Om træl og løysing i FrostatingslovenLine

OM EIN MANN KJØPER EIN TRÆL AV ANNAN MANN

41. Om ein mann kjøper ein træl av ein annan mann, då skal den som salsmann er, innestå for trælen dei neste ni åra mot styng og stivkrampe (1) og for heimel på han så lenge han lever. Og om seljaren fell ifrå, då stend arvingen hans inne for salet.

OM TYRMSLER OG ARVETILHØVE FOR EIN LØYSING

11. I ei løysingsætt stend fire menn i tyrmsletilhøve til husherren og den femte er ute av det, jamvel om det ikkje er frikaup. Og den løysing som har halde frelsesølet sitt, eller kjøpt seg fri med trygd, han skal taka arv etter son sin, dotter si og soneson sin. Sønene av ein løysing skal taka arv i seks arvetilhøve: etter far, mor, son, dotter, bror, syster og etter soneson som den sjuande. Såleis skal son av ein løysing taka arv, sonesonen hans og son av denne, som arvar på det viset. Dotter og syster skal arva sameleis som son og bror, om desse ikkje er til; og kvar av dei skal syta for den andre. Men når desse seks ikkje lenger finst til, då vender all arverett attende til husherren, til niande kne og likeins forsyting, om det trengst. Om ein løysing tek seg kone, anten han no tek ei løysingkvinne eller ei friboren, då fell to delar både av omsorg og av arv på faren og husherren hans og ein tredel på mora sin part. Og dei born som fell på mora, kjem or tyrmsletilhøve til husherren om ho er friboren.

OM FRELSESØL

12. Om ein træl kjem seg til jord eller gard, då skal han gjera frelsesøl for seg, kvar mann øl av ni mæler malt, og gjera fyrste snittet i ein ver. Ein friboren mann skal skjera hovudet av, og husherren hans skal taka halsløysinga av halsen på han (2). No vil husherren hans gjeva honom løyve til å halda frelsesøl, då skal han med to vitne be husherren om å få gjera frelsesølet sitt og byda honom med fem mann til drykkjelaget han vil halda som frelsesøl for seg. [ . .] (3). Han skal i alle høve halda det og lata høgsetet åt husherren og kona hans vera i fred. Men om husherren hans røkjer etter om han har gjort frelsesølet sitt, då skal han føra fram vitna sine, dei som var til stades og drakk det ølet, og lata dei bera vitne om det på tinget. No ber dei fram vitne på at det var fullt etter lova, då skal det så vera. Frå då av skal det kunngjerast kvar tiande vinter, og han skal dra nytte av dei vitna når han har tarv å taka til dei. Det er fullgyldig jamvel om det ikkje vert kunngjort kvar tiande vinter, når dei som høyrde det på tinget, kan bera vitne på det. 

OM LANDNÅM

15. I landnåmsbot (4) skal ein hauld taka seks øyrar, lendmann ni øyrar, og alt sakgildt, med mindre det er brot på nedlagt forbod. Men ein biskop skal taka to merker og ein jarl to merker, og kongen tre merker, erkebiskopen tjue øyrar, ein abbed tolv øyrar og likeins abbedissa, men ein årboren mann fire øyrar, ein rekstegn tre øyrar, løysingsson to øyrar, løysing fire ertogar.
 

Noter:
1. I Gulatingslova står seljaren berre inne for salet "til månen har vore i ny og near", det vil seia i ein månad. Lista med lyte som seljaren skulle stå inne for, var svært mykje lengre i Gulatingslova (kap.57).
2. Halsløysinga synest å vera den summen som trælen gir for å verta fri. Truleg har denne vore lagd i ein pung e.l. Det er ikkje klårt om formuleringa "av halsen på han" viser til vêren eller trælen. Sjå elles NgL V: 262 under halslausn.
3. Noko synest her å vanta av teksten, jf. NgL 1: 212.
4. Om landnåmsbot, sjå merknad 44 til XII, 4. 

Frostatingslova, Norrøne bokverk, oversatt: J.R. Hagland og J. Sandnes, Samlaget, Oslo 1994, s. 94, 141-142, 194.

Line
10.08.1999 Tilrettelagt av Frode Ulvund