Landsleigebolken i GulatingslovenLine

72 KAP. 1. (UM JORDLEIGE)

NO LEIGER NOKON JORD AV DEN SOM EIG, ETTER RETT LEIGEMÅL, DÅ SKAL HAN HAVA DEN JORDI HEIMLA Å BU PÅ I 12 MÅNADER OG SVARA HIN LEIGA SO SOM DEI VAR SAMDE UM DET. 2. NO ER DET SETT EIN FORFALLSDAG FOR LEIGA, OG VERT HO IKKJE BETALA på den dagen, da uheimlar han seg jordi. 3. No betalar han noko av leiga, men ikkje resten, då skal det som star att søkjast med vitne. 4. No vil han ikkje betala, då skal [hin] kverrsetja avlingen (krossa lodi) for leiga og forbjoda han å nytta av det som er kverrsett (undan krossen) etter femt; men um han nyttar, bøte ein baug til kongen og betale leiga til hin likevel. 5. No skal han bu på jordi til fardagane næste våren. 6. Av den jordi må han ikkje lata annanmann få noko til leige, utan han sette til vilkår då han leigde jordi, at han skulde leiga noko av jordi fram til ein annan mann med full heimel. 7. No um han leiger burt, då er jordi uheimla for han og likeins for hin som leiger (av han), begge skal bøta landnåmsbot; (1) den som leigde av leiglendingen, skal fara burt av jordi. 8. Alt det han (d. e. den som lyt flytja) taper, skal den som leigde til han, gjeva vederlag for og [dertil skal han bøta] 6 øyrar i handsalsslit; for soleis skal kvar den betala som sel uheimla til annanmann, utan han har ei onnor jamgod jord å gjeva han.

73    KAP. 2. UM HUSE-UPPHALD.

No skal han halda i stand alle dei husi som var på jordi då han kom dit; det skal han ikkje åbyrgjast at hus eldest.  2. No er det avtala at han skal byggja hus, då skal han ha bygt det fyrr han fer av jordi. 3. No um han byggjer hus som han ikkje er pålagd å byggja etter avtala, då skal han byggja dei for seg sjølv. Han skal bjoda jordeigaren med vitne å kjøpa det huset, um han tok vyrket der på eigedomen, eller føra huset burt fyre fardagane - um eigaren er innanfylkes. Men um han ikkje er innanfylkes, skal han bjoda det til den som flytjer til jordi. 4. No um huset står etter fardagane, då eig jordeigaren det, utan hin fyre fardagane fører det burt på berg eller på røysar, der det korkje spiller åker eller eng; då kann han føra huset burt etter fardagane, so snart han får tid til det. 5. No er det dei fyrste fardagane, at han skal bu 9 næter av sumaren (2) i alle husi; um han då ikkje har vunne å få alt sitt i stand til flytjingi, då kann han bu andre 9 næter i halve husi, [i den tidi skal han] gå på den ringare sida av elden (3) og ikkje greida med bodstikkebering; deretter skal han fara burt um ikkje lovlegt forfall hindrar og han har [den nye] tilhaldsstaden sin soleis at han skal flytja yver fjell eller yver fjordar; då skal han flytja inn i naust eller sel og bu der dei tridje 9 næterne: då skal han ha flutt burt [um han vil vera] usaka, og han skal hava både vatn og ved der og fôr av garden.

74        KAP. 3. KVA HAN USAKA SKAL FLYTJA AV JORDI.
NO skal han føra av jordi det han med retto kann føra av. Det er 3 lass fôr av kvart mannsverk (4), det kallar me øykefôr, eitt (lass) høy og to halm, til vårfôr åt seg. All emningsveden sin (vercvið) skal han hava med seg burt.

75        KAP. 4. UM NOKON FLYTJER MEIR AV JORDI ENN HAN HAR RETT TIL.

NO skal dørene stå att, 3 utedører, og det enda um det ingi var då han kom dit: stovedør og bursdør og eldhusdør, og alle dei skal stå att, som stod der fyrr. 2. No um han tek ei av dei dørene og fører henne burt, då skal han føra attende og bøta landnåm um han har løyst henne frå. 3. Men um det fylgjer med noko av dørstokken eller av dørkarmen ovantil eller på sida, um berre ei flis fylgjer, då er det husbrot, og då skal han betala 3 merker. Men um han bryt setstokkar (6) or huset eller dei benker (6) som er feste med innfelling (greyping), då skal han føra attende og betala 3 merker. Låvetile, og fjostile, og veddungar og bruer han har laga, hjelmar (d. e. korn- eller høystakkar) og husi sine skal han leggja der det korkje spiller åker eller eng. Men um hin som flytjer til, tykkjer det er til meins, skal han føra det burt so snart han vil. Langtile (golvfjøler) og tverrtile (tverrvegg av fjøler) og alt det som ikkje er innfelt i eller naglfast til bjelke eller bite, det skal førast burt. 5. Alt det som vert teke med husbrot, skal bøtast med 3 merker til den som eig huset, og huset skal setjast i stand, slik det var fyrr. 6. No skal han ikkje grava upp stakkstaurar etter fardagane, han kann hogga dei av yver jordi og føra dei burt. 7. Men um han grev dei upp, då skal han bøta landnåm til jordeigaren. 8. Um ein mann lagar seg kvannegard, kann han føra han burt fyre fardagane, um han vil. 9. Um ein sår vetterrug der det er åker [fyrr] og flytjer frå jordi, skal han inkje hava av han. 10. Men um han bryt upp voll til rugen innangjerdes, då skal han hava vederlag for såkornet sitt. 11. Men um han bryt upp til rugen utangjerdes, då skal dei hava helvti kvar, den som flytjer til jordi og den som sådde, um han gjerder det inn. 12. Av jordi må mannen ikkje lata andre få noko, anna to lass ved og eitt lass skav, det kann leiglendingen gjeva lov på, og det same kann jorddrotten enda um leigaren ikkje vil. 13. No um det bur haukar i utmarki, då skal jordleigaren hava dei, utan hin gjorde atterhald. 14. Ingen skal taka annanmanns haukar, utan han vil bøta landnåm for det og føra haukane attende. 15. Men um han tek hauk bunden i reiret, da er han tjuv, um hin hadde lyst for vitne at han hadde dei bundne (7). 16. No har den som leigde jordi, rett til åverksbot (8) ifall det (skaden) ikkje er meir enn ei halv mork, um han segjer frå til jorddrotten; men ikkje um han dyl det for han, og hin skal bøta landnåm, som gjorde åverket. 17. Jordi skal han nytta til å byggja skip til eige bruk, slikt som ikkje kann teljast etter sessar. Men um han byggjer skip som kann teljast etter sessar, då byggjer han det for jordeigaren. 18. Never skal han ikkje flekkja til sal, utan han treng til å kjøpa seg svart salt (tangsalt) for. 19. Salt skal han ikkje laga, meir enn han lyt gjeva bufeet sitt, utan han treng kjøpa seg never. 20. Tjøre skal han ikkje brenna meir av, enn det han treng til å bræda skipi sine med. 21. Drikkelag skal ingen gjera på annanmanns jord, utan leigaren treng halda [påbodne] gilde (9).  22. Men um han (elles) held drikkelag, bøte 3 merker.
 
 
 
 

Noter:
1. Sjå kap. 91.
2.  D. e. etter 14. april (sumarmål). 
3.  D. e. den langsida i årestova som andveget ikkje var på.
4.  Eit mannsverk er storleiken på ein fullgard (9 eller 10 månadsmat-bol, Steinnes s. 144).
5. Set var ein breid pall langs veggjene på begge sidor av eit rom, det vart bruka både til sitje- og soveplass; setstokk var stokken som låg framanfor set. 
6. Brikr, benk attmed døri eller eldstaden. 
7. Jfr. kap. 263 § 1. 
8. Áverki vert nytta både um lovlegt jordarbeid, um ulovlegt arbeid på annanmanns jord og um skadebot for sovore ulovlegt arbeid, og um arbeidsproduktet (t. d. trevyrke som er hogge).
9. T. d. fridomsgilde, ættleidingsgilde.
 

Gulatingslovi, Norrøne bokverk 33, oversatt: K. Robberstad, Samlaget, Oslo 1937, s. 95-99.

Line
10.08.1999 Tilrettelagt av Frode Ulvund