Om kongens høgleik og gjeremål i KongsspegelenLine

    Sonen: Gud løne Dykk herre for at De vil gjeva Dykk tid og stunder til å svara med stort tolmod så godt på alle spørsmåla mine. For desse rådene vil visseleg få meg til å tenkja meir nøye over alle ting enn eg før gjorde. Det kan òg henda at det heretter enno vert nokre som tenkjer etter denne visdomstalen, og som av den kunne læra både visdom og skjønsemd eller andre nyttige seder.
    Men eg har enno hug til å spørja om fleire av dei ting som eg har i hugen og vil ha greie på, og eg vil difor beda Dykk om at De ikkje enno må verta lei av å læra meg framleis; for Dykkar løyve gjev meg mod til å vera så fri med Dykk at eg ikkje skal lata noko verta att som eg har hug til å vita. Og eg tykkjest sjå at denne røda peikar i den lei at det enno må vera mange ting att som er turvande å vita og verta fullkunnig i, for den som vil vera ein velvyrd mann hjå kongar eller andre storhovdingar, og difor har eg hug på meir av denne røda.
    Likevel vil eg no denne gongen spørja meg føre om endå større folk enn dei som skal tena under dei som mektige er; for eg skjønar det at når dei som er tenestemenn, er skyldige til å leggja seg etter båe ting, både dei beste sedene og dertil kunnskap og visdom og all rettvise, då må det synast vera ein ovstor skyldnad for hine som skal vera hovdingar, og som alle andre skal tena under, at dei er både kunnige og vise, og det må allvist vera naudsynt for dei å elska anna rettvise, etter di dei har makt til å refsa alle dei andre som ikkje er rettvise.
    Difor vil eg no, med Dykkar løyve, spørja om kva seder kongen sjølv skal ha, slike som kan søma seg vel for han i hans stand. Sei meg det så greitt at eg kan skjøna kva som er hans skyldnad, i gjeremål og åtferd, tidleg om morgonen, og kva ting som høyrer til hans åtferd seinare frametter dagen; for han er så mykje opphøgd og æra på jorda at alle må gjeva seg under og halda seg til honom som til Gud sjølv. Han har òg så stort velde, at han råder for levedagane åt kvar mann som er i hans rike, slik som han sjølv vil, han let drepa den han vil, og let den leva som han vil. Men det har eg sett at om ein vert ein annan manns banemann, så har alle rettvise folk stygg til han sidan som til ein heiden mann, og det vert kalla ei stor synd å drepa ein mann, og den som gjer det, får store botsøvingar og mykje plage før kristne folk vil taka han att i sitt samfunn.
    De nemnde òg før at eg skulle styggjast ved alt manndråp; men De la til at alle dei manndråp som vart gjorde etter kongebod eller i herstrid, dei skulle eg ikkje meir styggjast ved enn kvart anna verk som kunne vera godt å gjera. Dersom no kongen har fått så stor makt av Gud at alle dei manndråp er syndlause som vert gjorde etter hans bod, så meiner eg at han bør vera mykje klok og varsam og rettvis i all si framferd. Eg treng difor at De tyder nøye ut for meg desse ting som eg no har spurt om, i fall De ikkje synest at det er for uvisleg spurt, eller for stor djervskap av meg å spørja om framferda åt så store menn.
    Faren: Ikkje er det så uvisleg spurt om desse ting, at vi ikkje likså vel kan tala om kva eigenskapar kongen bør ha i si riksstyring eller åtferd, som om anna folk. Det er til visse hans skyldnad i yrket sitt å læra visdom og kunnskap, og han bør visseleg ha god greie på alle dei hendingar som har vori, så han av dei kan taka seg skjønsemd til all den styringa som han treng ha i sitt kongeyrke.
    Men grunnen til det som du no nemnde, at kongen er opphøgd og heidra på jorda, og at alle gjev seg under han som under Gud, det er at kongen syner fram Guds eigen høgleik; for han ber Guds eige namn og sit på det høgste domarsætet på jorda, så ein kan sjå såleis på det at ein heidrar Gud sjølv når ein ærar kongen, for det namnet skuld som han har av Gud. Og då Guds son var på jorda, då synte han sjølv eit føredøme på det at alle skal æra kongen og Iyda han heilt, med di han baud Peter, apostelen sin, at han skulle draga fisk opp or havdjupet og opna munnen på den fisken som han fyrst fekk, og sa at han der skulle finna ein pening, og den skulle han gjeva keisaren i skatt for dei båe.
    No skal du av dette skjøna at kvar mann på jorda er skyldig til å heidra og æra det kongsnamnet som eit jordisk menneske får av Gud; for Guds son sjølv heldt det sømeleg for seg å heidra kongsnamnet så mykje at han gjorde seg sjølv skattskyldig til ære for kongedømet, og likeins den Leresveinen som han sette til hovding over alle apostlane sine og heile prestestandet.
    Sonen: Her er ein ting som eg no som før treng Dykkar løysing på, med di dette ikkje vert klårt for meg. De sa det, som eg òg tykkjer er rimeleg, at kongen har av Gud sjølv eit namn som er ovleg høgt i rang og ære, men eg kan ikkje skjøna kvifor Gud sjølv gjorde seg skattskyldig til ein jordisk konge; for eg meiner at han må vera over alle andre kongar, etter di han råder både for himmel-riket og jordriket.
    Faren: At Gud sjølv heidra det jordiske kongedømet, skal du merkja deg av det, at då han steig ned frå høgste himmel-tinden til jordriket, då tyktest han vera komen hit som ein gjest hjå menneska, og difor ville han ikkje taka noko av det jordiske kongedømet, enda han hadde høve til det, og han sanna såleis dei orda David hadde sagt: "Herren råder for himmelriket, men han har sanneleg gjevi menneskesønene eit jordisk rike." No ville Gud heller æra ein jordisk konge og kongedømet medan han var på jorda, enn å ha kongedømet såleis at han tok noko derifrå; for Gud ville ikkje taka frå det jordiske riket det som han før hadde gjevi hovdingane på jorda å stå føre, men han synte at han lydde keisaren fullt ut.
    Så skal du òg merka det, at etter di Gud baud Peter, apostelen sin, å ransaka den fyrste fisken som han drog opp, og taka ein pening or munnen hans, og Gud ikkje ville at han skulle ransaka den andre eller tredje fisken, men berre den fyrste, så skal kvar mann i alle måtar fyrst æra kongen og den kongelege høgleik; for Gud sjølv seier at kongen er hans krist (3) , og kvar konge som har full kongsheider, han heiter med rette Herrens krist. Så sa òg ein Guds apostel i læra si, då han lærde folk den rette trua: "Ottast Gud og heidra kongen dykkar!" -- mesta som han skulle ha sagt at den som ikkje viser kongen den fulle heider, han ottast heller ikkje Gud.
    Difor bør kvar konge - såleis som du nemnde - visseleg vera vis og vellærd og dertil velviljug så han har rett skjøn på at han likevel sjølv er berre Guds tenar, endå han er så opphøgd og heidra i Guds høgverdige teneste at alle må bøya seg for han som for Gud; for i dette tener alle Gud og det heilage namnet som kongen ber, men ikkje han sjølv. Difor er grunndraget i kongens natur såleis at alle ber stor otte og redsle for han, så at ingen er utan age som høyrer han nemnd. Men han bør sjølv vera tyd og blid mot alle gode menn, så ingen skal ha så stor age for honom for hans hardleik skuld, at han kvider seg for å bera fram for kongen alle dei sakene som er viktuge for han sjølv.
    Det bør om natta vera kongens gjeremål og skyldnad, så snart som han er mett av svevnen, å tenkja omhugsamt på heile sitt rike, korleis han skal skipa og ordna det såleis at hans omsut best kan tekkjast Gud, og likeins på korleis riket kan verta honom sjølv mest nyttig til full lydnad mot han. Han må gløgt kunna råka måten i kor hardt han skal halda att den rike, at han ikkje skal verta for grisk mot den fattige, og sameleis med det rette måtehald draga den fattige fram, så han ikkje vert for djerv imot den rike, og han bør med rettferd akta på og sjå etter at kvar og ein viser måtehald i det standet som han er sett i.
    Det må kongen òg tenkja vel på med seg sjølv, dersom han er nøydd til å refsa dei som ikkje vil nøya seg med det Gud har etla dei, at han ikkje skal vera så snill at det for hans altfor store mildskap skuld skal synast lett for kvar og ein å bryta det som etter rett skiping skal stå; men han skal heller ikkje vera så strid i sine refsingar at det ser slik ut for Gud eller rettvise folk at han refser meir av fiendskap enn av rettferd. Desse ting og mange andre treng kongen tenkja på om natta når han er utsoven, for då vil færre ting koma uventande på han om dagen, når landsens naudsyn vert framborne for han.
 

Noter:
1. Mågskaps-spille, ekteskap eller lekamleg omgjenge mellom giftarskylde eller skyldfolk.
2. samstyre-møte  (samveldisþing), ulovlege tingmøte, der dei vert samde om å taka seg sjølve til rettes.
3. Krist tyder han som er salva.

Kongsspegelen, red. A. Hellevik, Samlaget, Oslo 1951, 5. utgave, s. 102-108, 144-148.

Line
10.08.1999 Tilrettelagt av Frode Ulvund