Om ekteskap i GulatingslovenLine

KAP. 1. (UM KONEKJØP).

ET ER NO DINÆST AT ME SKAL VITA KORLEIS ME SKAL KJØPA KONOR MED GIFTINGSGÅVE (MUNDR), SO BARN VERT RETTKOME TIL ARV (ARFGENGT). DÅ SKAL MANNEN FESTA DEN KVINNA MED 12 ØYRAR [SOM ER] FATIGMANNS GIFTINGSGÅVE, OG HAVA VITNE PÅ det; og han skal hava brudesveinar, men ho brudkonor, og um morgonen, når dei har vore saman um natti, skal han gjeva henne slik gave som han lova henne. Då er det barn, som sidan vert født, rettkome til arv. 2. No er det dinæst at ein mann vil få seg eit gifte som det er meire ved. Då skal faren sjølv festa dotter si, um ho er møy, men bror um faren er død. 3. No vil faren ikkje gifta dotter si til den mannen som han hadde fest henne til, då skal han (festarmannen) stemna han heim og setja han ei tid, då han vil hava festarkona si. 4. No um hin ikkje vil lata han få henne, då skal han gjera kravsmål um festarkona si og stemna han til tings for ran. Då skal tingmennene døma han utlæg. 5. Møyi råder ikkje med umsyn til dette, når ho ikkje sjølv flyr nokonstad. 6. Den som skal råda for festarkona, kann forhalda henne for festarmannen i 12 månader. Det kann skilja festarmålet, at det kjem spillsykje på eit av dei to (festarmannen eller festarkona). 7. Men um nokon ligg med festarkona si, då skal han bøta rettsbot (1) til arvingen hennar og hava henne til kone sidan. 8. Ekkje skal sjølv festa seg, og hava råd av frendane, då kann ho ikkje gjera det umatt. 9. Men er det utan råd av frendane, då kann ho bryta det og bøta 3 merker i handsalsslit til den som feste henne. Si festarkone skal kvar hava, um den fester (lovar burt) som fyre skal råda. 10. Men um nokon fester til annanmann ei kvinne som han ikkje skal råda for, då skal han bøta 3 merker til den som hadde fest seg den kvinna. 11. No skal to eller fleire brør råda for syster si, då fester ein av dei systeri til ein mann, no vil hine gjera det um inkje; då skal dei avgjera med lutkasting kven skal råda; vert det den som feste, då skal det haldast; men elles ikkje, og [då skal han] betala hin 3 merker i handsalsslit. 12. Men um festarmannen eller festarkona vert sjuk eller sår, då skal dei bia 12 månader [og] då gjera eitt av to, lata avtala stå ved lag med dei mein som er komne, eller segja upp festarmålet. 13. No skal han (giftingsmannen) ikkje gifta burt den kvinna fyrr enn 12 månader har gått, utan han (festarmannen) vil; hin skal heller ikkje taka seg ei onnor kvinne [til festarkone] utan han (giftingsmannen åt den fyrste kvinna) vil. 14. No vil ein mann ikkje taka festarkona si [til ektemake], då skal [giftingsmannen] stemna han heim til å taka [imot henne] og setja han ei viss tid til det; då skal han stemna han til tings for det at han flyr festarkona si; då skal tingmennene døma han utlæg, og då heiter han kone-røming. 15. Sameleis skal dei setja ei viss tid for ei kvinne, um ho fester seg til ein mann og ikkje kjem på den tid som var sett og gifter seg med den mannen som ho feste seg til. 16. Men vil ho ikkje koma til den tid som (soleis) vert sett, då skal ho stemnast til tings for det at ho flyr festarmannen sin, og gjerast utlæg på tinget; og ho skal fara burt frå landet, og ho heiter mann-røming. 17. Kvar skal taka vare på si festarkone um det kjem her til landet vårt, um han er boden det med vitne. Men segjer han nei og ikkje vil taka vare på festarkona si, da segjer han sjølv upp festarmålet. 18. No vert ein manns festarkone herteki, då er han skuldig til å fara etter henne og leggja 3 merker til å løysa henne ut, men arvingen det som meir skal til. 19. No tek nokon annanmanns festarkone til ektemake, og dei er båe samde um det, då skal den som fyrst hadde fest, stemna den til tings, som sidan fekk henne; då skal tingmennene døma dei utlæg båe (både mannen og kona). 20. Men um ho segjer at det var ikkje hennar vilje, då slepp ho med det.

52 KAP. 2. KORLEIS EIN SKAL STYRA GODSET TIL KONA SI.

GODSET åt kona si skal ingen føra ut or landet utan ho vil det. 2. Styra skal han alt godset deira til nytte for begge (til Þarva Þeim). Ingen av dei skal med ord eller gjerning forbryta godset åt den andre. 3. Slik rettsbot eig kvar mann for kona si som for seg sjølv. 

53 KAP. 3. UM FELAGSGJERD.

IKKJE må kone nekta husbonden sin felag (sameige). 2. No får ein ei møy, ikkje kann dei leggja felag seg imillom utan dei menn samtykkjer, som er næraste arvingane deira. 3. Men um dei får born til å arva seg, då kann dei leggja slikt felag seg imillom som dei vil. 4. No får ein ei ekkje og har ho born til å arva seg, og er dei umyndige, og vil han likevel leggja felag med henne, då skal det gjerast stemne til skyldingane åt borni på farssida (hofudbarmsmenn) og felaget deira leggjast saman etter femengdi (d. e. etter storleiken av medelen): leggja jord imot jord og lausøyre imot lausøyre og verdsetja hans medel (fong), at den er større enn hennar. 5. No kann det ikkje brytast, når det er lagt soleis. 6. Men um dei legg felaget sitt saman på onnor vis, då kann det gjerast um inkje av hans arving eller hennar, kven av dei som vil, på den måten at han går fram på tinget fyrr dei har vore 20 vetrar saman og segjer det felaget um inkje. 7. Men er det ikkje gjort um inkje fyrr dei har vore 20 vetrar saman, då får han aldri sidan uppreisnad i den saki. 8. Alltid når to ektemakar legg felag seg imillom, skal dei lysa det i folkesamling. 9. No er to ektemakar saman i 20 vetrar eller lenger enn 20 vetrar, då legg lovi felaget deira saman, um det ikkje fyrr var lagt. Då eig ho ein tridjepart i medelen (fé), men han to tridjepartar. 10. Men enda det (felag) var lagt og er det ikkje lyst innan 20 vetrar, då er det som det var ulagt.

54  KAP.4. UM MYNDING. 

NO skal kona hava retten til den gåva som var gjevi til henne, korleis so skilnaden deira vert. 2.Olav:: Det skal gjevast giftingsgåva for (mynda scal) alt det gods ei møy har, og øyre skal koma imot øyre, men for halvparten av godset til ei ekkje. Mynding skal vera heimel i alle tilfelle utan i to: um ho døyr barnlaus eller går frå han utan grunn. Begge: Kona si skal ingen mann styra med hogg i gildelag eller gjestebod. 3. Men um han slær henne i folkesamling, då skal han bøta henne slik rettsbot som han kann taka for seg sjølv, og sameleis andre gongen og tridje gongen [han slær henne]. Olav: Då har ho rett til å gå frå han med gåva og motlaget (gagngjald). 4. Men um nokon vil skiljast med kona si, då skal han segja det so tydeleg at kvart av dei kann høyra målet til den andre og (han skal) hava vitne på det.

56  KAP.6. KOR STORT KJØP KONOR KANN RÅDA FOR.

EIN umyndig (umagi) kann ikkje gjera eller råda for kjøp. 2. Træl kann heller ikkje råda for noko kjøp, anna berre um kniven sin. 3. Løysing som ikkje har gjort fridomsgildet (2) sitt, kann heller ikkje råda for noko kjøp, anna ertogskjøp (3).  4. Det skal ein og vita, kor stort kjøp konor kann råda for. 5. Løysingskone kann råda for ertogskjøp, um han har halde fridomsgildet sitt. 6. Men sonekona hans halvøyres-kjøp. 7. Men bondekone øyres-kjøp. 8. Men hauldmanns-kone toøyra-kjøp. 9. Men lendmanns-kone halvmorkskjøp. 10. Men um dei gjer større kjøp, då kann det gjerast um inkje innan den fyrste månaden. 11. Men um han (d. e. mannen, som har umgjeringsretten) ikkje er heime, då skal det gjerast um inkje i den fyrste månaden etter han kjem heim. 
 

103  KAP. 1. HER BYRJAR ARVEBOLKEN.

DET ER DEN FYRSTE ARVEN (ERFÐ) SOM SON TEK ETTER FAR, ELLER FAR ETTER SON UM DET VERT MISDAUDE MILLOM DEI (D. E. UM SONEN DØYR FYRE FAREN). 2. DET ER DEN ANDRE SOM DOTTER OG SONESON TEK, HELVTI KVAR. SO SKAL FARFAR ALLTID TAKA, når born av den avlidne ikkje står i vegen. Og ho vert arving til lausøyren, men han til odlane. 3. Det er den tridje som bror tek etter bror og kvart samfedra syskin, um mor deira er kjøpt med giftingsgåve. 4. Det er den fjorde når mor vert arving etter guten sin. 5. Det er den femte som farbror og brorson tek etter kvarandre, dei tek begge ein manns arv (d. e. arv etter same mannen, m. a. o. dei arvar saman), um det fell so. 6. Det er den sekste når farbrorsøner tek arv etter kvarandre, og sammødra bror, um han er til; han vert arving til lausøyren, men dei til odlane.

104  KAP. 2. ARVERETTEN TIL HORNUNGE OG TIL RISUNGE.

DET er den sjuande (arven), som vert teken av hornunge og risunge og tyboren son, uleidd i ætt etter far sin, både lausøyre og odel. 2. Den heiter hornunge som er son av ei fri kvinne som det ikkje var gjeve giftingsgåve for, når hopehavet var openbert. 3. Men den heiter risunge som er son av ei fri kvinne og avla i løynd. 4. Men tyboren son er trælkvinneson som fekk fridomen fyrr han hadde [levt] 3 jolenæter. Desse kjem til all retten sin. (4).  5. Det er den åttande som dei menn som er næst etter farbrorsøner (agnatiske tremenningar) tek etter kvarandre. 6. Det er den niande som morfar og dotterson tek. 7. Det er den tiande som morbror og systerson tek etter kvarandre. 8. Det er den ellevte når faster- og morbror-søner (systkinna synir) tek arv etter kvarandre. 9. Det er den tolvte når moster-søner (systra synir) arvar kvarandre. 10. Det er den trettande som heiter arven til den ufødde; um ei kone er med barn og barnet er levande i morslivet fyrr ho andast og to konor veit det med henne, då vert det (barnet) arving til tilgåva (5), men heimanfylgja skal arvingane (hennar) hava krav på.
 
 
 

Noter:
1. Uppreisnadsbot for ære- eller lekams-krenkjingar,  um storleiken sjå kap. 200.
2. "Frelsisol", sjå um det kap. 62. 
3. Kjøp um verde upp til ein ertog.
4. Sjå kap. 57 § 25. 
5. D. v. s. at mannen får tilgåva, han arvar det ufødde barnet.
 
 

Gulatingslovi, Norrøne bokverk 33, oversatt: K. Robberstad, Samlaget, Oslo 1937, s. 69-74, 119-121.

Line
10.08.1999 Tilrettelagt av Frode Ulvund