kva føremannen hans hadde, og då tykkjest kvar ha altfor lite. Då tek og venene deira til å minnast og tala om kor mykje den kongen kunne gjera som før styrde riket, både når det galdt midel og mannstyrke, eller å minnast andre store verk som han tok seg for. Og med kvar ei slik minning er det mesta som kvar eggja sin hovding til å leggja meir under seg enn han alt har.
    Deretter tek kvar av desse hovdingane til å draga til skattkista si den rikdomen som det er minst riksbate i, og det er ovund. Og dinest vert det ihopsamla små saker på båe sider og gjort ein stor vreide av dei. Så tek frendskapen til å spillast, og den vert halden for ein skadeleg mann som før vart kalla ven og frende, og så er den eine full av mistanke mot den andre. Men så snart som mistru og drøs tek til å alast fram, då tykkjer skarvane at det er god årvon, og ber ut plogane sine. Så renn ufreds-grøda opp, havesykje og urettvise veks, og folk djervest i manndrap og grisk ran og stuld.
    Om det då ber så til at einkvan av desse hovdingane vil refsa slike udygder i riket sitt, då flyr brotsmennene til ein annan hovding, og dei seier då at dei uvaldande er komne i hard unåde hjå hovdingen sin, endå dei flydde heimanfrå for misgjerningar skuld. Han som dei har flydd til, tek vel imot dei, meir av fiendskap og ovund enn av ynksemd; for han vil freista få seg vener i riket åt den andre, slike som kunne vera til hjelp for han sjølv, men fiendar åt den andre, i fall dei skulle vera usamde om noko. Men dei som har flydd for sine useder og lovbrot skuld, tek då til å verta fiendslege mot den hovdingen som dei før stod under, og å bera uvenskap mellom han og den som dei er komne til, alt dei vinn. Dei tek og hemn for si bortferd i hans rike som dei drog ifrå, med manndråp, ran og stuld, liksom dei skulle vera saklause, og han hadde skulda for alle brota.
    Dinest tek usedene til å auka; for Gud hemner harmen sin såleis at der fire grenser møtest i rika åt desse hovdingane, der set han ned eit svivande hjul som snur seg rundt på ein ufredsakse. Så kverv frendeelsken mellom skyldfolk, det vert gjort mågskapsspille (1) og folk vyrder ikkje nokon ting; for allstad der eit folk er kløyvd i mange serflokkar etter det som ymse hovdingar trår etter, og desse så vert usamde, der djervest almugen straks til å fara etter sine Iyster, og bryt då ned for alvor alle landsens gode seder. For då gjer kvar seg sjølv seder etter sitt huglynde, og ingen mann reddast for refsing så snart hovdingane vert usamde og får mindre makt.
    Så snart kvar fer etter sin eigen klokskap og list, då vert allslags ulukker vanlege i det landet, og manndråp og retts-saker aukast. Då vert sume kvinner hertekne og valdtekne, og andre vert dåra med list og hjåsvæve, og born vert avla i hor eller ulovleg ekteskap. Sume gifter seg med kvinner dei er skylde til eller i mågskap med, og andre lokkar gifte kvinner frå mennene deira. I slike høve vert det gjort allslags horskap, og alle dei ætter veiknar som vert alne i slik lauslivnad.
    Då vert det og gjort allslags andre ulukker: bønder og almuge vert sjølvrådige og ulydige, og aktar seg lite for lovbrot, og bøter berre få, enda det vert gjort mange. Dei held samstyre-møte (2), lit på mengda si og folketalet sitt, og dei vel seg den utvegen som helst fører til vanskar; for dei bind seg alle til å halda saman, anten det er vise og sedsame menn eller låke folk og toskar. Dei bergar uvituge og urettvise folk frå søksmål, om dei så kvar dag gjer nok til å fortena det; anten sver dei range eidar med dei, eller ber vitne som det ikkje kan gjerast eiden på, eller òg vèr dei på tinga sine med trass og med knep, så folk som er saka, svarar ingen bøter til dei kongsmennene som skal taka vare på landstyret under kongen. For den fåkunnige almugen meiner at kongen er sett til å vera hans motstandar, og ein toskut mann tykkjer det er til ære for seg og trur at han er noko stort i augo på uvituge folk, når han ei stund kan halda seg i dette og vera utafor kongens rådvelde og føresegner.
    Og dersom dei sjølve nokon stad har saker å avgjera seg imellom, då vil den styvne stø fåmingen så han skal verta den sterkaste i tvistemålet, men den rettvise og kloke misser sin rett. Og om den hækne og ufredsame vert drepen for havesykja si, då synest dei låke frendane som lever etter han, at det er gjort dei stor skade og skard i ætta med dette. Og er det før i den ætta drepi ein mann som både har vori fredsam og vis, og hans visdom og spaklynde har vori mange til gagn, og det er bøtt for han med gods til frendane hans, då vil dei krevja same bøter for styvingen som det før var teki for den vise, eller så vil dei hemna det med manndråp.
    Men når Gud ser at det vert gjort slik ulikskap i domar med uråder og range synsmåtar, då snur han uretten attende mot dei sjølve som frå fyrst av tok til med range og urette domar. For så snart som styvingen og den griske ser at han vert vel vyrd, meir enn den vise og fredsame, og at dårskapen og havesykja hans vender seg til ære og opphøging for han, då gjer han såleis som sedvanen er hjå alle fåvituge folk: han rusar lenger fram på den vegen og kjem djupare og djupare ned i havesykja.
    Men når almugen reknar ein det til frægd og ære som er vondt, og som alle burde hata, då lærer den andre og tredje det med, og deretter den eine av den andre, alt til det vert til ein ålmenn sedvane, så einast den tykkjest vera fullgod, som er hæken og kan draga noko med urett til sin lut av det som er ein annan manns ære. Dinest fer den eine fram mot den andre med hækne, og såleis vert vondskapen vend mot dei sjølve som med stuttsynt vondskap tok til med denne uretten frå fyrst av, for til slutt heng kvar i luggen på den andre, anten med skamfaring eller med anna vådeverk, og såleis forferst alle gamle og lovlege føresegner.
Likevel krev alle at kongar og store hovdingar med skånsel skal mildna lovene storleg, men ingen av almugen vil gjera rett og skil mot den andre, kvar vil heller stiga langt over det som han frå fyrst av var rettkomen til. Men når alle lovbod og rette refsingar er komne i nedfall, og lovløyse og vondskap kjem i staden, og det vert vanleg, så Gud harmast, då tek han til den refsinga som kan nå til alle, likså langt som misgjerningane gjekk. Då kastar han hat og fiendskap ned mellom dei hovdingane som er sette over riket. Med dette kan det og fylgja uår, om det går ille, og så tek dei til å tretta seg imellom, og kvar finn grunn til skuldingar i riket åt den andre, alt til dei gjer det av med manndrap og herstrid.
    Men når uår og manndrap og herstrid tek til å fylgjast åt og spreia seg ut over alle dei som bur i riket, då er det riket ført til øyding og maktløyse, i fall ei slik tid varde ei stund. Og om sumt har stått ved lag og er haldi, av lover og gode seder, i den tida som før er nemnd, så vert det no reint avgløymt så snart ei slik tid kjem som vi no rødde om. For i krigen fell dei beste mennene og dei mest ættgode; men uår og ran og allslags ufred, som då kan koma, tek eignelutene frå dei som før åtte dei og hadde fått dei med rette, og den får det som best kan nappa det frå ein annan med ran og stuld. Når ei slik tid kjem over eit land, då har det mist både gode seder og dugande menn, gods og tryggleik og alle gode ting, så lenge som Gud vil at den plaga skal vara. Men han gjer det av si miskunn; for han har makt til å frelsa landet, når han tykkjer at folket er nok tukta for syndene sine.
    Dersom det landet vert frelst av Guds miskunn, og sidan kjem under ein einvaldskonge, så kan du sjølv tenkja etter kor sedsamt folket og kor nyttig riket må verta i den fyrste tida etter slik uro som no er omtala; for då var riket og heile folket kløyvd under mange slag seder og hugmåla åt mange hovdingar, då kvar freista på å læra list og svik, utruskap og allslags vondskap, og bruka det mot andre.
 

Noter:
1. Mågskaps-spille, ekteskap eller lekamleg omgjenge mellom giftarskylde eller skyldfolk.
2. samstyre-møte  (samveldisþing), ulovlege tingmøte, der dei vert samde om å taka seg sjølve til rettes.
3. Krist tyder han som er salva.

Kongsspegelen, red. A. Hellevik, Samlaget, Oslo 1951, 5. utgave, s. 102-108, 144-148.

Line
10.08.1999 Tilrettelagt av Frode Ulvund