Leidangsbolken i FrostatingslovenLine

VII. Leidangsbolk (1)

Her byrjar kapitla i den sjuande delen av boka

HER VERT DET SAGT FRÅ OM UTFAREBOLKEN (2)

1. Kongen skal rå for bod og bann og rå etter lovene. Men om skip ikkje vert utreidde i eit fylke, då skal det bøtast tre merker for kvar rorsplass. No skal det byggjast leidangsskip og vyrke fåast til vegar. Då er det seks øyrar for kvart tre som vantar eller om heile bygginga fell bort. No skal saum til skipet fåast til vegar. Om då tilverking av ein nagle vantar, så skal den som skulle gjera det, bøta ein øyre for kvar nagle som skortar til det kjem opp i seks naglar. Då vert det seks øyrar, og den saum som trengst, skal likevel fåast til vegar. Men det skal ikkje vera meir i saumbot ved bygging enn seks vegne øyrar, anten det er ein mann eller heile bygginga som sviktar. Skipet skal bredast straks det er bygt. Og om det skortar eit tjørespann, då skal det bøtast seks øyrar. Slik er det om heile verket fell bort eller om ein mann let det falla. Då lyt han bøta seks øyrar, og det skal bøtast seks øyrar (3) om heile verket fell bort, og sameleis om berre ein mann let det falla.

OM AVTALE MED SKIPSBYGGJARAR

2. Om bøndene let byggja skip, og dei avtalar med skipsbyggjarar og set stemne om kva tid oppgjer skal greiast ut, når dei då er komne til det stemnet der det skal greiast ut, då skal dei òg greia ut som vert sitjande att i skipreida. Om einkvan dreg bort, då skal han ikkje leggja oppgjer etter seg. Men den som kjem til skipreida før stemnet, han skal betala. Sameleis er det om bøndene skal kjøpa skip, då skal ein fara fram såleis som det no var sagt om det å byggja. Men om nokon ikkje vil svara sin del på det stemnet som er omtala, då skal bøndene fara til han, dei som bur i skipreida med kongens årmann og taka frå han slikt skipsverd som han skulle greia ut og like mykje attpå. Bøndene skal ha det som kjem i tillegg, og årmannen bot om det så ligg føre og han vil fara åt mannen. Om han ikkje vil fara, skal han ingenting ha, men bøndene kan fara dit utan straff. Når bøndene set i gang med skipsbygging, og bygginga tek til, då skal dei råda som vil byggja og hine som ikkje vil, bøta bøter. 

OM NAUSTBYGGING

3. No skal det byggjast naust. Då skal det bøtast tre øyrar om eitt tre vantar, og såleis er det om så heile bygginga fell bort. Og om ein mann bryt ned eit naust som er gjort over eit leidangsskip, då er han skuldig tre merker i straff om han vert sannkjend i det, og han skal gjera eit jamgodt naust i staden. Men om han nektar seg skuldig, då Iyt det Iyrittareid til.

OM DET SOM TRENGST TIL REIE

4. Bøndene skal syta for reip til skipet. Og om det vantar stag, då er det bot på tolv øyrar om å gjera; og for kvart dragreip ei halv mark, for kvart brasetau ei halv mark, for kvart vant tre øyrar og tre for kvar støding. Og for kvart par skautreip er det to øyrar, ein øyre for kvar hevle som skortar, og ein øyre for banda åt eitt søft til dess det kjem opp i seks. Men bot for vantande hankar vert aldri meir enn seks øyrar i ei gjerd, [for telting tre øyrar] (4), og for kvart søft er det ein øyre om å gjera. 

OM SEGL

5. Om det ikkje vert skaffa segl til vegar åt det stemnet som er omtala, då skal det bøtast seks øyrar for kvar yting. Men om det vantar vadmål til ein stav i seglet, då er vedkommande mann skuldig seks øyrar i bot, og seks øyrar om så heile utreisla fell bort. Og tre øyrar er det om å gjera for mastretreet og tre øyrar for råa, tre for beitiåsen og tre øyrar om ein mann ikkje svarar for sin del i ankeret, men tolv øyrar for heile ankeret. Og skipet skal liggja nedsøkkt i fem netter før det vert ausa opp, og før maten vert boren ombord. Og om skipet til bøndene er i slik stand når mat og klede åt mennene vert bore om bord at mennene Iyt ausa halve tida, då er det sjøført. Men om det er meir lekt, då er det ikkje ført, og det ligg ikkje straff på rorskarane om dei forlet det.

OM TINGFERD

6. Det er seks øyrar i bot for ein bonde, om han ikkje fer til tinget der det skulle vedtakast å byggja skip. Og det er tre øyrar om å gjera om han ikkje fer til tinget der det skulle vedtakast å setja opp naust.

KONGEN SKAL NEMNA OPP SKIPSSTYRAR

7. Kongen skal nemna opp styresmenn til alle skip. Om ein skipsstyrar dreg seg unna og ikkje vil fara, då er det seks merker bot om å gjera for han. Skipsstyraren skal nemna opp rorskarar, og om ein rorskar dreg seg unna på fyrste ting, då er det tre merker om å gjera for han. Han skal fyrst nemna opp lauskarar, og når alle dei som er lauskarar og arbeidsføre menn er oppnemnde, då skal dei bønder som har folk i teneste, veljast. Men om det endå ikkje rekk til, då skal to som driv åleine, fara og den tredje vera heime. Og kvar ein leidangsmann skal skorast (5), den som driv åleine liksåvel som andre menn. 

OM MANNTALSTING
 
8. Om det vert halde manntalsting, då skal alle bønder møta, både lendmenn og årmenn og kvinner som driv gard åleine, om ikkje naudsyn hindrar. Men om noko kjem i vegen, skal ho likevel senda ein mann til tings for å sverja manntalseid for hushaldet sitt. Men om nokon sidan vert funnen løynd i huset åt bonden, då er det slik straf om å gjera som han sjølv måtte ha svore. Og om ein bonde ikkje kjem til tings for å sverja manntalseid, og ingen på hans vegner, då skal bøndene rekna han leidangspliktig for så mange mann som dei vil, og han Iyt halda seg til den ytinga dei neste tolv månadene. Seks øyrar i bot er det for ein bonde om han ikkje kjem til manntalsting når naudsyn ikkje hindrar han. Såleis er det for kvart av dei tinga som skal førebu leidangsutgjerd til dess han er budd til å draga. Dei brota på tingordninga er alle utrekna i brent sølv. Men om ein lendmann eller ein årmann ikkje kjem til manntalsting og ingen mann på deira vegner for å sverja manntalseid, då skal dei ileggjast leidangsplikt for så mange mann som bøndene vil, og den gjerda skal standa ved lag dei neste tolv månadene. No har mennene fastsett leidangsplikta, og så døyr ein mann frå utreisla. Då skal det ikkje greiast ut leidang for han. Men om maten er kommen i kiste eller mjøl i skinnbelg, då skal all yting elles fylgja med. Og om ein mann dreg seg unna leidang eller leidangsferd, då skal årmannen ha gjort søksmål i saka før skipet har komme på lunnane att, om dei har vore ute i full leidangstenestetid, elles har han spilt søksmålet sitt. Og årmannen skal føra sak på tinget om at mannen har gjort leidangsteneste og ikkje drege seg unna, då er han fri for det søksmålet. Men om årmannen eller gjaldkjeren skuldar ein mann for at han stend til rest med eitt års leidangsyting, då skal han det gjeld, sverja einseid for seg på det. Og om den eiden fell, då skal han bøta i samsvar med lova. 

KVAR MANN SKAL GJERA LEIDANG DER HAN ER
NÅR DET VERT INNSKRIVE

9. Kvar mann skal svara leidangsplikt der han oppheld seg natta før den morgonen manntalet vert gjort, og der heimstaden hans er og fara ut derifrå om han vert utpeika. Men om han så ikkje gjer, eller ikkje fer der han vert utpeika, då er det som om det vore ugjort, eller som om han ikkje har fare, jamvel om han fer annanstads frå. I båe tilfelle bøte han slik som fastsett er.

KVAR MANN SKAL GREIA UT LEIDANG
FOR SINE UMYNDIGE

10. For sine umyndige skal kvar mann gjera leidang der han sjølv er bufast. Og om han forsømmer det, då stend han sjølv til ansvar for det og ikkje bøndene. Kvar fri og fullvaksen kar som ein mann hyser og har heime hjå seg, svarar sjølv for leidangsutgreisla si og ikkje bøndene. Men likevel skal husbonden ha alle leidangspliktige menn som openlyst er til stades på bryggjekanten med på skorekjevlet for årmannen. Og for trælane sine skal kvar og ein gjera leidang som for seg sjølv.

OM EIN MANN EIG HUS I KAUPANGEN

11. Men om ein mann eig hus i kaupangen (6) og gard i heradet og fer derimellom og er ymist på kvar stad, då skal han gjera halv leidang i heradet og halv i kaupangen. For alle menn som med han fer, og for alle dei husfolk som bur fast i heradet, skal det gjerast leidang for der, men i kaupangen for dei som der er bufaste. Såleis er det òg om ein mann eig to gardar i heradet, då skal han skilja det slik åt som det no var sagt. Men om ein mann fer einsleg mellom kaupangen og heradet og driv sin handel og er i heradet i jula, om han no bind og løyser sovesekken sin i kaupangen heile vinteren der imellom, då skal han greia ut leidang i kaupangen. Kvar ein mann som er fødd i kaupangen og fer i herada med handelen sin og korkje har bustad i kaupangen eller heradet, han skal då greia ut leidang i kaupangen. Men den som er fødd i herad og fer ikring som det no er sagt, han skal gjera leidang i heradet. Og om ein mann flytter bort frå eit herad og fer til kaupangen før manntalet og sidan attende i heradet, då skal bøndene ha utgreisla hans. Om ein kaupangsmann har ein træl i eit herad når det fer leidang ut av kaupangen, då skal han greia ut leidang for han i kaupangen. Men om leidangen fer ut frå heradet og ikkje frå kaupangen, då skal han greia ut leidang for han i heradet. Og om ein mann fer bort frå landet, då skal han gjera leidang i eitt år på den staden han flytter frå og halda leidangen ved lag dei neste tolv månadene og svara utgreisle om leidangen då fer ut, men ikkje lenger. Alle våre landsmenn som er bufaste her med oss, skal gjera leidang saman med oss. Men alle utanlandske menn skal vera her i tolv månader før dei svarar leidang. Og alle som har budd eitt år i herad, skal svara leidang og all skyldnad kring landevern dit til dess dei har vore tre samanhengande vintrar i kaupangen, om dei ikkje eig hus i kaupangen. Og dei som fer dit, skal teljast i den skipreida der dei er fødde, og kvar skal ha ansvar for si utgreisle, og kongen skal lata dei saksøkja om dei forsømmer seg.

OM DET VANTAR MANN ELLER MAT PÅ EIN RORSPLASS

12. Om ein mann ikkje svarar for mat til den rorsplassen han skal, då er han skuldig ein baug i bot, og likeins om det skortar mann. Men om både mann og mat skortar, då er det tre merker om å gjera i bot. Såleis òg om ein eller fleire menn vert haldne i løynd, då er det tre merker i bot, og likevel skal det gjerast leidang. Om nokon er tilsagd og ikkje svarar for leidangsgjerd, då skal han bøta slik bot som det vert gjort krav om, det vil seia tolv øyrar. For eit tjald er det tre øyrar i bot og for kvar åre ein øyre. 13. Det skal liggja ein boge ved kvar rorstofte. Den skal dei to rorsfelagane som fer ut, få til vegar og streng til, elles bøte dei ein øyre og Iyt ikkje di mindre få i boge. Og to tylfter skjefta piler eller broddar skal liggja føre. Det skal bøndene få til vegar. Det er ein halv øyre for kvar pil som vantar, og seks øyrar for to tylfter med piler. Og kvar ein leidangspliktig lauskar skal eiga skjold, spyd og sverd eller øks. Godtakande er dei øksar og dei spyd som er skjefte. Om nokon vantar eitt av desse tre våpna, då skal det bøtast tre øyrar i bot, og om han vantar alle, då er det ni øyrar om å gjera, og han Iyt fara rettslaus til dess han får seg våpen.

OM Å KLARGJERA SKIP

14. Om det skal klargjerast skip, då skal alle komma til hande. Men om nokon let vera, då skal skorene over leidangsmenn gjevast til årmannen, og alle som er manntalsførte i skorene, møta ved bryggjesporden. Kvar årmann i fylket skal leggja mat, gods og all utreisle i tre rom tvers over skipet og har ved det rett til bøter for forsømd plikt til leidangen av dei. Men om årmannen ikkje vil gjera slik som det er sagt, då har han ingen rett til bøtene.

OM FULLGODT SKJOLD

15. Fullgodt skal kvart treskjold vera som det ligg tre spenger av jarn tvers over, og som har handtak på innsida.

OM LEIDANGSGJERD

16. Kvar mann skal svara leidang for sine umyndige, om dei ikkje er spillsjuke.

PRESTEN SKAL IKKJE GJERA LEIDANG
 
17. Presten som er ved fylkeskyrkja, skal ikkje svara leidang for seg og kona si, djakn eller prest om han det har hjå seg.
 

AT LENDMENN SKAL GJERA LEIDANG

18. Lendmenn skal svara leidang som alle bønder elles og eiga slik del i leidangsskip som det var i Olavs dagar, og svara for kvar den som er seks vintrar eller eldre enn sju vintrar (7).

OM EIT SKIP VERT SJØUFØRT

19. Om eit skip vert sjøuført når mennene er farne heimanfrå, då skal dei setja det opp og brenna det og føra saumen heim åt bøndene. Men om dei ikkje brenner det, då skal dei bøta for verdet av saumen, ein halv øyre for kvar rorskar, men ein øyre om det må reisast søksmål. Om eit leidangsskip vert sjøuført når mennene er om bord og maten er kommen om bord og dei ligg så langt attom i hærfylgjet at dei ikkje kjem seg over på andre leidangsskip, då skal dei leggja maten i gøymsle og den medelen dei har som ikkje er greidd ut, og senda bod åt den årmannen som er nærast om å taka hand om maten liksåvel som leidangsmedelen. Men skipsstyraren og rorskarane skal fara til kongen om dei får seg skyss og ha med seg dit leidangsvarene dei hadde heimanfrå. Og dei som vender attende, skal ikkje taka meir mat enn niste til heimferda og taka med seg segl og all anna reie. Men om dei ikkje får seg skyss etter kongen, er dei ikkje straffskuldige.

KVAR OG EIN SKAL UTFØRA RORKARSTENESTE
TIL HAN KJEM HEIMATT

20. Kvar og ein skal utføra den rorkarstenesta som han drog heimanfrå med til han kjem heim att, om han i mellomtida ikkje får i ein annan åt skipsstyraren, som denne vil taka imot. Men om han lauper frå skipet når mennene fer heim att, då ligg det tre merker i bot på han, og ansvar for skipet liksom dei andre mennene. Når mennene er komne heim, då har dei ansvar for skipet i tre netter. Og skipsstyraren skal lata det ganga bod, og bøndene skal komma og setja opp skipet sitt. Men den bonde som ikkje vil fara, han er skuldig seks øyrar i straff. Og naust kan ein gjera kvar ein vil på kongens jord.

KOSTNAD SKAL JAMNAST UT MELLOM BØNDER OG
FERDAMENNENE (8)

21. Rorskarane skal betala bøndene attende slikt av mat og medel som rekneskapen syner og dei ikkje har gjeve ut i løn. Men om dei er ute lenger enn dei var gjevne utreisle og medel til, då skal bøndene bøta på det. Men om dei er ute fem netter lenger eller kortare enn fastsett, då skal det vera som om kvar av partane har fått sitt.

BØNDENE SITT ANSVAR FOR SKIP SOM ER SJØFØRT

22. Men om skipet til bøndene er sjøført slik det er sagt, då er deira ansvar omme straks framstamnen kjem dit som akterstamnen var. Då er leidangen gjord for deira del og alt deira ansvar omme.

OM MENNENE VERT MATTROTNE OG KVA SOM DA
KAN SLAKTAST

23. Om leidangsmenn fer heim og vert opprådde for mat, då kan det hjå ein bonde utan straff slaktast ned to naut til eitt kuverd. Dei skal leggja att hud og hovud og to talde øyrar sølv. Men om andre menn fer etter dei og vil slakta meir hjå han, då skal han bera fram hud og hovud og seia frå til dei. Og om dei då slaktar, skal dei bøta for buhogg. Det gjeld òg for hine om dei slaktar meir enn det er sagt, tre eller meir enn tre naut.

OM EIN FRI MANN BUR TIL MAT

24. Om ein fri mann gjeng i matgjerd på skip, då har han ingen rettskrav for seg andsynes mannskapet om bord om han får mein for den saks skuld at han ikkje skal ha gjort slik tilbunad åt rorskarar og skipsstyrar som han var pålagd. Men om han vert påført mein av andre grunnar, då skal han ha slik rett som han er mann til.

OM EIN MANN RØMMER UT I UFRED

25. Om ein mann rømmer (9) ut i ufred og herjar attende i landet eller mot dei menn som lever i kongens fred, innanlandske eller utanlandske, då har han forbrote land og lausøyre. Men om han vil gjera bot for det, då skal ein skipsstyrar bøta førti merker til kongen og kvar rorskar tre merker. Og til kvar den som er rana, skal dei bøta så mykje som dei kan sverja på som er rana.

OM DET SKAL HOGGAST TIL El HOVUDKYRKJE

26. Om det skal hoggast til ei hovudkyrkje eller eit leidangsskip, kan det hoggast i marka åt kven ein vil. Det er rettare å spørja seg for, men hin har ikkje høve til å nekta. Og bakke til å byggja leidangsskip på kan ein finna på jorda åt kven ein vil, der det ikkje gjer skade på åker eller eng. Det er rettare å spørja om løyve, men hin har ikkje høve til å nekta. Om ein finn stein som trengst til ei kyrkje på ein manns grunn, lat då den bryta som treng det, og det er rettare å spørja, men hin har ikkje høve til å nekta. Men om ein mann motset seg nokon av desse delane med forbod eller hindring, då er han skuldig tre merker til [- - (10) - -] og den andre kan driva sitt verk jamt som før utan straff. Men om det vert skade på åker eller eng, då skal bøndene verdsetja det.

OM FARBANN LAND IMELLOM

27. Så er sagt etter gammal rett at om menn fer land imellom mot kongens forbod, då er skipsstyraren skuldig førti merker til kongen og kvar rorskar tre merker. Om kongen legg bann på mjølførsel eller på anna vare land imellom, då er den som fører, skuldig tre merker til kongen, skipsstyrar som rorskar, for ingen av desse mennene skal gjerast skuldige for annan manns varer. Men om menn fer til Frösö (11) eller til andre kaupstemner med kongens løyve, og no fiendar av kongen kjem dit, då kan det handlast med dei liksom med dei som lever i fred med kongen utan straff.
 

Noter:
1. Leidangen var frå gammalt av eit krigsoppbod til sjøs, som kongen kunne by ut til vern av landet. Kvar skipreide skulle stilla eit skip med mannskap, våpen, utstyr og mat, etter nærare reglar som etter kvart vart fastsette. Snorres Heimskringla gir Håkon den gode (kring midten av 900-talet) æra for å ha fått til leidangsskipnaden. Dette er ikkje urimeleg, men må reknast for uvisst. Enda meir usikker er tradisjonen om at leidangsskipnaden gjekk så langt inn i landet som laksen kunne gå opp i elvane.
    Leidangsbolken i Fostatingslova gjeld (i all hovudsak) denne gamle leidangen in natura, men på 1200-talet vart leidangen gjord om til ein fast, årleg skatt, rekna ut frå "halv allmenning" og i stordelen av landet utlikna etter jordleige (jf. merknad 45 til Xlll og XIV).
    Det beste oversynet over skipreideinndelinga i Trøndelag i mellomalderen gir Aslak Bolts jordebok frå kring 1430. Etter denne kjelda var det fire til åtte skipreider i kvart av dei åtte trøndske fylka, men inndelinga kan ha vore annleis to-tre hundre år før.
    Etter Magnus Lagabøtes testament av 1277 (DN IV, nr. 3) var det på Hålogaland 13
skipreider, i Naumdølafylke 9, i Sparbyggjafylke 8, i Øynafylke 7, i Verdølafylke [5], i Skøynafylke 5, i Stjordølafylke 8, i Strindafylke 8, i Gauldølafylke 10, i Orkdølafylke 8, Nordmørafylke 16 og i Raumsdølafylke 8. Etter utgjerdsbolken i Gulatingslova (G 315) skulle håløygene reia ut 13 tjuesesser og ei trettisesse, naumdølane 9 tjuesesser, trønderane 80 tjuesesser, nordmøringane 20 tjuesesser og romsdølane 10 tjuesesser (sjå òg Edv. Bull 1920, s. 108).
2. Overskrifta fins berre i innhaldslista til bolken (jf. NgL 1: 197f). 
3. Handskriftene har med eitt unnatak .iii. I samsvar med NgL 1: 198 følgjer omsetjinga det handskriftet som har .vi.
4. Teksten innom hakeparentes er berre bevart i NRA 1C II, som truleg er mest fullstendig her.
5. Handskriftene har her eit meiningslaust ord, seralc. NgL 1: 199 rettar til scrásc, 'skrivast opp' i samsvar med retting i margen på to av avskriftene. Dette er truleg ikkje rett. Opphavleg har rimelegvis ordet skorask = 'gjera skor, innsnitt' vore nytta her. Det samsvarar best med ein skikk som går fram av kap. 10 og 14 i det følgjande om at årmannen noterte dei leidangspliktige med skorer på eit skorekjevle (á skorukefli).
6. 'Kaupangen' er her sjølvsagt Nidaros. Med 'heradet' er meint landsbygda. Jf. gammalnorske uttrykk som inn í herað om Innherad eller Inntrøndelag. Jf. òg t.d. X, 31-32.
7. Alle handskriftene har same ordlyden her. Truleg er det første talet (vi) i eit førelegg feil attgjeve med vii ved avskrift. Det er ein svært vanleg feil i mellomalderhandskrifter. I teksten skal det truleg heita 'sju vintrar eller eldre'.
8. Overskrift vantar til dette kapitlet i alle handskriftene og er her teken fra innhaldslista til bolken, jf. note til Innl., 25.
9. Handskriftene har her 'herjar' som har vore oppfatta som feil for leypr, 'sømmer' (Ngl I: 203).
10. Alle dei bevarte handskriftene har lakune her.
11. Det er her tale om marknaden på Frösön i Jämtland og om immunitet for dei nordmennene som handlar der, jamvel med fiendane til kongen. Nils Hallan har brukt denne lovstaden som vitnemål om at handelssambandet mellom trønderar og jämtar var godt i gang kring 1170, som han vil datera denne føresegna til (Hallan 1964: 212-13). Dei to marknadene, på Frösön og Levanger, som båe vart haldne kring månadsskiftet februar-mars, då vinterføret var best, var særleg viktige i denne samanhengen.
 

Frostatingslova, Norrøne bokverk, oversatt: J.R. Hagland og J. Sandnes, Samlaget, Oslo 1994, s. 120-130.

Line
10.08.1999 Tilrettelagt av Frode Ulvund