Ágrip: Ei liti norsk kongesogeLine
Kongesoga Ågrip finst i ei einaste handskrift, som di verre er uheil (cod. AM 325 II 4º i Universitetsbiblioteket i Kjøbenhavn). Byrjingi og slutten vantar, og det er blad burte på eit par stader inni boki òg. Handskrifti er frå tidi 1200-1225. men det er ei avskrift, og sjølve upphavsverket er truleg frå ikr. 1190. Som boki ligg fyre no, fortel ho um kongane frå Harald Hårfagre ned til Sigurd Munn, Øystein og Inge Krogrygg, - ho sluttar midt i soga um desse kongane. Upphavleg hev ho gjenge frå Halvdan Svarte ned til det året då Sverresoga byrjar, 1177, nett som Fagerskinna og Heimskringla gjer og Morkinskinna hev gjort.

2. Harald vinn Noreg. Sønene hans.
Harald tok det riket etter far sin som han hadde havt, og vann seg eit større rike - etter som han tidleg var spræk og røsleg på vokster - ved at han heldt slag med dei nærmaste kongane og sigra yver deim alle saman. Han eigna til seg Noreg som einvaldsherre fyrst av alle kongar, tjuge år gamal. Siste slaget heldt han i Hafrsvåg på Jæren, med ein konge som heitte Skeidar-Brand, og Brand flydde til Danmrak og fall i slag i Vendland. Dette er nemnt med sovorne ord i eit kvæde som heiter Oddmjor, som er gjort um konge-talet:

Skjoldungen rak med skjolden
Skeid-branden or landet.
Snjelle kongen rådde
sidan heile Noreg.

Harald stridde for landet i ti år, fyrr han vart einvaldskonge i Noreg. Han seda og freda landet sitt vel. Han hadde tjuge søner, med mange konor, men berre tvo fekk kongsnamn, Eirik Blodøks og Håkon den Gode.<...>

"Ágrip. Ei liti norsk kongesoge" i  Norrøne bokverk nr. 32, Oslo 1936, s. 5, 15-17

Line
10.08.1999 Tilrettelagt av Frode Ulvund