Tingfarebolken i GulatingslovenLine
3        KAP. 3.  BÅDE OLAV OG MAGNUS TOK VED DETTE (1).

DET er no dinæst at me har det lovsette møtet vårt kvart år her i Gula, so mange tingmenn som me no er samde um. Magnus: Det er 60 <o. 2 menn på det ellevte ti (= 102) (2)> or Hordafylket og like mange or Rygjafylket, Magnus: 50 <O. 80> or Firdafylket, Magnus: men 40 <O. 4 menn på det sjuande ti (= 64)> or Sygnafylket, Magnus: 20 <O. 27> or Egdafylket, nemndarmenn, so som i lovene er mælt; men frå Sunnmøre 16 bønder <O. so mange som vil>  Magnus: Men to lendmenn skal vera att i Egdafylket, to i Rygjafylket, ein på Sunnhordland (3), ein i Firdafylket, ein på Sunnmøre, til å vakta folks hus og heimar mot tjuvar og ransmenn. 2. Men alle Magnus: andre Begge: lendmenn som er innan vårt logdøme, skal fara til logtinget or desse 6 fylki, utan forfall som gjeld kongen eller dei sjølv, er til hinder. Og dei messeprestane som biskopen nemner til, <O. alle som folk kjøper messor hjå (4) > to or kvart fylke, og alle årmenn skal koma her forfallslaust. 3. Men for dei er det mælt (gjort til) forfallsgrunn, um kongen kjem i eit fylke og byd årmannen sin i det næste fylket syta for mottaking og veitsle til seg. 4. No er det dinæst at me skal koma her so mange tingmenn som no er nemnt Magnus: Petersmesseaftan (5) <O. torsdag i påskevika> Begge: medan sol er uppe. 5. Men um dei ikkje kjem, då er dei bøteskuldige (vittir), kvar mann av dei som er nemnde til Gulatinget, um han kjem seinare enn eidane (6) er framførde. 6. Men um han kjem fyrr, men likevel etter møtedagen vår, då skal han bøta ein øyre. 7. Men um alle mennene frå eit fylke forsømer å koma, då skal dei våren etter hava med seg dit 40 merker (i bot), det eig me lovfelagar (logdømet) halvt, men helvti eig kongen vår. 8. Men um ein fjordepart eller åttandepart av mennene forsømer å møta, då skal ein draga fra i den nemnde summen etter manntalet. 9. Men um einskilde menn forsømer det, då skal dei bøta 3 øyrar. 10. Olav. Men me skal skaffa mat og pengar til dette or dei 6 fylki, ein halv månadsmat (7) til kvar mann, utan vegen er lengre, og eit såld (8) malt og ein øyre sylv. 11. Men den mann som forsømer å yta til dette, han hindrar då ferdi til tingmannen, han skal då bøta 3 øyrar for det. 12. Magnus. Men or Egdafylket skal det fara ein mann frå kvar skipreide, og skipreidone skal jamnast til soleis at 20 mann fer; og det skal reidast ut to månadsmatar smør og det same av mjøl, ein vegen øyre sylv eller so mykje i tald mynt som då vert slege av ein øyre, og eit såld malt. 13. Men dei skal fara, som lendmennene, eller årmennene eller syslemennene nemner til. 14. Men denne gjerdi (utreidsla) skal svarast etter fe-mengdi (d. e. liknast ut etter medelen). 15. Men tri pund (9) smør skal ein reida ut i denne gjerdi. 16. Men or Rygjafylket [skal det fara] 15 menn frå kvar fjordung, og reidast ut til kvar mann halvannan månadsmat smør og det same av mjøl, ein vegen øyre og eit såld malt. 17. Og like mange or Hordafylket, og reidast ut til kvar mann ein månadsmat, ein øyre sylv og eit såld malt. 18. Men or Sogn 10 menn frå kvar fjordung, og reidast ut til kvar mann ein månadsmat og ein vegen øyre og eit såld malt. 19. Men 13 menn frå kvar fjordung i Firdafylket, og reidast ut til kvar mann ein månadsmat og ein vegen øyre og eit såld malt. 20. Men frå Sunnmøre skal reidast ut til kvar av dei 16 mennene 2 månadsmatar av kvart, ein vegen øyre og eit såld malt. 21. Men den mannen som forsømer å yta til dette, han hindrar då ferdi til tingmannen, han skal då bøta 3 øyrar for det. 22. Olav. Alltid når tingmennene vert skuldige vite (tingbøter) i Gula, då skal pengane verta framgreidde der. 23. Men dei pengane eig alle Gulatingsmennene. Då er det vèl um han (den skuldige) sjølv betalar, eller venene hans; men um han ikkje vil, då skal kongsårmannen eller lendmannen betala dei, kvar i si sysle, og taka det doble att heime.

Noter:
1. Yverskrifti i B er: Skipingi til den heilage Olav og Magnus konge. 
2. Det som i dette kapitlet og i fleire kapitel lenger ute står millom <--> merkt med O. (= Olav), er i A skrive millom linone, ovanfor dei ordi som kjem nett fyre. Olav er Olav den heilage; Magnus (eller M.) er Magnus Erlingsson og står til merke på at slik vart teksti frå hans tid. At begge tekstene er tekne med, heng visst saman med den regelen, som me kjenner frå Island, at sedvanen avgjorde um eit nymæle skulde verta log.
3. Sv 2 skyt inn: ein i Sygnafylket. 
4. D. e. sokneprestar. 
5. Den 28. juni. 
6. Her er visseleg tenkt på logrette-eiden; formularen for den finn ein fyrst i Jarnsida kap. 3: at han skal døma so i kvar sak som Gud gjev han best vet til, og det alltid når han er nemnd i logretta.
7. Ein månadsmat er mat til ein mann i ein månad. Det trongst matvaror av 2 slag: smør (d. e. suvl) og mjøl (grjon). I månadsmaten gjekk det av smør 36 merker (sjå  §§ 12 og 15) og av mjøl 72--96 merker, jfr. Steinnes, s. 138.
8. Eit såld var ikkje like mykje alle stader; etter nyare upplysningar var det 97,2 l. i Sogn og Hardanger, 64,8 l. på Voss (Steinnes, s. 153). 
9.  Bismarpund; eit bpd. var 24 merker.
 

Gulatingslovi, Norrøne bokverk 33, oversatt: K. Robberstad, Samlaget, Oslo 1937, s. 19-21.

Line
10.08.1999 Tilrettelagt av Frode Ulvund