Arvebolken i FrostatingslovenLine
Frostatingslova
 

VIII. Fyrste arvebolk

HER BYRJAR FYRSTE ARVEGANGSKLASSE (1)

1. Son skal taka arv etter far sin, om det gjeng etter lagnadens gode ordning, den som er teken opp i ætta, sameleis som den ættborne. Men om det gjeng ille, då tek far arv etter sonen sin om denne ikkje har boren arving.

ANDRE ARVEGANGSKLASSE

2. No er andre arven den som dotter og soneson tek, sonesonen om han er ektefødd og får hans likeins.

OM RÅDERETT OVER MØYAR

2. Far og mor skal råda for bortgifte av døtrene deira, eller den mannen som er giftingsmann. Men arvingen til giftingsmannen må ikkje oppheva noko av heimanfylgja, unnateke det som gjeng ut over det som var avtala (2). Men om døtrer vert arvingar etter far eller mor eller broren sin, eller kven sin arving dei vert; og om somme er gifte, men somme ugifte, då skal dei ugifte taka så mykje av den uskifta arven som dei fekk heimanfrå som er gifte.

OM EIGNELUTER SOM ER LÅNTE TIL HEIMANFYLGJE

4. Alle dei eignelutene som er lånte til heimanfylgja og er verdsette og gjevne over til den mannen som får kona, dei eig han med same fulle retten som om faren eller mora til kona gav dei med i heimanfylgje. Men om nokon seier at dei ikkje lånte bort eignelutene til slikt bruk, så sverje dei einseid, mann som kone, men ektemannen kan stemna giftingsmannen til kona og krevja han for like mykje, og då kjem det ikkje tridjungsauke attpå. Men om ei enkje giftar seg bort og let godset til andre menn reknast inn i heimanfylgja si, og eigaren har lånt det bort til det føremålet, då eig den som ektar ho, godset med same fulle retten som enkja åtte. Men om hin seier seg ikkje å ha lånt bort godset til dess, då nekte han med einseid, og heimanfylgja hennar skal vera så mykje mindre.

OM TILHØVET MELLOM El KONE OG MANNEN HENNAR MED OMSYN TIL GODS

5. Mannen skal rå for medelen til kona så lenge dei er ektefolk og buet er uskifta, einast unnateke det godset som var skilt ut for henne då dei gifta seg (3); det godset skal ho sjølv ha ansvaret for og sjølv rå for. Men om det fell ein arv til kona og det er umyndige arvingar ved arven, men ikkje medel, då skal mannen hennar rå for dei og svara for leidang og andre pålegg. Men ikkje skal heimanfylgia hennar minkast av dette når det vert kunngjort i arveølet. Men om det er medel i arven, då skal alt jordegodset og all lausøyren verdsetjast, og mannen skal ha det alt, med ansvaret og med tilveksten; og han skal seinare betala attende det han tok imot, utan den landskylda han fekk etter verdsetjinga.

HAULDS KONE KAN KJØPA FOR EIN ØYRE

22. Haulds kone kan kjøpa for ein verdi av ein øyre, og ikkje meir; men om ho kjøper meir, då gjeld ikkje kaupet om ikkje bonden hennar vil. Men alle dei kaup som bonden godkjenner, dei skal gjelda.

Noter: 
1. Overskrift berre i innhaldslista til bolken, jf. note til Innl., 25.
2. Hss. har her eit uttrykk nema um unnd se som er uklårt. Fritzn. IV: 394, under und gjer framlegg om å lesa um unnd som úmynd, slik at det her alternativt kunne lesast "om det ikkje var betalt mund for henne".
3. I hss. står det at samfangi Þeirra, som må vera feil for at samgangi ...
 

Frostatingslova, Norrøne bokverk, oversatt: J.R. Hagland og J. Sandnes, Samlaget, Oslo 1994, s. 131, 170-172, 178.

Line
10.08.1999 Tilrettelagt av Frode Ulvund