Løysingslov i GulatingslovenLine

KAP. 1. [LØYSINGSLOV] .

DET ER NO DINEST AT EIN KJØPER TRÆL AV ANNANMANN, DEI GJER KJØP ETTER LOV OG LYRITT (D. E. LYDRETTR, RETTEN ÅT FOLKET), SELJAREN SKAL HAVA ÅBYRGDI TIL ETTER NÆSTE NY OG NEAR, AT TRÆLEN IKKJE SYG KYR, OG FOR STIVKRAMPE OG FOR STYNG og for alle fårlege sotter og for det at han sjølv ber ut landet sitt og held seg rein i klædi og hava åbyrgdi for alle løynde lyte den fyrste månaden. 2. No um det finst eit sovore lyte, då skal det kjøpet gjerast umatt med vitne i den fyrste månaden. 3. Men um trælen har løynbarn, då skal den som selde trælen, syta for barnet. 4. Men um trælen eig orke (1), då skal han hava det til barnfolge (2) (barnfulga). 5. Men um trælen bur uløynt saman med kona si, då skal kjøparen hava umsuti for det barnet ho då går med, men hin for alle dei som var til fyrr. 6. No er det og eit løynt lyte um trælkvinne er med barn og kjøparen ikkje veit det. Då skal den hava åbyrgdi som har barnet med henne, når ho kjem i barnseng, um det vert til mein eller bane for henne, til dess ho kann bera to fat vatn frå brunnen. Då skal han (kjøparen) fara med barnet, og lata mori fylgja, dit der seljaren er, og bjoda han trælkvinna og føra barnet til faren (fœra barn feðr á hendr). 7. Han skal låna ut trælkvinna um hin treng henne til å segja farskapen på nokon. Då har han etter lovene ført det barnet frå seg, og have vitne på det. 8. Kvar mann skal bøta rettsbot for trælen sin som for seg sjølv, um han ligg med ei kvinne. 9. Arvingen skal taka rettsbot for kvar kvinne, utan ho er gift. 10. Den skal vera barnefar, som mori segjer er far. 11. No segjer ho farskapen på ein træl, då skal dei heimstemna drotten (herren) hans og føra heimstemnevitne; der skal han festa lyrittareid for trælen sin, elles skal han taka mot barnet. 12. Men um han ikkje vil gjera noko av dei to ting, då skal [hin] leggja barnet der og gjeva han åbyrgdi. 13. Soleis skal ein føra barn av fri kvinne frå seg, som trælkvinnebarn. 14. No segjer trælkvinne farskapen på ein fri mann, då skal dei heimstemna han til kravsmål og til å taka imot barnet. 15. Dit skal han fara på den tid hin skal vera heime etter heimstemningi, og føra heimstemnevitne. 16. Men ho skal segja farskapen på han; då skal ho krevja rettsboti si og barne-mottaking av den mannen som ho rette påsagnet mot. For ingen skal bera barn ut på vegane og bjoda mannen det der. 17. No er det vèl um han svarar ja; då er det hans tyborne barn; men um han svarar nei og segjer han ikkje eig i det, og vil korkje festa rett eller taka imot barnet, då skal ein leggja det ned der; for hans nei er ikkje-noko utan han byd lyrittareid og fester den der straks. Då skal saksøkjaren hava barnet burt med seg, men eidane skal vera sverjande (scolo standa) i 10 vikor sverjedagar (3). 18. Lyrittareid skal (vera nektingseiden) for kvart legemål (legord), utan mannen er so nær skyld eller verskyld kvinna at det vert udådsverk, då er det settareid. 19. No um han gjer den eiden, då sver han seg fri det barnet, då har korkje han eller frendane hans nokor åbyrgd for det. 20. No likjest barnet han, og han ser at han har missvore eiden, då skal han fara i folkesamling og segja at det er hans barn og bøta til Krist fordi han har missvore; då er det hans tyborne barn. 21. No har han fest eiden og vil ikkje sverja han, då skal han betala til hin i seks-alne-øyrar (4) for kvar månad medan hin føder barnet (umagi) hans. 22. No skal det eidfall vera søkt, som kvart anna, i dei fyrste 12 månadene, elles er eiden som gjord, etter lovmålet vårt. 23. No um hin, som let eiden falla, ikkje gjer krav på barnet sitt i dei fyrste 12 månadene, då skal den andre føda det upp til træl eller trælkvinne åt seg, for ingen av oss skal ala træl for ein annan som ein påsett kalv. 24. No vil han koma etter [barnet] når det er vakse og kalla det sitt, då skal han løysa det ut med so stort vederlag som uvildige menn set at trælen er verd utan orke. 25. No vedkjenner ein mann seg barnet sitt og ber det til kyrkje fyrr det har (levt) 3 jolenæter, og gjev det fridomen, då er det jamrettesmann med far sin, når han føder det upp i ætti si. På same vis kann frenden hans gjeva han fridomen på hans vegner, og føder han det upp i ætti si, då er det jamrettesmann med far sin.

61  KAP. 5. UM NOKON GJEV TRÆL FRI.

NO leider nokon trælen sin til kyrkje eller set han på kista og gjev han fri. 2. No um han gjev han fri utan skatt og skuld, då treng hin ikkje gjera fridomsgildet sitt; og heller ingen (treng det), som fell fri til jordi (5). Då skal han sjølv råda for sine kjøp og giftarmål; likevel skal han vera i tyrmsler (6) til den lovlege drotten (skapdrottinn) sin, sameleis som hin som betalar løysesum. 3. No gjev ein trælen sin eller trælkvinna si fri mot løysesum: fri er kvar som fri er gjeven, um den gjev som gjeva kann. 4. No fer træl fri manns ferd 20 vetrar eller lenger enn 20 vetrar, og klandrar ingen mann hans ferd eller hans kjøp eller hans giftarmål, anten han fer utanfylkes eller innanfylkes, då er han fri, um han vil kalla seg fri. 5. Den mann som kongen gjev fridomen, han skal ikkje gjera fridomsgildet sitt; og likeins den som vert frigjeven fyrr han har [levt] 3 jolenæter når han sidan vert uppfødd skuldelaus. 6. No betalar træl eller trælkvinne løysesummen sin (træleverdet), då skal (drotten) føra dei til kyrkje og leggja [evangelie-] boki på hovudi deira og gjeva dei fridomen. 7. No skal han deretter arbeida 12 månader for skapdrotten sin. 8. Men um han er frigjeven soleis at halve løysesummen eller meir står til rest, då skal kongen ikkje hava noko for det, um han (drotten) søkjer det som står att, med hogg (7).

62 KAP. 6. UM  FRIGJEVING.

NO vil ein løysing råda for kjøpi og giftarmåli sine, då skal han gjera fridomsgildet sitt, 3 sålds gilde (8) i det minste, og bjoda skapdrotten til gildet med vitne, og ikkje bjoda saksmotpartar av han, og sessa han i andveget (9) og leggja 6 øyrar i skålvekt den fyrste kvelden (i gjestebodet) og bjoda han dei i løysingsøyrar. 2. No um han tek imot dei, då er det vèl. 3. Men um han gjev dei etter, då er det som det var betala. 4. Men um han ikkje vil koma, då skal han (løysingen) føra vitni sine, at han baud han dit, og lata høgsætet hans stå tomt, og leggja 6 øyrar i skålvekt og bjoda dei fram i sætet hans den fyrste kvelden, det skal kallast løysingsøyrar. 5. Men um han har gjeve nokon mann umbod til å taka imot, då er det vèl. 6. Men um ingen tek imot, då skal han gøyma (pengane) til morgonen etter og bjoda dei fram ein gong til ved matmålet. 7. Men um då ingen mann tek imot, då skal han hava dei og gøyma dei til dess han hentar som hava skal. Då er fridomsgildet gjort til fullnads.

63  KAP. 7. UM GIFTARMÅLET TIL LØYSINGAR.

NO får ein løysing, som har gjort fridomsgildet sitt, ei ættbori (10) kone, og dei vert skilde i levande live, då skal alle borni fylgja henne. 2. Men um ho døyr fyrst, då skal alle borni førast attende til faren og leva av hans gods so lenge det varer; og når det er uppete, då skal alle borni atter fylgja den betre ætti (d. e. morsætti), og han (faren) (skal vera) under skapdrotten sin. 3. No får ein løysing, som ikkje har gjort fridomsgildet sitt, ei ættbori kone; korleis so skilnaden deira vert, då skal alle borni fylgja henne. 4. No får ein løysing ei løysingskvinne, og hennar fridomsgilde er gjort, men ikkje hans, då får borni ikkje arverett etter noko av dei. 5. Men um hans fridomsgilde er gjort, og hennar ikkje, og ettergjev skapdrotten likevel sin arverett etter henne (11) då vert borni rettkomne til arv etter begge. 6. No får ein løysing ei løysingskvinne, og skapdrotten til den eine har samtykt, men ikkje (skapdrotten) til den andre; den som ikkje samtykkjer, kann då rekna seg med um det er medel å skifta, men er det fatigdom, då kann han rekna seg frå i eitt og alt. 7. No får ein løysing ei løysingskvinne og fridomsgildet til begge er gjort, då er borni rettkomne til arv etter begge. 8. Men um dei kjem i naud, då er det gravgangsmenn: ein skal grava grav på kyrkjegarden og setja dei i den og lata dei døy der. Skapdrotten skal taka upp den av dei som lever lengst og føda den sidan. 9. No får ein løysing ei løysingskvinne, og ingen av dei har gjort fridomsgilde; no får dei born saman, då er dei jamrettesmenn med far sin. Dei skal då arbeida for kall og kjerring (d. e. i staden for foreldri). 10. Men um nokon vil fara burt, då skal den leggja 3 merker i sin stad. 

66 KAP. 10. UM TYRMSLER SOM LØYSINGAR HAR TIL SKAPDROTTEN.

NO skal løysing ha tyrmsler til skapdrotten. Ikkje skal han vera med i svik mot han, korkje med umsyn til gods eller liv, ikkje i domar mot han utan han har si eigi sak å verja, då skal han verja seg mot han som mot andre menn. Og ikkje [skal han] jamna seg med han i ord, og ikkje venda odd eller egg imot han, og ikkje fylla hans fiendsflokk, og ikkje bera vitnesburd imot han, og ikkje gå [hans] yvermann til handa utan med løyve, og ikkje setja (nemna upp) andre menns dom imot han. 2. Men um han gjer noko av dette, då skal han fara attende i den same sessen som han sat i fyrr, og løysa seg derifrå med full løysesum; godset sitt har han òg forbrote. 3. To leder, far og son, skal hava tyrmsler til hine to. 4. Men um son hans gjer noko av dette, då vert han saka til skapdrotten sin slik løysesum som far hans betalte. 5. I 20 vetrar skal ein løysing åbyrgjast vitnesburd (d. e. provet) um at han har gjort fridomsgildet sitt. Men um ingen klandrar hans gjerd (av gildet) i 20 vetrar, då skal det likevel reknast for gjort um det so er ugjort, um han vil segja det er gjort. 6. Ein løysing kann kjøpa arverett åt borni sine, um dei (d. e. han og skapdrotten) vert samde; då er det jamgodt med at han hadde fått si stode gjort klar (d. e. halde fridomsgilde). 7. Men um dei (foreldri) kjem i naud og (arveretten) er kjøpt, då skal borni deira arbeida for dei (hjå skapdrotten) medan dei lever, og gå skulde-lause burt (når foreldri er avlidne). 8. Men um dei (borni) ikkje vil det, skal det av dei som vil fara burt, betala fosterløn (for foreldri).
 
 
 

200  KAP. 51 . UM FOLKS RETTSBOTKRAV.

NO tek løysing for seg 6 øyrar i enkel rettsbot. Men son hans ei mork i enkel rettsbot. Bonde 12 øyrar i enkel rettsbot. Hauldmann 3 merker i enkel rettsbot. Lendmann og Stallar 6 merker i enkel rettsbot. Jarl og Biskop 12 merker i enkel rettsbot. Lendmannsson skal taka hauldsrett, um han ikkje får land. 2. Alltid når ein mann vert skamfaren (ofundaðr) eller slegen, då skal kongen hava 15 merker for det. 3. Kvar mann som hogg får, han skal taka ei rettsbot til (annan rett sinn) or hundradet, fyrr enn årmannen tek (resten) (12).  4. No skal alle menn taka rett etter fedrane sine, berre dei undantekne som det er fastsett noko anna for. Skutelsvein skal taka hauldmanns rett, i enkel rettsbot. Biskopsson, og jarlsson, og stallarsson, og skutelsveinsson, og presteson og årmannsson skal taka slik rettsbot som dei har ætt til, um dei ikkje får sovoren titel (nafn) som far deira fekk. 5. (13) Islendingar har hauldsrett medan dei er i kjøpferder, til dei har vore her 3 vetrar, og har havt bustad her; då skal han hava slik rett som menn vitnar han rettkomen til. 6. Alle andre utlendingar som kjem hit til landet, dei har bonderett, utan dei fører vitne på anna.
 
 

Noter:
1. D. e. slikt som trælen sjølv åtte (peculium). 
2. Vederlag for å fostra barnet upp.
3. Sjå kap. 135 § 2.
4. Giallda hinum sex alna eyris; kor stor summen skal vera, er ikkje sagt. Men etter kap. 115 § 14 er ei halv mork for året upphaldspengar for ein umyndig. - Seks-alne-øyren er ein øyre som svarar til 6 alner vadmål. I kap. 235 er 3 ertogar = 1 øyre = 10 alner vadmål, og i kap. 243 er det rekna med 12-alne-øyrar. Tolv-alne-øyren var truleg 1 øyre brent sylv (Steinnes s. 136).
5. D. e. vert fødd fri (av fri mor). 
6. Sjå kap. 66.
7. I denne samanhengen vert den frigjevne rekna for træl framleides, det er ikkje fredsbrot um drotten brukar makt til innkrevjingi. 
8. D. v. s. det skal bryggjast øl av 3 såld malt til gildet. 
9. Husbonds-sætet, høgsætet.
10. D. e. av bonde- eller hauldsætt. 
11. Oc iatter Þo skapdrottenn hennar vón undan sér, dette vert òg umsett: og gjev skapdrotten henne likevel von um å verta frigjevi (Hertzberg i NgL V s. 684).
12. Jfr. kap. 189 § 10.
13. Jfr. med § 5 avtala til Olav d. heilage med islendingane um retten deira i Noreg, NgL I s. 437, Maurer Vorl. III s.27.
 

Gulatingslovi, Norrøne bokverk 33, oversatt: K. Robberstad, Samlaget, Oslo 1937, s. 77-80, 82-86, 180.

Line
10.08.1999 Tilrettelagt av Frode Ulvund