Tingfarebolken i FrostatingslovenLine
I. Tingfarebolk

1.  ... ] det er omtala. Om ein let vera å gjera sin skyldnad, då skal han bøta slik det fell seg av to merker. Og ferdapengar til tinget skal allstad innanfjords mottakast tre netter før ein skal fara. Men utanfjords skal den som fer, taka avgjerd om dette. Den som skal fara, skal ikkje skyta til anna enn ferda si. Og den som skal fara, skal dra til årmannen med vitne og be han gjeva seg ferdapengar til tinget. No er det såleis sagt at om årmannen gjev han pengar til tingferd, då har han hine til vitne i fall han ikkje gjer sin skyldnad slik lova seier. Årmannen skal då ha helvta og alle fylkesmennene andre helvta. No om årmannen ikkje gjev han pengar som det er sagt, då skal hin fara åt som før. Men årmannen skal henta bota og ha helvta, og helvta den som for. Årmannen skal ikkje gjeva nokon som er utpeika til Frostatings-ferd, løyve til å sitja heime. Men om han gjev løyve til det, då er hin straffeskuldig som før. Og årmannen har ikkje søksmål mot dei som han gjev lov til å vera heime. Men bøndene, dei som fer til tings, har søksmål mot dei og skal bera det fram på neste ting og krevja av dei som har fare slik åt, at dei vedtek å oppfylla skyldnaden sin. Men om dei ikkje vil binda seg til å gjera det, då skal dei andre stemna dei til tings frå tinget saka gjeld. Og om dei framleis ikkje vil greia ut, då skal bøndene gjera utpanting og taka ein halv gong så mykje meir. Den som ikkje er med på utpantinga, skal bøta seks øyrar til kongen. Og om årmannen sit heime utan lovleg grunn, skal han bøta ei tald mark til dei bøndene som for til tings. Likeins er det med dei som er utpeika til tingferd, og som sit heime.

OM VEBAND SOM ÅRMENNENE GJER

2. Det er gammal rett at årmannen frå kvart fylke skal gjera veband her på tingvollen. Og så vide skal vebanda vera, at alle som er oppnemnde i lagretta, skal ha rom til å sitja innom dei. Årmennene skal nemna opp så mange til lagretta frå kvart fylke som sagt er. Frå Inntrøndelag skal det nemnast opp førti mann (1) frå kvart fylke, men frå Uttrøndelag seksti mann frå kvart fylke, og dei menn skal nemnast til lagretta som eldst er og best føre til å dra. Lendmenn skal ikkje komma i lagretta om ikkje bøndene gjev løyve til det. Så er det òg sagt at ingen mann som ikkje er oppnemnd, skal sitja innom vebanda utan å bøta ei mark for det. Alle menn som er oppnemnde, skal sitja i lagretta så lenge folk vil ha ting, utan når dei treng ganga for seg sjølv. Men om nokon gjeng frå lagretta og utom vebanda i anna ærend, er han straffeskuldig ei tald mark. Dei menn som er oppnemnde i lagretta, skal dømma etter lova om dei tvistemål som er skotne inn dit etter ankeretten, i samsvar med det lovboka seier, og om dei søksmål som menn tek kvarandre i hendene på framom to vitne når vitnemål vert lagt fram. Men alt det boka ikkje gjer greie for, skal for kvart søksmål ha som utgang det som lagrettemennene vert samde om og som er rettast for Gud.

VIDARE OM GODE SEDER PÅ FROSTATINGET

3. Det er erkebiskop Øysteins råd og bod med tilslutnad frå dei kunnigaste menn, at mennene skal ganga fastande til tings, søkja ting når sola er i aust og vera på tinget til nons. Og den presten som rår for lovboka  (2), han skal ringja med storklokka når han vil ganga til tings med boka, og den klokka skal ikkje ringja til anna medan tinget stend på. Men om nokon slår seg på mat eller drykk og røktar det meir enn tinget, han får ikkje fremja rettsleg krav på noko søksmål det året, kva sak han så har å føra på Frostatinget. Øl skal ikkje førast til tings, korkje for sal eller på anna vis. Men om det vert teke med, då skal det kverrsetjast og tingmennene ha det. 

OM ØYRATING

4. Øyrating skal menn frå dei åtte fylka halda tolvtekvar månad, ein halv månad før jonsmesse. Årmannen skal skjera tingbod, og kvar bonde som har arbeidshjelp, skal fara, elles lyt kvar den som ikkje fer, bøta ei heil mark målt i brent sølv. Til det tinget skal bøndene møta utan varsel jamvel om årmannen forsømmer seg. Men årmannen skal ikkje saksøkja nokon om han ikkje har skore tingbod.

OM GRID TIL FROSTATINGET

5. No skal det seiast frå om kva grid dei menn som er oppnemnde til Frostatings-ferd, skal ha. Oppnemnde menn og alle dei som fer til tings, skal kvar og ein fara i grid med andre medan dei er undervegs på tingferd til Frostatinget og til dess dei kjem attende til heimen sin. Men om nokon av dei gjeng til åtak på den griden, då har han spilt land og lausøyre og rettstrygd for alle menn, og må han aldri komma attende i landet.

MED LOV SKAL LANDET VÅRT BYGGJAST

6. Med lov skal landet vårt byggjast og ikkje med ulov øydast (3). Og den som andre ikkje så vil unna, skal sjølv ikkje nyta godt av lova.
 

Noter:
1. Det som her står om at årmennene skal nemna opp "til lagretta" førti mann frå kvart fylke i Inntrøndelag og seksti frå kvart i Uttrøndelag, er mykje omdiskutert i litteraturen. Dei fleste meiner at det her har komme inn ein feil, og at desse tala eigentleg gjeld den totale representasjonen på tinget (sjå s. XXVII).
2. I den norrøne teksten står det en prestr sá er boc scal ráða... Dette kan òg omsetjast: 'og den presten som skal tyda lovboka'.
3. "Med lov skal landet vårt byggjast og ikkje med ulov øydast." Dette vakre fyndordet finst ikkje i dei gamle norske lovene anna enn her, men det første leddet har mange parallellar både i islandsk, svensk (mellom anna upplandsk) og dansk (jysk) lov frå mellomalderen, ja kan førast heilt attende til romarretten: "Civitas fundaretur legibus" ("Samfunnet skal byggjast med lover") heiter det i eit ord etter romaren Sextus Pomponius kring 150 e. Kr., attgjeve i dei såkalla digestane frå 530-åra. Den siste delen, "og ikkje med ulov øydast", finst likevel berre i Frostatingslova og (herifrå?) i den islandske lovboka Járnsiða (1271). Kanskje har desse orda vorte utforma med lovløysa og valden i borgarkrigstida (1130-1240) som bakgrunn. (Sjå Robberstad 1950: 7-17). Sitatet er også litterært kjent av di det er nytta i Njáls saga (kap. 70) i samband med eit tvistemål på Alltinget: "Det er ikkje forliksbrot," seier Njål, "at kvar søkjer sin rett etter lova, for med lov skal land byggjast og ikkje med ulov øydast." Det er rimeleg å tru at sitatet er komme inn i Njáls saga frå Járnsiða.
 

Frostatingslova, Norrøne bokverk, oversatt: J.R. Hagland og J. Sandnes, Samlaget, Oslo 1994, s. 13-15.

Line
10.08.1999 Tilrettelagt av Frode Ulvund