Landsleigebolken i FrostatingslovenLine

XIII. Fyrste landsleigebolk

OM JORDLEIGE OG OM PÅBUING OG OM LEIGLENDINGSKONTRAKTEN OM LEIGLENDINGEN
DØYR, OG OM LANDSKYLDBETALING OG VEDLIKEHALD AV HUS OG AT LANDSDROTTENS UTSEGN SKAL GJELDA OM IKKJE VITNE OMSTØYTER HENNE (1)

1. Med vitne skal ein leiga jord og svara landskyld. Oppfylling av åbotspliktene gjev leiglendingen rett til å halda fram som leigar (2), men betaling av landskylda gjev han rett til all avling og til drift av garden. Fyrste fardagen er den fyrste dagen i romhelga etter trettande dag jul. Men når ein mann køyrer det fyrste flyttelasset inn på garden, då skal han ha med seg to vitne og seia den mannen til som bur på garden. Men om denne seier seg å ha leigt garden, då skal han festa lov med vitne til saka er rettsleg avgjord og fastsetja femtedagsstemne og med dei same vitna, om han ikkje kallar inn andre. Men om han ikkje fastset eit slikt stemne, då skal den ha garden som kom med flyttelasset. Men om den er ikkje heime som bur på garden, då skal den andre fara til han med vitne så snart råd er og seia han til, eller venta på han heime. Og vidare skal det farast åt som før er sagt. Den som bur på garden, skal tømma helvta av husa til dess han får leigt seg anna jord, og han skal ha helvta av husa ein månad etter det. Men om han ikkje får leigt seg jord, skal han ha helvta av husa til sommarmål, og fjordungen av graset, om han er buslitsmann. Og han skal leggja ein fjordung av åkerjorda i trø (3), og fjordungen av denne kan han så i med rug om han vil. Og om han gjerder inn dette, då skal han ha all avlinga om hausten, jamvel om han flytter frå garden. Men om det ikkje er gjerdt om, skal han ikkje ha noko, anna enn godtgjersle for utsæden. Leiglendingen skal ha eit naut for kvart såld utsæd (4), eller greia ut ein halv øyre for kvart naut som manglar. Eit femmælesland og eit tridjungs hestefor, det er ti sommarlass, kan leiglendingen fritt overlata ein annan til bruk, og han kan gjeva bort fem lass ved og tre lass skav. All vintergjødsla skal leiglendingen føra ut i trøa der det er ugjødsla, så nær som gjødsla frå den siste natta før han fer. Men om trøa er gjødsla, då skal han føra gjødsla dit det trengst mest, og sanna det med eid, om landsdrotten vil. Leiglendingen skal ha rett til ei hustomt, men greia ut landnåmsbot om han tek fleire. Jordleiga skal han svara til sommarmål, elles sår og slår leiglendingen for den som eig jorda. Hus skal han gjera som avtala, men om ikkje, då eig landsdrotten så mykje av avlinga som husa er verdsette til, og slik at så mykje av jordleiga vert rekna for å vera ubetalt. Men om eit hus ikkje er så velbygt som avtalt, då skal huset verdsetjast, og leiglendingen skal bøta etter som huset er verdsett, og om eit hus fell ned, då skal han ikkje bruka noko av trefanget til å elda med, men gjer han det, skal han føra fram nytt trevyrke i staden, eller greia ut bot eller sverja seg fri med einseid, for seg og for alle dei han er ansvarleg for. Men om han skal byggja opp att eit gammalt hus og det ikkje vert sett opp, då skal han bøta så mykje som menn verdset huset til, men om han ikkje vil, då skal landsdrotten fastsetja femtedagsstemne og festa lov for avlinga, og landsdrotten skal eiga så mykje av avlinga som det menn verdset husbygginga til, med mindre leiglendingen kan føra vitne på femtedagsstemnet for at det ikkje var pålagt han å byggja noko hus. Landsdrottens utsegn skal gjelda i alle saker som har med leiglendingens drift og vedlikehald av garden å gjera, om ikkje leiglendingen kan motprova det med vitnemål. Landsdrottens utsegn skal gjelda i tolv månader etter at leiglendingen flytter frå garden, med mindre leiglendingen har vitne som veit noko anna sannare. Men om den mannen som bur på garden, døyr, og landsdrotten seier at landskylda ikkje er greidd ut, då føre arvingen til den døde fram sine vitnemål på at landskylda er utgreidd, og sameleis om alle åbotsplikter. Men om han ikkje kan føra vitne, då skal landsdrotten sanna si utsegn med eid, og sameleis om leiglendingen har vorte Iyst utlæg.

OM EIN MANN BRENNER NED HUS PÅ
ANNAN MANNS GRUNN

2. Om ein leiglending brenner ned hus på annan manns grunn, då skal han ha bygt opp att huset innan tolv månader, om han har leigeavtale på jorda. Men om ikkje, då skal han ha ført fram til tufta tømmer til eit jamgodt hus og alt det som elles trengst, utan torv, og han skal ha ført det fram før neste midtsommar. Men om ikkje det er gjort, då skal landsdrotten hans krevja han for alt det som vantar, og med landnåmsbot attåt. Men om ein leiglending gjer kaldkol på garden til ein landsdrott, det er om han flytter frå garden før julenatta, då skal han greia ut tre merker, og landsdrotten skal ha alt som er att på garden. Men leiglendingen skal ikkje gjeva nokon løyve til å gjera reit utan sonen hans og trælane hans eller frie menn som arbeider for han, med mindre landsdrotten har gjeve løyve til det, og reit skal ikkje gjerast utan at åker eller eng aukast av det. Men om to menn bur på same garden, då skal kvar av dei ha ansvar for husa sine og for skogen om det brenn, jamvel om elden kom frå husa til den andre. Men om ein leiglending flytter frå garden og har rive opp fastgjerdet, då skal han føra fram vånd og staurar til nytt gjerde. Om han flytter frå garden utan å føra fram vyrke, då skal han gjera det sidan, og svara landnåmsbot attåt. Gjerdet mellom trøa og åkerjorda skal han heller ikkje slita opp, men om han det gjer, då bøte han landnåmsbot. Men om han gjer kvann- eller laukgard, då kan han taka med seg helvta av kvart, og han kan plukka lauk til midtsommar. Men om ein mann gjer avtale om å leiga jord, då skal avtala haldast så fullt og langt fram som det kan provast med vitnemål, jamvel om landsdrotten sel jorda. Men om landsdrotten vert buslitsmann og vil flytta til garden sin, då skal han løysa inn jorda si med eitt års leige og seia leiglendingen til før julenatta at han er buslitsmann, og sanna det med eid.

OM EIN MANN HAR GREIDD UT FORSKOTSLEIGE
FOR  JORD

3. Om ein mann har betalt forskotsleige for ein gard, då skal leigeavtala hans gjelda for så lang tid som det kan provast med vitnemål, og sameleis for arvingen hans om han døyr. Men om ein mann døyr og han ikkje har greidd ut leiga si, då skal arvingen hans ha garden eitt avlingsår sidan, jamvel om det er ein prest som leiger bort garden. Men om ein leiglending ikkje seier opp leigeavtala si før julenatta, då skal han ha garden om landsdrotten vil halda fast på avtala med han, og til same leige som før. Men etter julenatta då skal landsdrotten byda fram garden til han. No vil han ikkje ha garden, då skal landsdrotten sjølv ha jorda si, og leiga med, frå han som flytte frå garden, slik som før var sagt.

XIV. Andre landsleigebolk og tjuvebolk

1. Kvar mann innanfor lagdømmet vårt som eig jord, skal ha ein ombodsmann i det fylket der jorda ligg. Og den som har ombodet, skal søkja landnåmsbot for alt åverk på eigedomen som om han åtte han sjølv, og halve bota skal landsdrotten ha, men han sjølv den andre helvta. Ombodsmannen skal leiga bort jorda, men ikkje til seg sjølv, og han skal krevja inn leiga om landsdrotten vil. Men om ombodsmannen tek imot leiga og ikkje vil lata landsdrotten få henne, då skal landsdrotten krevja leiga og søkja henne med stemning til tinget. Men om ombodsmannen døl at han har teke på seg ombodet, då skal utsegna til landsdrotten gjelda med mindre den andre nektar med einseid. Men han skal ha ombodet i tre vintrar, og etter det fell det bort av seg sjølv.

OM EIN MANN ER UTANFOR LOVOMRÅDET VÅRT

2. Om mannen som eig jorda, er utanfor lagdømmet vårt, men innanlands, då skal ombodsmannen ha ombodet så lenge eigaren vil. Men om han vil taka det frå han, då kan han setja den han vil, til å taka frå han ombodet. Men den som vert sett til det, skal føra vitne på at landsdrotten gav han i oppdrag å taka ombodet frå den som hadde det før. Og sidan kan han gjeva ombodet til den han vil, og med same fullmakt som landsdrotten sjølv. Men om landsdrotten hevdar at ombodsmannen har teke til eige bruk av hans eigedom, om det no er innan- eller utangards, og gode menn veit dette for visst, men ombodsmannen seier han har kjøpt det av den mannen som åtte det då han kjøpte, då skal han haldast ansvarleg for sine vitne for så lang tid som for andre vitne ved kaup og skøyting. Men om desse vitna slår feil, då skal upartiske menn dømma om kor mykje eigaren har mist, og han skal driva det inn med lovleg krav og med landnåmsbot attåt, og dette kravet vert ikkje forelda. Eigaren skal reisa søksmål om skadebot og landnåm mot den som tok jorda, eller arvingen hans, men for å få jorda att til eigedom skal han reisa søksmål mot den som sit med henne. Men om den sit på jorda som tok henne frå garden, då er det som han sit med uleigd jord. Men om ein annan sit på jorda, då er denne saklaus for alt anna enn landskylda. Men landsdrotten har rett til å taka frå ombodsmannen ombodet når han vil, men leigeavtala for leiglendingen skal likevel gjelda for så lang tid som ombodsmannen har rett til å leiga bort, det er tre avlingsår. Men ombodsmannen skal ikkje nya opp att ei leigeavtale før ho har gjenge ut. Men om landsdrotten eller ombodsmannen døyr, då skal leigeavtala gjelda for eitt avlingsår etter det; og sameleis om ein mann fer ut av landet, då skal ombodet haldast i tre vintrar, om ikkje landsdrotten døyr før; då fell ombodet bort av seg sjølv. Men om ombodsmannen tvilar på om landsdrotten er død, då skal arvingen hans føra eit vitne som er viljug til å sverja på at han trur det er sant.
 

Noter:
1. Allment om bolk Xlll og XIV, landsleigebolkane: På 1200-talet då Frostatingslova fekk si endelege form slik vi no kjenner henne, var svært mange, truleg dei fleste bøndene i Frostatingslagen leiglendinger, under kyrkjelege institusjonar, verdslege stormenn, konge eller under andre bønder. Svært ofte kunne det vera fleire eigarar til eitt gardsbruk (jf. Xlll, 16). Eigaren vart kalla landdrott, og leiglendingen svara årleg landskyld eller jordleige til han, med heimel i ei leige- eller bygselavtale. Seinast i siste helvta av 1200- talet vart alle gardane "lagde for landskyld", dvs. dei fekk ei fast landskyld, som mellom anna vart utlikningsgrunnlag for leidangen (jf. merknad 33 til bolk Vll ovanfor).
2. Denne setninga, gammalnorsk ábúð jarðar heimilar tekju -  er ei av dei aller mest omdiskuterte i heile Frostatingslova. Gammalnorsk ábúð  kan både tyda 'påbuing', det å bu på ein stad, og 'åbot', dvs. plikta til å halda hus og jord på ein gard i stand, og bot om ein ikkje gjer det. Tekja tyder 'taking', t.d. det å ta over, leiga ein gard, men òg t.d. ta imot landskyld. Alt etter kva tolkingar av desse nøkkelorda ein vel, kan samanhengen bli ein heilt annan. Vi følgjer her A. Taranger som har gjeve gode grunnar for synet sitt, men òg gjort greie for andre teoriar (Taranger 1896: 108-24).
3. Fireskiftebruk som det her er tale om, har det etter alt å dømma også vore gjeve forskrifter om i Eidsivatingslova og Borgartingslova, jamvel om dei tilsvarande delane av desse landskapslovene er tapte (jf. Johnsen 1936: 141). Dette driftssystemet var i bruk fram til 1700-talet då treskiftebruk tok til å vinna innpass (op. cit. s. 312). Ei ordsamling frå Trøndelag, truleg samla ein gong i perioden 1750-1775, gir fullstendig nemningsbruk for (inn)trøndsk treskiftebruk (Hagland 1986: 18). Opplysningane som der er gjevne, tyder på at omlegging til treskiftebruk var gjennomført i Trøndelag innan andre halvdel av 1700-talet. Troð er i denne kjelda kalla Trøalag og forklart som "saa meget Ager, som man paa engang henlægger til Hvile, og som man indhegner til Græsning for sine Svin og Lam" (op. cit. s. 69). Neste steg i skiftet er kalla Haustaring, "den Ager, som samme Aar til Høsten har været indgiærdet"  (op. cit. s. 36). Tredje og siste steget vart kalla Opvælt, "den Ager, som bruges det andet Aar efterat den Aaret tilforn har været gjødet, og baaret Byg" (op. cit. s. 51).
4. Dette pålegget om å ha (minst) eitt naut for kvart såld utsæde, er visseleg for å sikra seg mot utpining av åkerjorda.
 

Frostatingslova, Norrøne bokverk, oversatt: J.R. Hagland og J. Sandnes, Samlaget, Oslo 1994, s. 187-190, 201-202.
 

Line
10.08.1999 Tilrettelagt av Frode Ulvund