Norsk økonomi under dansk styre
Historisk tidsskrift band 59 1980, s. 88-108
KÅRE LUNDENLine

Artikkelen omfattar ei melding av ei økonomisk historie. Meir enn ei vanleg melding er det likevel ei konkretisering av allmenne synspunkt på historisk studium. Desse synspunkta blir konkretiserte ved ei revurdering av sentrale historiske problem i dansketida slik desse er presenterte og løyste i læreboka, og i nyare litteratur ho byggjer på. Spørsmåla gjeld allment kor spesiell den norske utviklinga var, og særskill kor gode vilkår dei norske bøndene hadde. Særleg blir teke opp skattlegginga, overgangen til sjølveige og borgarprivilegia av 1662 og 1688.

STÅLE DYRVIK (språkleg redaktør), Anders Bjarne Fossen, Edgar Hovland og Stein Tveite: Norsk økonomisk historie 1500-1970, Universitetsforlaget, Bergen-Oslo-Trondheim 1979. 271 s

1. Ein lesar kan godt finne ei bok mykje nyttig og endå vere grunnleggande usamd både i opplegget og i faglege hovudsynspunkt. I forhold til denne lesaren er dette ei slik bok.
    Ho er skriven som lærebok, «først og fremst innsikta på grunn- og mellomfagsteget ved universiteta og høgskulane». (Føreord) Det er i hovudsaka «good old economic history» av eit lett modernisert slag. Der er mykje taloppgåver. Der er innslag av omgrep frå «hjelpedisiplinar» som demografi, landbruksvitskap og økonomisk teorl, men dette er moderat. Framstillinga er med mindre atterhald a jour  med norsk forskning på feltet. Til dels er ho meir enn det, ettersom ho kan gjere bruk av utrykte arbeid, av forfattarane og andre, om tørrfiskhandel, bergverk, byhistorie m.v.
    Ikkje minst framstillinga av demografiske forhold og av jordbruket i perioden 1723-1835 ligg på eit høgt nivå.
    Utmerkande er at betydninga av andre næringar enn jordbruket, også for bøndene, blir understreka. Likeeins betydninga av «utanrikssektoren». Den kvantitative endringa i tidsrommet blir klår. Alt dette er positivt.
    Den nytte forfattaren her alt har hatt av boka, kjem best fram ved at det meste av den ammunisjon som blir brukt mot henne nedanfor, er henta derfrå. Han er difor nøydd til å meine ho er nyttig for forskarar, lokalhistorikarar «o.l.». Naturlegvis er det mykje overlapping med Handbok i norsk historie, som til dels er av same forfattarane. Boka her dekker førebels eit vidare tidsrom.
    Boka vil vere verdifull for vidarekomne studentar, og for grunnfagsstudentar til utfyllande lesing og oppslag. Etter meldarens førestillingar høver ho ikkje fullt så bra som grunnleggande innføringsbok for grunnfag. Alle er vel samde i at ei lærebok i historie, særleg for grunnfag, har to hovudoppgaver. Den første er å gje påliteleg informasjon i det einskilde. Den andre er å sjølv vere eit døme på og ein demonstrasjon av historisk forståing, slik at særleg begynnarstudenten øver opp eiga evne ved å medoppleve framstillinga. Etter meldarens skjøn er den andre oppgåva den eigentlege for læreboka. Denne boka kunne verke som om ho legg størst vekt på første punktet.
    Det litt kontroversielle her kan vere dette: Historisk forståing er, etter påstanden her, å plassere det einskilde elementet, den einskilde verksemda eller «samfunnssida» i det totale mønster av relasjonar som kvart samfunn utgjer, og somkarakteriserer det einskilde fenomenet, t.d. «bonde», «sjølveige», «by» innan kvart samfunn eller samfunnstype. (Eg vender attende til dette i stykke 3). Dessutan er historisk forståing å sjå det karakteristiske ved det sett av relasjonar som utgjorde samfunnet t.d. i 1850 i forhold til tidlegare, t.d. i 1500. Konsekvensen er at det er prinsipielt forfeila å lage allmenne innføringsbøker for historie grunnfag som har smalare pretensjon enn å vere total samfunnshistorie. Økonomi og politikk må sjåast i samanheng, som integrerte ledd av kvart samfunnsmønster.
    Dette synspunktet vil eg halde fram generelt. Likevel er det reint særskilt viktig når talen er om det førindustrielle samfunnet. Og aller mest er det sentralt når det gjeld det mellomaldersamfunnet som denne boka har utgangspunkt i. «Økonomien» var der på ein særskilt måte berre éi side ved mange funksjonelle institusjonar som familien, kyrkjelege og kongelege institusjonar. Desse hadde vanlegvis ein annan dominerande funksjon (politisk, religiøs) enn den økonomiske. Isolert økonomiske forklåringar er i slike samfunn prinsipielt ikkje mogelege på same vis som i det kapitalitiske samfunnet. Her har vi som kjent institusjonar med isolerte økonomiske funksjonar, t.d. fabrikken, butikken, banken, etc.
    Hovudmangelen ved denne boka, både som fagleg innføring i førindustriell økonomi og samfunn og som lærebok, er at ho tek for lite omsyn til synsmåtar som ovanfor.(1) Det må ha samanheng med at ho vantar forhold til omgrep og teoriar som er utvikla for å gripe større institusjonell endring. Det kunne vere Karl Polanyis' omgrep, John Hicks'(2) marxistiske kategoriar eller t.d. Chayanows.(3) Dermed kjem ei anna hovudside ved historisk forståing også i bakgrunnen, den som gjeld endring: ei klår framstilling av det kvalitativt institusjonelt spesifikke ved eit samfunn i forhold til eit anna. Jamvel om boka sjølv set endring i fokus, og får fram kvantitative sider, er lesaren på underleg vis i same samfunnet, frå mellomalderen i 1500 til dampskipsrute Norge i 1850.
    Einskildopplysningar røpar betydninga av koblinga mellom politiske og økonomiske institusjonar og posisjonar ved overgangen frå mellomalderen. Såleis ser vi under «Bergverka» at det var Jon Pålsson, prost ved Mariakyrkja i Oslo og kongeleg lensmann Henrik Krummedike som i 1490 fekk forlening på kongens koparverk i Sandsvær. I 1524 var det biskop Mogens i Hamar som tilsvarande fekk forleningsbrev på Sundberg koparverk, etc. (s. 48 f.) Slikt blir berre ikkje særskilt «problematisert», eller utgangspunkt for framstilling av den institusjonelle forvandlinga det gjeld.
    Ei innføring i historisk forståing må avgrense emnet sitt slik, også geografisk, at emnet blir til å forstå. Konkretisering: Norsk økonomi i perioden er truleg berre skjønleg som eit utkantfenomen i ei europeisk/global utvikling, der krig og politikk er ei heilt sentral drivkraft, ved sida av og i samspel med folketalsauken. Krigen dukkar her og der opp i boka, mest som noko som  for næringslivet (s. 89). Sidan det gjeld ei grunnfagsbok, vil eg få nemne nokre elementære kjensgjerningar: På 1600-talet var berre 7 år utan større europeiske
krigar og i dei sentrale områda var det nok av krig også på 1500 talet. Direkte verknader: Frankrike: Kong Karl VII (1422-61) hadde hærstyrkar på 4500 kavaller iog 8000 infanteri. Kar lIX (156-1574) heldt 35 000 mann kavalleri og 130 000 infanteri. Ludvik XIV (1643-1715) hadde styrkar som gikk opp i 400 000 mann.(4) England: Henrik VIII (1509-47) hadde i 1514 ein krigsflåte på 24 skip på tilsaman 8460 tonn. I 1547 hadde han 71 skip. Elisabet I (1558-1603) hadde 1588 34 eigne krigsskip på ca. 14 000 tonn, men disponerte i alt 197 skip. I 1695 var den kongelege krigsflåten komen opp i 112 400 tonn .(5)
Piedmonts militærbudsjett steig frå 334 000 pund i 1580 til 8 mill. pund i 1708. Det franske tilsvarande steig frå 2,1 mill. pund i 1542 til 404 mill. pund i 1784.(6) Det er naturlegvis desse tala, og tilsvarande frå andre land, som gjer både den økonomiske og den politiske historia i perioden skjønleg, når dei blir omsette til krav på trelast, jern, kopar, til skattekrav og politiske institusjonar (einevelde) som var sterke nok til å setje krava gjennom. Om dette er elementært for historikaren må grunninnføringa i historisk forståing vise slikt uttrykkeleg.
    Krig og fysisk makt kan ikkje i det førkapitalistiske samfunnet behandlast som eit tilfeldig rusk i den «økonomiske» suppa. Det dreiar seg om drivfjøra, «økonomisk» ikkje mindre enn politisk.(7)
Eg skal knyte tråden attende hit i stykke 3.

2. Det stykket som fylgjer her er inga melding. Det tek ikkje sikte på å gje eit representativt inntrykk av meldarens oppfatning av verdifullt og mindre verdifullt i boka. Dette stykket er ein diskusjon av konkrete faglege hovudsynspunkt, mest slike eg er usamd i. Ei slik drøfting var det kanskje ikkje grunn til, på bakgrunn av denne boka isolert. Men ho er ei oppsummering, i universitetslæreboks form, av fundamentale synsmåtar på norsk samfunnshistorie gjennom ein trehundreårsperiode. Desse har alt i ei årrekkje vore publiserte i ei rad andre sentrale verk.(8) Synsmåtane har alt nådd ut til det allmenne publikum; dei held på å bli ein del av vårt kollektive medvit om ein av dei tre hovudbolkane i historia vår. Dette utan at synsmåtane har møtt den faglege opposisjon som alle viktige oppfatningar treng og har fortent. Det er på tide dei får slik opposisjon, og her kjem den eg maktar å gje, i ei rask vending.
    Sjølve essensen i dei samankjeda synsmåtane formar Stein Tveite i avslutningsorda i denne boka: «Framfor alt gjekk jamn innteksfordeling samen med ein trygg levemåte for folk flest». Den økonomiske utviklinga var balansert, både mellom næringar og mellom sosiale grupper. Samfunnet var i likevekt. Truleg vil ikkje berre nordmenn vere samde i atfor den tid var det eit godt samfunn å tilhøyre» (uth. her, s. 251).
     Isolert er ikkje dette særleg presist. Men kjernepunkta er at Norge var spesielt; vi hadde spesielt rask utvikling. Ei hovudårsak var spesielt pen behandling, særleg skattemessig, frå det danske styret. Reint særskilt vart dei norske bøndene favoriserte, og stod sterkt. Den siste meininga har også samanheng med visse oppfatningar av overgangen til sjølveige, og av borgarprivilegia av 1662 og 1688.
    Sidan vi har å gjere med eit land under framandt styre, nærmast ein koloni, og sidan dei norske bøndene   i vid tyding  var ein notorisk underklasse innan denne kolonien, ville vel nokre a priori finne synsmåtane mildt forbausande. Kor solid grunnlag har dei?

Også boka det direkte gjeld her, har som samlande hovudtema eitt av dei nemnde: Den norske økonomiske og demografiske utviklinga i perioden var særleg sterk, så sterk at det er «langt på veg å rekne for ein internasjonal sensasjon» (s. 243, jfr. kap. 1, 2 og 24). Den norske utviklinga skal m.a. utgjere eit slags «motbevis» av Malthus' tanke om at folketalet tenderer til å vekse snøggare enn matproduksjonen. Hos oss skal det ha vore økonomisk vokster, dvs. auke i produktet pr. arbeidstime. Det blir vedgått at omfanget av den påståtte voksteren er høgst usikkert. Men den økonomiske voksteren skal vere rimeleg; for her skal det vere «tilstrekkeleg å sjå på befolkningsutviklinga»  (s. 244, Tveite). Dyrvik understrekar det same (s. 15, jfr. s. 9) . Det blir spurt etter forklåring på «at Norge skilde seg ut ved større auke, og ved å få igang reell økonomisk vokster, ...» (s. 251).
    Berre i denne samanhengen kunne det vere mange ting å ta opp. Det gjeld tolkinga av Malthus, omtalen (utan tilvisingar) av tidlegare «historikarar med hastverk», som skal ha «gjort oss den bjørneteneste» å preike «stagnasjon» (s. 9). Eg skjønar ikkje kven det er sikta til, særleg når folketalsauken, på ein elles noko forvirrande måte, blir blanda med den økonomiske voksteren. La alt dette ligge her. Det grunnleggande er kor spesiell den norske utviklinga faktisk var. Når det gjeld den nokolunde sikre komponent i «voksteren», folketalsauken, må det sentrale i denne samanhengen vere utviklinga ca. 1650-1850. - Hverken Malthus eller andre kan vel ha funne det særleg merkeleg at folketalet fram mot 1650 bortimot kunne vinne att nivået fra 1349.-
    I perioden 1665-1845 auka norsk folketal frå ca. 440 000 til 1 328 000, nøyaktig 3-dobling (s. 124) . I same tidsrommet(9) vart folketalet i Europa og Russland under eitt 2,7-dobla. I Asia vart folketalet mellom 3,1- og 2-dobla, i Latin Amerika mellom 7,6- og 2,8-dobla, i Nord Amerika 26-dobla. Berre i Afrika og Oceania var det omlag stillstand.
    Det verkar ikkje som om det her ligg føre noko merkeleg særnorsk problem å forklåre. Hvis Norge skulle ligge marginalt betre an enn Europa og Russland under eitt, så skulle 26-doblinga i Nord-Amerika, i same tidsrom som vår 3-dobling, demonstrere pedagogisk nok at vona om vokster i eit område må ha noko med tidlegare uutnytta ressursar å gjere.
    Voksteren pr. hovud, og endå meir pr. arbeidstime, er langt meir usikker, både her og der. Men også her er det visst unødig «nasjonal» mystifisering å stille spørsmålet som om det gjeld korleis «dette bondelandet ... makta det dei store nasjonane ikkje greidde?» (s. 243 f.) Hvis ein ikkje vil mystifisere, men lage noko skjønleg, må ein vel sjå på det meir integrerte økonomiskmerkantile området Norge faktisk var ein del av. Det er ikkje her utan vidare rett at «for europeisk næringsliv reknar ein med ein stagnasjonsperiode frå tidleg på 1600-talet til midten av 1700-talet» (s. 250). Slik var det i Italia og Spania, nokolunde. Men det må vere svært ope, svært mildt tala, om norsk økonomisk utvikling var så merkeleg meir positiv enn i det området vi i hovudsak sokna til, Nederlanda og England. Nokre tal: England produserte 210 000 tonn kol i 1550, 1,5 mill. tonn i 1630, 11 mill. tonn i 1800.(10) Kolprisindeksen der syner 60 i 1560, 95 i 1610, 135 i 1640, 250 i 1670.(11) Engelsk handelstonnasje var 50 000 tonn i 1572, 115 000 tonn i 1629, 340 000 tonni 1686.(12) London voks frå 250 000 menneske i 1550 til 450 000 i 1650 og 600 000 i 1700, 'the largest, busiest, and wealthiest metropolis in the world'. (13) 'The seventeenth century was anything but a depression for Holland, England and Sweden.(14) 
    Det var vel dette området vi måtte overflyge, hvis det skulle føreligge eit særnorsk «Wirtschaftswunder» å forklåre. Lat meg nøye meg med å seie at det verkar, etter det som ligg føre, ikkje som vi gjorde det. Elles må bevisbyrda ligge på den som pastår at den norske «voksteren» var raskare. Eg har ikkje hittil sett freistnader på slik verkeleg jamføring som kunne vise noko om dette.
    Det verkar som om den norske økonomiske utviklinga er ein nokså opplagd, provinsiell og heller noko merkeleg svak refleks av den eventyrlege ekspansjonen i kjernen av Nordsjøområdet, Nederlanda England.(15)
    I perioden 1500-1665 var truleg norsk folketalsauke (i det minste) rask i forhold til dei fleste område. Men sjølv då er den temmeleg usikre ca. tre-doblinga (s. 18) ikkje særleg større enn det også blir oppgitt for dei skandinaviske landa under eitt. Det skal vere 2,8-dobling 1500-1700.(16) Også i England, som har best materiale, vert folketalsvoksteren i same perioden, 1500-1650, med stor usikkerhetsmargin no sett til mellom 2-og 3-dobling.(17) Alle folketalsoverslag frå perioden er svært usikre. Men for så vidt den norske demografiske voksteren då verkeleg var særleg rask, blir den lett nok forklåra ved eit noko særleg stort nedfall i sein mellomalderen, saman med den nye ressursen, skogen, som blei skapt ved marknadsutviklinga frå 1500-talet.
    Også i denne tidlege perioden blir det, så vidt eg kan sjå, gitt eit ugrunna bilete av norsk særutvikling. Det heiter først, korrekt (så langt vi kan vite), at folketalsbotnen hos oss vart nådd ca. 1450, med liten vokster før 1520. Men misvisande er det deretter å seie: «Om dette er rett, starta altså oppgangen i Norge mest hundre år seinare enn i resten av Europa» (s. 19, uth. her.) Sjølvsagt var biletet varierande. Men i alle fall England, der tilhøva verkeleg er nokolunde kjende, viser her omlag eksakt same bilete som Norge.(18)  I Frankrike ser botnen på folketalskurva også ut til å ha lege omkring 1470, med svært liten stigning før 1500 talet.(19) Det europeiske gjennomgåande biletet er heilt enkelt at folketalet ved år 1400 var ca. 50% av talet ved år 1300, og at nivået frå år 1400 var omlag heilt det same enno ved 1500, med tendens til svak stigning heilt på slutten av 1400-talet.(20)
    Eit innskot til: Ein kjem litt i tvil om det er vanleg grunn til å feste seg ved formuleringane, når ein også møter slike som desse: «I eigedomssamanheng blei 1600-talet i store trekk eit duplikat av 1300-talet» (s. 31), og «gjennom busetnadskontraksjonen i seinmellomalderen og den nye ekspansjonen fram til 1660-åra skjedde det ingen nemnande endringar i eigedomstilhøva ...» (s. 32). Sjølvsagt har Dyrvik kjennskap til krongodssala, med den begynnande overgangen til sjølveige etter 1660, forsåvidt sjølve reverseringa av den prosessen som vart aksellerert ved alle bondegåvene av jord til kyrkja etter Mannedauden.(21) Han har nødvendigvis også kjennskap til sekulariseringa av kyrkjegodset ved reformasjonen. Formuleringar som desse er laga med ein svært brei penn, som ein ikkje kan bli altfor forbausa over å møte i andre karakteristikkar òg.-
 
Gå til del II  
Gå til del III  
","","","","","H.Jensen: Den økonomiske enhed i Dansk-norsk vekselvirkning det 18. aarhundrede, Kbh. 1936
S.Dyrvik & S.Tveite: Meir om norsk økonomi under dansk styre, HT band 59 1980
K. Haarstad: Vekst eller stillstand i dansketiden? Norsk økonomi 1500-1850, Heimen 1981 XVIII
A.Nedkvitne: Mens Bønderne seilte og Jægterne for. Nordnorsk og vestnorsk kystøkonomi 1500-1730, Oslo 1988
Ø.Rian: Hva og hvem var staten i Norge? i Magtstaten i Norden i 1600-tallet og de sociale konsekvenser. Rapporter til den XIX nordiske historikerkongres, Odense 1984, bind I,
J.Sandnes: Norsk bondemotstand i hundreåret etter reformasjonen i Heimen 2/89"
"     No kjem første hovudpunktet: beskatninga av Norge. »Bergensskulen» har i den nemnde rekkja av verk (sjå note 8) hevda den oppfatninga som i boka her blir forma som den «openberre forskjellsbehandlinga av undersåttane, og især av bøndene i dei to riksdelene» (s. 83). Det gjeld ei påstatt sterk skattemessig favorisering av Norge, særskilt slik at bøndene i Danmark vart skattelagde langt hardare enn bøndene i Norge.(22)
    Ingen har freista samanlikning av norsk og dansk beskatning på 1500 talet, men den høyrer med, og Dyrvik karakteriserer den norske slik: »Opphavleg betalte bøndene berre ein liten leidang til krona, og andre skattar blei berre utskrivne i unntakstilfelle, som i krig. Men etter 1600 kom skattepålegga oftare, ...» (s. 82, uth. her). «Unntakstilfelle»? Ein bør få dette presisert slik: Utanom den årlege leidangsskatten og dei andre faste, årlege jordeboksskattane, vart det på 1500 talet i det minste betalt landsomfattande ekstraskattar slik: Etter «dronningskatten» av 1515, «utbudsskatten» av 1518 og den tunge 10 prosentskatten av laus og fast eigedom i 1519, blei «landehjelp» eller landskatt betalt i 1524, 1528, tre gonger i 1532, ein gong 1534-36, fire gonger 1542-47, i 1553, 8 gonger i åra 1560-76, så i 1582, 1588, 1595, 1596 og 1600.(23) Det blei eitt utbod kvart tredje år i perioden 1515-1600, nokre gonger meir enn eitt for året.
    Men så kjem til dette dei distriktsvise ekstraskattane. Desse har ein neppe fullt oversyn over, særleg ikkje i eldste tida. I alle fall skal ikkje eg pretendere å vere fullstendig her. Men i det aller minste har vi Christian II's gjengjerd frå Austlandet i 1514, fleire gjengjerdsbetalinger frå Austlandet i 1520 åra, gjengjerdsbetalingar frå Jæren og Sunnhordland 1519/20, i fleire tilfelle frå Vestlandet nord for Bergen i dei fylgjande åra, og visst fleire slike.(24) Så har vi slikt som bygningsskattane til Akershus frå Austlandet - Akerhus len - i 1593, 1594, 1595, 1599 og 1600.(25)
    Her må ein kunne seie at «unntaka» bekreftar regelen - på ein noko særeigen måte.
    Men sjølvsagt er det rett at skattane vart endå mykje tyngre på 1600-talet. Talgrunnlaget for læra om den lette skattlegginga av Norge då, særskilt av bøndene, er først og fremst oversyn over dei såkalla «årlege statsinntekter» (s. 80). I perioden 1641-43 var årleg gjennomsnitt her for Danmark 625 000 rdl., for Norge 440 000 rdl., i 1661-75 854 000 rdl. for Danmark, 506 000 rdl. for Norge, i 1676-99 tilsvarande 1 410 000 for Danmark, 660 000 for Norge (s.80). I 1785-88 er dei norske komne opp i 1 189 000 rdl., dei danske er ikkje viste.(s. 218).
    Innvendingane mot å bruke desse tala til slutning om lettare skatt av Norge, er kort desse: Det er hittil uvisst kor langt skilnaden i dei absolutte tala som blir brukte, og vart attgjevne, berre uttrykkjer rekneskapsmessig fiksjon. Det som er på det reine, er berre at tala ikkje omfattar pa langt nær heile dei «årlege statsinntektene», og at det heller ikkje er gjort freistnad på å kalkulere desse, hverken nøyaktig eller nokolunde.
    Ein god del reelle statsinntekter (reelle ytingar til staten frå folket) gikk utanom dei rekneskapsførte og framviste, visstnok i begge rika, som ogsa blir nemnt. Såleis sportlar til embetsverket, m.v. Den vesentlege delen av statens embetsverk som presteskapet var, blei såleis finansiert ved dei lokale embetsinntektene. I 1840-åra utgjorde slikt (26) ca. 17 % av dei norske statsinntektene, men visstnok langt meir før (s. 220). Ja, heilt sikkert fleire gonger meir før, når ein også tek omsyn til at dei norske hærutgiftene var komne over på rekneskapen i 1840-åra, motsett dansketida.
    Det som er sikkert, er vidare at i Norge gikk svært mykje meir av dei reelle statsinntektene utanom dei nemnde rekneskapstala enn i Danmark. Først og fremst kjem dette av ulik ordning med hæren. Men det har også med skyss  og særleg med tollvesenet å gjere. l Norge var 63-43 % av dei bokførte statsinntektene toll og konsumpsjon (s. 81). Men det er netto; administrasjonsutgiftene er ikkje med (s.218f) Kor store dei var er hittil ikkje opplyst i dansketida. I 1845 var dei 339 000 spd., 20% av nettotollen då (s. 220).(27) Med tilsvarande proporsjon administrasjonsutgifter i 1641-43, skal dei bokførte norske statsinntektene, berre ved denne eine korreksjonen, hevast til ca. 500 000 rdl., jfr. 625 000 rdl. i Danmark då. Dei danske bokførte inntektene skal ikkje ha ein tilsvarande stor auke ved dette. Der utgjorde toll og konsumpsjon berre 22 27% av dei bokførte inntektene (s. 81).
    Det som åleine er avgjerande, er likevel det ulike systemet vedkomande hæren. Dyrvik gjev her den konsesjon at når hær og skyss kjem med, «blir ikkje skilnaden fullt så stor som når ein berre ser på skatten» (s. 83). Den tidlegare påstanden om «openberr forskjellsbehandling» i norsk favør i norsk favør blir ikkje tilbakekalla.
    Eg finn det merkeleg at ikkje i det minste eit raskt overslag over betydninga av den ulike hærfinansieringa er gjort. Dei viktigaste tala ein treng, er lett tilgjengelege. Ved 1660 var hærstyrkane i kvart av landa omlag like store, ca. 11 000 mann i kvart.(28) Skilnaden var at i Norge var hæren i all hovudsak utskriven; legdene måtte både stille soldatene og halde dei med kost og klær.(29) Utgiftene til dette var ikkje med i dei norske rekneskapstala.
    I Danmark var hæren derimot i allhovudsak verva. Kostnadene ved det er med i dei refererte bokførte rekneskapstala for Danmark. At det her er tale om ei «forskjellsbehandling» av ein storleiksorden som kollkastar det meste, burde kvar historikar sjå, ettersom det berre er ei mindre overdriving at statsutgiftene i perioden var identiske med forsvarsutgiftene. - Av dei statsutgiftene som ble brukt i Norge i andre halvdel av 1700-åra, tok forsvaret famleis 77%, 67% til hæren (s. 219).
    Men ein treng ikkje nøye seg med heilt vage antydningar. I 1663 70 kosta den danske hæren årleg i gjennomsnitt 468 525 rdl., den norske 100 865 rdl.30 Det den norske kosta bokført, må vere dei utgiftene som legdene ikkje betalte. Sidan dei to hærane var omlag like store, må differansen mellom dei to tala, 367 660 rdl., så omtrentleg tilsvare dei norske hærutgiftene som legdene betalte, og som kjem i tillegg til dei bokførte 506 000 rdl. for Norge. Når ein då slær saman 506 000
rdl. + 367 660 rdl., + noko i nærleiken av 50 000 rdl. i større norske administrasjonsutgifter til tollen, kjem ein til ca. 924 000 rdl. Legg ein så til også dei langt større norske utlegga til skyss og vegstell, som eg ikkje kan spesifisere, så skulle summen truleg bli nokolunde samanliknbar med dei danske 854 000 rdl. Det ser altså ut til at ved 1670 var dei norske ytingane til staten minst like store som dei danske, i absolutte tal. Då har ein ikkje teke omsyn til det ulike folketalet og den mogeleg ulike betalingsevna. Men framom alt har ein ikkje teke omsyn til den »forskjellsbehandlinga» som åleine, bortsett frå alt som hittil er sagt, synest å vere eit øydeleggande argument mot ""favoriseringa"" av. Det gjeld den ting at dei danske statsinntektene vart brukte i Danmark, medan det meste av dei bokførte norske også blei sende - til Danmark! Av dei 506 000 rdl. bokførte, norske statsinntektene ved 1670 blei 170 000 rdl. brukte i Norge; ca. 330 000 rdl., 65%, vart overførte til København.(31) Overføringsdelen fall til ca. 50% fram til 1807 (s. 221).
    Nasjonaløkonomisk sett nyttar det her lite å innvende at ein del av dei overførte norske pengane blei brukte til «fellesutgifter», til hoffet m.v. Ein treng her slett ikkje vise til at nordmennenes nytte av danske slott og dansk hoffliv var tvilsam. Det er ikkje poenget. Det nasjonaløkonomisk eine avgjerande må vere at dei norske skattepengane vart omgjorde til etterspørsel etter byggematerialar, tekstilar, løner m.m. i Danmark, og ga m.a. vidare skattegrunnlag der, ikkje i Norge.
    Det trengst neppe særleg subtil økonomisk teori for å sjå skilnaden på å betale pengane til seg sjølve, som danskane gjorde, og til andre, som nordmennene gjorde. Sidan medlemmene av «Bergensskulen» brukar å anbefale «klassisk økonomikk» (32), vil vi likevel sjå på skilnaden også i keynesiansk lys. Det klassiske verkemiddel for staten til å fremje vekst og aktivitet er som kjent å sprøyte ut meir kjøpekraft enn den dreg inn, ved underbalansering av budsjettet. Overbalansering verkar nåturlegvis motsett. Det skal ikkje store marginen til for å verke ganske kraftig.
    Her var altså situasjonen at overføringa frå Norge til Danmark innebar ei overbalansering av det særnorske statsbudsjettet på ca. 300 % ved 1670, framleis ca. 100% ved 1807. Det særdanske statsbudsjettet kunne ved same mekanismen underbalanserast kraftig, berre 80% dekning ved 1670.
    Det kunne vore interessant å høyre Keynes - eller ein levande ekspert - vurdere verknaden for utviklingstakten (eller i det aller minste for anstrenging i forhold til forbruk) av denne forskjellsbehandlinga, særleg når ho pågikk årvisst og kontinuerleg i 300 år. Dette særleg når ein også tek omsyn til at den staten som underbalanserer for å stimulere, som Danmark, vanlegvis må ta opp lan, pådreg seg renter og må betale tilbake seinare. Danmark slapp slikt. Norge kravde ingen renter og ingen avdrag.
    Må det ikkje vere på det reine at denne årlege overføringa nasjonaløkonomisk sett for kvar nasjon måtte fungere som u-hjelp, frå Norge, til Danmark? (Begge var etter moderne mål u-land, som trong kapitaltilførsle.) Og her var det u-hjelp som kunne mone noko. Ikkje 1%, men 300% av den sum norske statsutgifter som blei brukte i Norge, vart overførte ved 1670, fallande til ca. 100% ved 1807.
    Sjølvsagt var «den offentlige sektoren» relativt liten i den tida. Men det er no tale om det meste av det overskotet som var, og som kunne stimulere forbruk og investering. Og dei absolutte tala for overføringane kjem ein ikkje forbi. Overføringa ved 1670, 330 000 rdl., svarar til vel 100 000 kyr. Etter dagens kupris (noko skal ein ha) er det ein sum pa ca. 800 mill. 1979-kroner. Betre målestokk er vel at norsk vinterfora storfebestand ved 1660 skal ha vore ca. 490 000 kyrlag.(33) Femtedelen av dette, ikkje så svært langt fra 2 kyr for kvar gardbrukar, skal etter tala årleg ha gått til København ved 1670.(34) Overføringane i 1785-88, ca. 50% av 1 189 000 rdl., var av storleiksorden 150 000 kyr årleg (s. 166), nokså nær 2 kyr for kvar gardbrukar då (s. 186).
    Det rette seg ut til å vere at i staden for favorisering av Norge, føregikk det ei årleg tapping og kolonibehandling som det berre er vanskeleg å skjøne var økonomisk mogeleg.
    Hvis skatteevna etter kvart vart relativt betre i Danmark, slik tala tyder på, er det neppe mogeleg a sjå dette uavhengig av denne årvisse ""u-hjelpa"" frå Norge.
    Og her står vi då, omsider, ved eit reelt økonomisk problem: «Bergensskulen» stilte, som vi såg, eit problem som galdt forklåringa på at norsk demografisk og økonomisk utvikling i perioden var «sensasjonelt positiv». Dette viste seg å vere vesentleg eit skinnproblem. Norge gjorde ikkje meir enn å halde demografisk tritt med Europa under eitt 1650-1850, og omlag med England og Norden elles 1500-1650. Det reint økonomiske er heilt uvisst. Vi voks neppe så raskt som Nederland-England, i alle fall.
    Men dette, at Norge ikkje, så langt ein kan sjå, klarte meir enn å halde tritt, det synest verkeleg å vere eit problem som krev ei særleg forklaring. For Norge var verkeleg i ein heilt spesiell situasjon, ressursmessig, fra ca. år 1500. Vi fekk då, ved marknadsendringa, den fundamentalt vesentlege nye tilleggsressurs som skogen var, (utført 18 millionar bord i 1673, s. 66). Tollinntektene åleine, der trelasttollen kanskje utgjorde ca. 2/3, var 277 000 rdl. ved 1670, ca. 90 000 kyrlag.(35) I tillegg kunne ein nemne bergverka, og fisken. Militær  og statsutviklinga i Europa, og den svære Nordsjøekspansjonen, skapte marknadsgrunnlaget for dette, som vi såg. Av skoglanda var vi og eksepsjonelt heldig plassert transportmessig. Særskilt skogen måtte innebere eit uhyre stort relativt tillegg for Norge, just fordi jordfattigdommen her hadde halde mellomalderfolket så fåtalig. - Den svære skogen burde hatt liknande økonomisk effekt som eit stort oljefunn i eit lite sjeikdøme. - Danmark og dei andre relativt reine jordbrukslandafekk ingen samanliknbar ny ressurs i nytida. Dei sat med den gamle hovudressursen frå mellomalderen, jorda. Når då Norge, trass dette, ikkje spurta frå, trass i at skogen vart utnytta for fullt, synest forklåringa berre å kunne vere ei: at rikdommen på ein eller annan måte strøymde ut av landet. Vi naut ikkje sjølve slik godt av dei nye ressursane som ein skulle ha venta.
    Alt må tyde på at den svære tappinga til København, 2 kyrlag for kvar norsk bonde årvisst i 300 år, gjev den særlege forklåringa som situasjonen ropar etter. Dermed ikkje sagt at ikkje også andre faktorar kjem i tillegg. Såleis københavnske monopol på norsk handel, og den ting at fleirtalet i Norge ved ymse mekanismar fekk relativt lite godt av skogen (sjå nedanfor).
    Det vil kanskje bli innvendt at ca. 50% av dei bokførte norske statsinntektene var toll, mykje «betalt av utlendingar». I så fall er vel dette eit noko primitivt økonomisk resonnement. Sjølvsagt kunne dei norske trelastseljarane utan toll ha teke same pris som tollen + prisen no utgjorde, og likevel selt det same. Når tollen blei skumma av og send til København, var det difor dei norske tømmerseljarane som betalte.
    Eg vil møte ei forventeleg innvendig til. Stein Tveite nemner dei 47 % overføring til København 1760-79. Han nemner og at nordmenn frå Holberg av har hevda at vi «betalte meir enn rett var» (s. 219, uth. her). Meir skal der ikkje vere å seie om den ting. Same implikasjonen ligg i at ein altså ikkje tek omsyn til overføringa, når ein talar om «favoriseringa» av Norge.
    Eg er samd i at økonomisk historie, og særleg «økonomikk», handlar ikkje om kva som er «rett». Det spørsmålet er heller ikkje stilt ovanfor. Det er spurt om økonomiske verknader av overføringar av store økonomiske verdiar, betalte i eitt land, forbrukte eller investerte i eit anna. Skulle ikkje økonomisk teori og historie kunne seie noko om dette, fra eit økonomisk, ikkje moralsk, synspunkt, så bør disiplinane utviklast så dei kan det. Men så ille er situasjonen neppe.
    Historikarens laboratorium er tankeeksperimentet. Fellesmonarkiets sentrum kunne vore lagt i Kristiania. Lat oss tenkje oss at København først hadde måtta unnvere dei årlege 100 000-150 000 kyrlag frå Norge, i 300 år. Desse hadde stoppa i Kristiania. Og dernest hadde Danmark, i same tidsrom, årleg sendt nord til Kristiania, forbi København, ca. 300-100% av den del av eigne statsutgifter dei brukte sjølve. Då ville rollene ha vore eksakt ombytte - forutsett at Danmark, trass denne årelatinga, i tillegg hadde betalt eigen hær, utanom rekneskapen, medan nordmennene hadde betalt ein hær av same storleik av «fellesutgiftene».
    Det er vanskeleg å skjøne at ein for alvor kan meine ein ikkje skulle kunne seie noko om dei økonomiske verknadene av ei slik ombytting. Hvis noko kan seiast, kvifor er det ikkje sagt, når ein talar om favorisering av Norge?
    Det må vere fullt mogeleg, kanskje sannsynleg, at det er ein god del meir enn rein slump at norsk folketalsvokster verkeleg gjorde eitt merkeleg sprang, ved eitt tidspunkt, slik at reell forklåring trengst. Tidspunktet er, som kjent, 1814 15. Det er og vel kjent at der er fleire kandidatar til forklåring her.(36) Eit faktum er og blir at frå den tid brukte vi det økonomiske overskotet i Norge; vi slutta med å sende det til Danmark.
    Den inntil vidare viktigaste grunnen til å avvise lære om favorisering av Norge gjenstår, og har ikkje noko med det som hittil er nemnt å gjere. Grunnen er inntil vidare meir enn tilstrekkeleg åleine. Den går ut på at hittil er det ikkje gjort freistnad på å kalkulere og samanlikne skatteevna i dei to landa. Når ein talar om favorisering av bøndene, er det deira særlege skatteevne det gjeld. Vanlegvis blir det ikkje rekna for særleg meining i å tale om «lett skatt», utan å kjenne skatteevna. Men det er altså situasjonen her - i tillegg til at den totale belastninga heller ikkje er freista kalkulert. (Eg gjorde ein viss freistnad her ovanfor, ved 1670). Nokre moment kan likevel nemnast. Eitt, nemnt av Erling Reksten, er at Danmark trass alt hadde 3,3 gonger så stort dyrkbart areal som Norge, eit areal som også var vesentleg meir naturleg produktivt enn det norske.(37) Siste skilnaden åleine var avgjerande, før kunstgjødsla. Dette var eit potensiale. Men overfor spørsmålet om bøndenes mulighet for å kompensere skattetrykket i dei to landa, må det vere sentralt.
    Eit anna hovudpunkt, også nemnt av Reksten, er at Danmark ved 1660 skal ha hatt ca. 460 000 menneske, av desse 112 000 i byane, mot ca. 440 000 i Norge, av desse ca. 30 000 i byar. (38) København åleine hadde 75 000 innbyggarar først på 1 700 tallet (s. 109). At Danmark var ca. 4 gonger så høgt urbanisert, etter byfolketalet, er eit heilt vesentleg moment for skatteevna. Byøkonomien hadde ei radikalt større evne til å betale skatt, særskilt pengeskatt, enn bondeøkonomien. Og her er det da eit særskilt poeng at København, som åleine hadde ca. 250% av norske byfolketal, heilt openbert i ganske stor mon bygde økonomisk på overføringar frå Norge, direkte gjennom skatten, indirekte gjennom handelsmonopola, vedkomande Norge sjølv og dei norske skattlanda (t.d. s. 117).
    Eg legg inntil vidare ikkje større definitiv vekt på freistnadene på kalkylar enn dette: Spørsrnåla må granskast.
    Hvis totaloverslaga inntil vidare er usikre, og kanskje i ein viss mon vil forbli det, finst det likevel eit anna nivå, der ein kan prøve læra om at dei norske bøndene slapp lett frå skattar og pålegg. Ein kan studere vilkåra deira på grasrotnivå.
    Eg har sjølv komme til å gjere to stikkprøver. Dei fungerer som tilfeldig utval, i forhold til dette problemet. Det kjem av at eg snubla over desse kjeldene i samband med anna arbeid i to lokalområde. Den første er frå Nordre Gudbrandsdalen i 1650-åra, etableringsfasen av det eg vil kalle den tunge beskatninga. Den andre er ei kjelde fra Sunnfjord frå ca. 1780. Det er eit tidspunkt då skattane skal ha vore  «tolleg konstante»i 120 år, og «etter kvart tok ein mindre del av produksjonen» (s. 250). Ved 1780 skal vi då vente å finne favoriseringa på sitt mest markante.
    Kjelda vår frå den tida ser situasjonen frå embetsmannssynsstad. Det gjeld sorenskrivaren Hans Arentz.(39) Han var fødd og oppvaksen i fogderiet, var skrivar der i over 30 år, 1762-93, og reiste runden på bygdetinga to gonger kvart år. I embets medfør administrerte han rettsleg skatteinndriving, og hadde fogden med på tinga. Ein skulle tru han kjende tilhøva. Om den famøse ekstraskatten, som var på «sit sværeste» i 1763, seier han at den, under omsyn tilbetalingsevna, vart betalt med «utrolig Villighed»,(40) trass i at også sunnfiordingane etter kvart gjorde svært alvorleg mytteri mot den. Om betalingsevna i forhold til dei ordinære, faste skattane seier han så: «Det, den søndfjordske Bonde derfor nuomstunder har at stole paa, er hos Mængden blot og allene det lidet Bohave, han besidder, saalænge han kan bevare dette nogenlunde urørt; thi det er neppe at forestille sig, hvor mange underhaands Forpantninger heraf aarlig skee imellem Folket indbyrdes, for at kunne skrabe saa mange Penge sammen, at i det ringeste Skatterne kan afbetales;» (uth. her).(42) Sorenskrivaren gjev så oppskrifta på korleis styresmaktene skal gå fram, slik at dei, av bøndenes «lidet Bohave», kan få drive inn dei ordinære skattane. - Dette trass i at han seier «maaskee den største Deel end ikke engang saameget har som de kan siges at trænge til»,(43) og trass i at den framgangsmåten sorenskrivaren føreskriv etter hans eiga utsegn «synes at være strængere end efter Lovens Forskrift».(44)  Det som skal gjerast, er «at ingen Ting spares i Bondens Bo for Udpantning»(45), trass i at han altså seier det er ulovleg å ta pant i det som naudleg trengst (uth. her). Men når det er teke pant i buet, skal auksjon «ikke for hastig anstilles».(46) For slik, etter «en føje Tids Omrømme, findes nok efter det, Erfarenhed viser, et Slags Udvej til saadanne fornøden Tings Indløsning».(47) Det skjer m.a. ved den omtala låninga mellom bøndene sjølve.
    Når då styresmaktene her sjølve seier dei ma ta pant i alt, også ut over det loven gjev høve til, for å få inn dei ordinære skattane, så verkar det knapt heilt overtydande at ekstraskattane, som frå først av vart freista pålagde med opp mot 400 000 rdl. pr. år (100 000 kyr), utover dei vanlege, ikkje heller skulle gå bøndenes skatteevne nær.(48)
    Kvar den som les Arentz, vil sjølv kunne overtyde seg om at det han talar om ikkje er unntakstilfelle. Den ulovlege utpantingspraksisen hans, saman med låninga mellom bøndene, er sjølve systemet som sikrar den ordinære skatteinngangen i Sunnfiord.
    Bøndenes fattigdom er også elles eit hovudtema hos Arentz: «rede Penge og Obligationer maa ikke søges hos Mængden».(49) Havregrauten er «i dyre Kornaaringer hos mangen Gaardmand ... end ikke saa gængs daglig Kost».(50) Slikt har bonden ikkje råd til kvar dag; det blir meir «Blandesuppe af Havremeel, kogt med noget Mysse i».(51) «Smør til Fladbrødet, [fås] i det ringeste engang om Ugen, gemeenligst Løverdags Aften eller Søndags Morgen ...»(52) Halde gris har «Mængden» no ikkje råd til.(53) Den treng noko korn. «Bondens daglige Drik er i Søndfjord den bekjendte Mysseblande [vatn og sur myse], og Øllet bruges ikke i den daglige Huusholdning uden i Julen».(54) Om overskotet utover den ulovleg utpanta skatten her knapt verkar overveldande, så hadde likevel dei ugifte kvinnene ein bra leveveg: Dei   «mangt et»   brukte å «lade sig besvangre», ikkje av «besynderlig sotr Grad af Kaadhed»,men av «Fordeels Attraae ... da derved kan erholdes en god Amme Tjeneste i Bergen, og man veed, hvilken sær Agtelse Ammer fra Søndfiord der ere i».(55)
    Det han seier på dei ulike stadene om denne næringsvegen, viser klårt at han talar ikkje om reine unntak, men om eit system av betydning. (Det kan ikkje vere usakleg å kalle dette for «utsuging» av bondekvinnene?) Det må vere tillateleg å seie at denne næringsvegen stadfester sorenskrivarens andre opplysningar om at overskotet heime i Sunnfiord ikkje var så stort?
    Så ein annan landsdel, og den andre enden av det mest aktuelle tidsrommet. Dette er dei bokførte skattar og pålegg på bøndene i Gudbrandsdalen fogderi i skatteåret 1657/58:(56)   Dei pålegga som her blir omtala til slutt, gjev også eit inntrykk av kva forsvarsutgiftene utanom skatten gikk ut på. 

1. 6-dalarskatt, betalt av alle bønder med 6 dalar dvs. 2 kyr, av kvar fullgard.

2. Odelsskatt. Denne utgjorde halvdelen av jordleigeinntekta til bønder som åtte jord, og vart her vanleg betalt med 2 5/12 dalar pr. fullgard (4 huder skyld). (Av heile fogderiet 905 dalar.)

3. Tømmerskatt, 1/4 dalar pr. fullgard.

4. Månadsskatt, 1/4 dalar pr. månad pr. fullgard, dvs. 3 dalar pr. fullgard i året.

5. «Kvegskatt», betalt av alle husdyr, med ca. 2 dalar pr. fullgard. (Av heile fogderiet 1724 dalar.)

6. Proviantskatt. Av kvar fullgard 15 kg røykt kjøt, 7,5 kg ost, 2,5 kg smør.

7. Til desse skattane kjem den viktigaste av alle, tienda. Berre korntienda utgjorde omlag 3 1/2 tønne, dvs. 10 1/2 dalar,(57) eller 3 1/2 kuverdi, pr. fullgard.

8. Dei «uvisse inntektene» til kongen av Gudbrandsdalen blir same året bokførte med 711 dalar, eller litt mindre enn 1 dalar pr. fullgard. Det gjeld førstebygsel og tredjeårstake av kongens jordegods, og bøter (mest for «leiermål»).

9. Kongens «visse inntekter» er ikkje med i rekneskapen. Det er årleg landskyld (leige) av krongodset, saman med dei gamle, faste skattane, leidang, fóring og vissøyre, som no er jordeboksavgifter på alle gardar. Av matrikkelen 1668 framgår at jordeboksavgiftene utgjorde 3/4 1 dalar pr. fullgard. 

Slær ein dette saman, blir det ca. 25 dalar pr. fullgard. På eit medelstort bruk, med 2 hestar og ca. 10 kyr, blir skattebyrda 12 13 dalar, eller 4 kuverde. Dette er bokførde skattar, som kongen notorisk fekk inn. Men bøndene måtte ut med meir: «Vist er det, at fogderne her haffr oppebaarit saa megett aff en part bønder paa en kort tid, som til Eders Kongl. Majestett haffr skattet oc skyldet i nogle aar.»... (58) Dette er stathaldaren Gyldenløves eigne ord frå 1662, og gjeld futane Jørgen Filipsen og Jens Madsen her i dalen i dette tidsrommet.
     Men det var nok heller ikkje så vel at bøndene slapp med dette, om ein så legg til smyrjing av futane. I 1662 sette m.a. bøndene i Lesja prestegjeld opp ei liste over ekstraytingar i åra 1657-59. Vi saksar fra året 1658:(59)
«6. 1658. Udlaugde vi ni dragun hester, med sadel och bidsel, anden gang maatte vi udleege 4 hester, och forschaffe dennem ind til byen (Christiania) och fich ingen betalling der fore i ringeste maader.
7. 1658. Om høsten ved korssmesse reiste maior Poffuel till Trundhiem, med alle voris søldatter. Da maatte vi udleegge til hver søldatt fiorten dauges koest, med kioel til behørige kleeder.
8. Før michelsmes schaffet hver fuldgaard til Trundhiems beleigring 4 bismerpund brød I phund smør och I pundh ost. Her paa Læssøe haffuer en part bechommet noeget, och een deel aldelis inngen betalling.
9. Samme forschreffne aar 3 ugger før jul var 3 fulde gaarder om hver karl, och udreede til Trundhiembs beleigring, med siuff uggers koest, til landvagt och de som ei sielf haffde karl, maate leie en anden for sig, och gaffue hannem 3 rdr. Och som de kom der nord vaar de der ichun 13 nætter der med fich de forloff hiem igen, men ald koesten de med sig haffde truede Jørgen Philipsøn (futen) fra dennem saa folchit maate gaa 23 fulde mille veg foruden koest, uden de underveg aff medynk kunde bechome. Maate dertil aff huer thou fulde gaarder forschaffue enn heest til provianten nordpaa at føre, hvilchet kostet enhver aff oss paa reisen 3 rd. hvorfore vi ingen veederleeg igen haffue bekommet.
10. Anno 1658. Ved kyndelsmesse tiden udreede vi voris soldater med 14 daugis koest, sampt med kiol och fulde kleder, och vaare de der udi til korsmisse om varen.
11. Anno 1658. Trei ugger epter kyndelsmes kom her til os strengelig bud och befalling at alle och enhver, som kunde berge vaabben och verge at enhver karl schulle haffue enn maanidtz koest, med fuld gewer, loed och krud, da reiste vi fattige folch strax udi veien, och som vi kom ud til Glommen var vi der trei nætter . . .«

Dette er krigstidsskattar, og det verkar berre umogeleg at gudbransdølene kunne klare slike pålegg i noko lengre årrekkje.
    Dei to stikkprøvene kan ikkje vere meir enn døme på slik gransking som også må gjerast. Går ein landet kring og finn liknande tilhøve, må det brenne eit blått lys for teorien om at bøndene ytte stort mindre enn dei makta.
    Vi hugsar at lærebokas generalkarakteristikk av dette samfunnet «i likevekt» ikkje berre var «trygg levemåte for folk flest», men også «jamn inntekstfordeling». Noka gransking av inntektsfordelinga blir likevel ikkje rapportert. Difor vil vi sjå også eit døme på slik gransking som måtte til for å uttale seg om fordelinga. Her kjem også fram noko allment viktig: eit døme på dei ytingar til det lokale embetsverket som ligg på bøndene, utanom bokført skatt og militærprestasjonar.
    Den 8. oktober 1665 sit soknepresten i Lom, herr Povel Nielsen Friis, og set opp ei sjølvmelding som kongens kommissær har bede om.(60) Vi veit han gjev for lite opp, men dette nemner han: Først prestegarden, der han sår 16 tønner bygg og 8 tønner rug, held 13 hestar, 50 storfe, 70 sauer og 24 geiter. Under sjølve garden ligg 1 avlsgard, 6 namngjevne øydegardar og 2 fiskevatn. Til embetet høyrer eit jordegods med samla landskyld 38 huder, 6 skinn; det svarar til 19 medelstore gardar. Den årlege tienda han personleg kasserer inn er 90 tønner bygg,, 45 tønner rug, 25 pund (125 kg) ost og 6 merker hamp. Men gardbrukarane understøttar denne mannen også på andre måtar. Han seier sjølv: «Om høsten nyder jeg aff hver mand [vel 200 bønder] en dags arbeid enten med slaaen eller skæren. Om vinteren giffues mig aff hver fuldgaard halfgaard och ødegaard 1 las brendeved. Min offer de 3de høye fæster andlangende daa falder den gandske ringe . . . I blant giffues mig til høsten en souff aff en part, som jeg iche kann sette til noget cento.» I alle fall ei inntekt «gløymer» presten. Vi ser av dei samtidige skiftebøkene (61) at han regelmessig kasserte inn ei «utferdsku» for å jordfeste lik. Etter samtidige oppgåver fra soknepresten i Vågå kunne det bli 50 lik om året.
    Når ein legg saman dei viktigaste presteinntektene her (kornavlinga av garden, dei faste leigeinntektene av jordegodset, tienda og utferdskyrne) kjem ein opp i ein årleg sum av 245 kuverde. (Det er som før rekna 3 dalar pr. ku og pr. tønne korn.) Etter kupris i 1979, kr. 8000,- , blir årsinntekta kr. 1 960 000,- . Målestokken må halte noko, men låg er inntekta ikkje.
    Kva herr Friis la seg opp, veit vi ikkje. Men av skifte 5. juli 1659 (62) framgår det at grannepresten i Vågå, herr Friederich Nielssen Glastrop, har ein bruttoformue pa 2261 dalar (netto 941 dalar), eller 750 kuverde. (Den registrerte buskapen er 37 hestar, 131 storfe, 6 svin og 58 småfe.) Nettoformuen svarar, etter 1979 års kupris, til ca. kr. 2 500 000.-.
Om Tveite ville fått alle sunnfiordingar eller gudbrandsdøler til å skrive under på at dette var «eit godt samfunn å tilhøyre» (s. 251), er vel ikkje så sikkert. Men heller ikkje ville han fått alle mot seg, truleg ikkje sokneprestane i Lom og Vågå.
    I andre halvdel av 1600-åra fekk vi begynnande overgang til sjølveige; vi fekk kjøpstadsprivilegia av 1662 og sagbruksprivilegia av 1688. Teorien vår om samfunnet den gongen må kunne sameinast med desse sentrale fenomena. Det gjeld ikkje minst teorien om bøndenes sterke allmenne stilling, og om forholdet mellom bønder og regime.
    Lærebokas teori er nett repetert. Eit særskilt styrketeikn for bøndene er at ved slutten av perioden [1850] er dei aller fleste sjølveigarar». (s. 251). Meldarens teori er snarare at bøndene (63) var økonomisk trua ved folketalsauken, at dei var politisk svake, og difor vart økonomisk utnytta, gjennom skatten og på andre måtar. Også den teorien må kunne inkorporere t.d. overgangen til sjølveige.
    Heilt allment: Det som er «balansert», «i likevekt», tenderer til å vere i ro. Men «overgangen til sjølveige» var sjølve snøskredet for mellomalderens samfunn og økonomi. Det er tale om avviklinga - eller den totale omdanninga - av mellomaldersamfunnets grunnstruktur. (Hovuddelinga mellom ein avgiftsbetalande og ein avgiftsoppeberande klasse, der overføringa har form av  «føydal rente»). Historikarens oppgåve må vere å identifisere dei krefter som openbert er i ulikevekt.
    Borgarprivilegia av 1662 og   -88 er ei radikal endring og fastlegging av spelereglane mellom bøndene og den nye overklassen, borgarane, gjennomførd med politisk makt. Berre politisk makt kunne, tydeleg nok, vege opp ei ubalanse som utan den ville ha tippa annleis.
    «Overgangen til sjølveige»: Som Tveite - ovanfor - ser Dyrvik den som vitnemål om bondestyrke. Han spør etter årsakene til at nokre sentrale område på Austland og Vestland etter 1660 skil seg ut med aukande sjølveige. Svar: «Ein har tolka dei [skilnadene] som uttrykk for kamp om ressursen skog. Bøndene i skogsdistrikta var interessert i å bli sjølveigarer for å kunne hogge fritt, samtidig som dei store jordeigarane fann betre investeringsobjekt i t.d. sagbruksverksemd, trelasthandel og skipsfart» (s. 32, uth. her). Modellen er altså ein «kamp om ressursar.»
    Her er først ein svikt i litteraturorienteringa. Det epokegjerande verket frå dei seinare åra, som fullstendig har endra perspektivet på overgangen til sjølveige, ser ein ingen spor av.(64) Hovudperspektivet der er at bøndenes gardkjøp nok var ein kamp om ressursar, men tydelegvis først og fremst om jordbruksjord. Under folketalsauken vart det vanskelegare, langt dyrare og meir usikkert å få bygsla gardsbruk. Sjølveigekjøpet sikra då først og fremst gardsbruket, i forhold til andre potenstelle leigarar. Dei nye sjølveigarane var rett nok sigerherrar, men i forhold til dei bønder som ikkje fekk eller klarte å kjøpe gardsbruk.
    Her - av Knut Johannessen - blir overtydande identifisert eit par av dei grunnleggande kreftene som skapte den ubalanserte situasjonen: Folketalsauken og den jordbrukande klassens interne kamp om ein ressurs av nærmast konstant storleik: jordbruksjorda. Dette skapte kjøpeviljen, og høge prisar på jordbruksjord.
    Men der er ein missing link i denne forklåringa. Kva kan forklåre at godseigarane blei interessert i å selje, just frå slutten av 1600-talet, og at dei i stor mon også selde skogsjord?
    Her kjem privilegia av 1662 og -88 inn, i samband med at alternative investeringsutvegar etter kvart kom opp. Godseigarane var sjølvsagt ikkje interesserte i å ha kapitalen bunden i skog, hvis dei kunne mobilisere den ved sal, og endå sitje att med mykje same fordelen med omsyn til skogen som før. Det var mykje ein slik situasjon privilegia av  62 og -88 sette borgarane i. Tømmerprisen, betalt til ein sjølveigar, dekte prinsipielt to storleikar: kapitalverdien av skogen og arbeidsløna for framdrivinga. Hvis tømmeravtakaren hadde full hand om prissetjinga, kunne prisen setjast slik at den vesentleg dekte arbeidsløna. Dermed kunne kapitalverdien av skogen for skogeigaren nærme seg null. Kapitalverdien vart då overførd til omsetningsleddet. Tømmeravtakaren frå bondeskogeigaren kunne kassere inn kapitalverdien frå den utanlandske kjøparen, ved prisdifferansen avtakaren sikra seg.
    Alt kjøpstadsprivilegia av 1662 bestemte at «trælasthandelen skal hos borgerskabet aleene forblive» (s.84). I 1688 kom så dét til at dei ca. 1200 eksisterande sagbruka skulle skjerast ned til 664 priviligerte, som åleine hadde lov til å skjere for eksport. Desse sagene åtte borgarskapet (s.47).
     Gjennom desse to privilegia fekk borgarskapet som gruppe kontroll over tømmerprisane. Tilhøva var dermed lagde til rette for at kapitalverdien for bondeskogeigaren kunne nærme seg null. Men dermed kunne ein godseigar først mobilisere kapitalen ved sal til den jordhungrige bonden, som eigentleg betalte for noko anna enn kapitalverdien, og dernest vere den som likevel og framleis kasserte inn kapitalverdien av skogen, men no i eigenskap av sagbrukseigar og eksportør.
    Om privilegia av 1662 og -88 var tenkte nett slik, kan ein ikkje vite. Det ein kan sjå, er at dei måtte verke omlag slik. Det er då alt anna enn tilfeldig at godseigarane vart meir interesserte i å selje frå slutten av 1600-talet, frå privilegia var vedtekne.
    Og her er ein utan tvil inne på det generalforholdet som direkte kan forklåre «overgangen til sjølveige», til «beste» for ein politisk svak og uorganisert klasse som bøndene. Ein bør sjå på kapitalverdien av det som blir overført. Det er ei kjend sak at kapitalverdien i moderne norsk jordbruk helst har vore null, eller negativ. Det siste tyder at når ein set normal arbeidsløn inn i rekneskapen, blir det mindre enn ingenting att til kapitalrente. Reelt kan ikkje garden då gje normal arbeidsløn, sjølv om bonden er sjølveigar, og ikkje betaler ut noko som rente. Dette fylgde av to forhold: meir konkurranse utanfrå, og «fullkommen konkurranse» mellom uorganiserte norske produsentar. Det er difor lite å undre seg over, og få har vel undra seg over, at bøndene i takt med denne utviklinga «fekk lov» å bli «sjølveigarar» til jordbruk. Så langt andre investeringsutvegar då fanst. Forklåringa var i grunnen den økonomiske veikskapen til norsk jordbruk, i konkurranse m.a. med framande produsentar, og politisk organisatorisk veikskap mellom bøndene, slik at dei ikkje klarte å omgå den økonomiske veikskapen.(65)
     Det som kunne trenge forklåring, var at bønder frå slutten av 1600-talet også i nokon mon fekk lov til å overta skogsjord. For skogbruket skulle vere internasjonalt konkurransedyktig, og kapitalverdien slett ikkje av «naturlege», reint økonomiske årsaker nærme seg null. Her klarte nettopp borgarprivilegia av 1662 og -88 med politisk makt å ta frå bondeeigarane kapitalverdien av skogen og, eller det meste av den. Difor kunne bønder få eige skog óg.
    At privilegia av 1662 og 1688 innebar ei viss favorisering av borgarane i forhold til bøndene, har ikkje unngått forfattarane (t.d. s. 47). Likevel blir det her gitt forklåringar på utviklinga i næringa som er høgst merkverdige, når ein held dei saman med det som faktisk skjedde, då og seinare. Det heiter såleis at sagbruk, fløyting m.v. vart meir kapitalkrevjande: «Bøndene fekk vanskelegare for å hevde seg» (s. 46). Tømmeret kunne bli liggande ei tid uselt. «Få bønder hadde reservar til å klare ei slik forretning» (smst) Det er vanskeleg å sjå kva bøndenes økonomiske vanskar skulle innebere, om ikkje det at dei skulle ha problem med å få tømmeret fram, og å få det skore og selt, så det lønte seg for dei. Men det faktiske forholdet er då først dette: Før 1688, medan bøndene fekk lov å drive på, med sine «vanskar», var den årlege skurden ca. 6,4 mill. bord. Dette fall, med nesten 50 % til ca. 3,4 mill. bord, ved reguleringa i 1688 (s.47). Bøndene hadde ikkje hatt problem så langt»
    Den påstanden at det her skulle ha vore mogeleg å konkurrere ut bøndene med reint økonomiske middel, neglisjerer grunntilhøva ved bondeøkonomien den
gongen. Sidan bøndene kunne hogge og skjere i ei årstid då resten av huslyden greidde nødvendlg fjøsarbeid o.l., kunne dei rekne arbeidsverdien her nær null ved alternativ sysselsetjing. Oppsetjing av sager o.l. representerte også mest arbeidsverdi, så kapitalutgiftene her òg kunne bøndene rekne svært låge. Dette medførte, sjølvsagt, at bøndene kunne skaffe fram tømmer og trelast til t.d. utanlandske kiøparar, til prisar som borgarane ikkje hadde skuggen av sjanse til å konkurrere med. Borgarane måtte m.a. reelt betale ut arbeidsløner.
    Dette, at privilegia sikta mot å gje borgarane ein avgjerande fordel med politiske middel, nettopp fordi dei ikkje klarte konkurransen reint økonomisk, skulle ein elles kunne slutte reint logisk, ved å sjå etter kva privilegia gikk ut på.
    Dette, som helst ikkje skulle trenge vidare stadfesting, blir likevel på den mest overtydande måten stadfest seinare. I 1795 fekk bøndene nemleg lov til å sage igjen for eksport - forutsett at dei saga med hand (s. 164). Då viste det seg, at sjølv med dette heller grove handikap,(66) kunne bøndene konkurrere med dei borgarlege vass sagene. Dei priviligerte borgarane protesterte då også mot slike urimelege konkurransevilkår!

3. Eg vil avslutte med nokre litt meir allmenne poeng, som knyter tråden tilbake til stykke 1.
    Hvis ein t.d. er interessert i å oppdage den kvalitativt/institusjonelle omdanninga av det norske samfunnet, frå ein mellomalderleg «føydal» grunnstruktur til ein kapitalistisk, så kan ein henge opp borgarprivilegia av -62 og -88 og «overgangen til sjølveige» i glas og råme, og legge nøye merke til det ein ser. Det eine som det andre spring ut av at bøndene vart ikkje lenger, som under den «føydale» ordninga, utnytta ved rein politisk makt. Dei vart ikkje lenger berre utnytta gjennom landskyld, tiend og skatt. Dei tok til å bli utnytta også på den karakteristisk kapitalistiske måten, gjennom marknadsmekanismen. Privilegia av  -62 og -88 illustrerer skulepedagogisk at 1600-talet var ein overgangsperiode mellom «føydallsme» og kapitalisme. Den nye mekanismen for utnytting, marknadsmekanismen, klarte seg enno ikkje heilt åleine. Difor supplementet med gamle måten den politske makta, gjennom lovene om privilegia. I sin tur kunne borgarprivilegia avviklast, når utviklinga var nådd dit at marknadsmekanismen fungerte meir tilstrekkeleg «på eiga hand».(67)
    Men dette inneber at dersom ein verkeleg skulle ta hypotesen om favorisering av dei norske bøndene, t.d. i andre halvdel av 1700-talet, på alvor, så var det heller ikkje nok om ein hadde fullstendig oversyn over dei byrder staten og jordeigarane la på dei. Det er eigentleg berre det som er att av den gamle «føydale» utnyttingsmåten, via det politiske systemet direkte. Ein må på dette tidspunkt også få med den nye, kapitallstlske utnyttingstypen gjennom marknaden, t.d. ved ei realistisk samanlikning mellom norske og danske bønder. Her er det fullt mogeleg, endå om dette sjølvsagt er like lite granska som noko anna hovudpunkt i favoriserings-teorien, at dei norske bøndene/fiskarbøndene gjennom slike næringar som skogbruket og fisket blei relativt meir utnytta på kapitalistisk vis enn dei danske. Altså hadde ein slett Ikkje vist at dei norske bøndene blei mindre utnytta av den tids «establishment» enn dei danske, sjølv om ein hadde vist at dei betalte relativt mindre skatt.
    Skal ein ikkje skilje mellom statens skatt og «privat» utnytting? Jau, ein skal først skilje, dinest sjå i samanheng.(65) Staten var ikkje hengd utenpå det «private» samfunnet. Den var maktapparatet som opprettheldt ei viss samfunnsordning, og ein integrert lekk i denne. Kva for krefter staten mest var uttrykk for, ser ein av slikt som borgarprivilegia av -62 og -88, og av inntektene til prestane i Lom og Vågå, i forhold til bondeinntektene.
    Den ting utan vidare å ta «overgangen til sjølveige», i ein slik total omorganiseringsperiode (69) som 1660 1850, som vitnemål om «styrking av bøndenes stilling», neglisjerer kjernepunktet i historisk forståing, hvis det finst noko slikt. Kjernepunktet er, som eg først sa, at eit eller anna element, t.d. «sjølveige», blir bestemt av det totale sett av relasjonar («mønster») det til kvar tid høyrer til.(70) Å vere «sjølveigar» i ein «føydal» situasjon, når han dermed var fri for den økonomitypens typiske utnytting, har berre namnet, ikkje realiteten, sams med ein «sjølveigar» i 1980 eller 1850, som gjennom gjeldsrente og andre marknadsrelasjonar i den økonomiske realiteten kan svare mykje meir til ein leiglending i 1500.
    Det var perspektiv av denne typen, særleg sansen for djup, institusjonell endring (sjølvsagt i samspel med kvantitative endringar) eg etterlyste i stykke 1. Vonleg er det no konkretisert, så ein ser det ikkje gjeld ei etterlysing av «tomme» omgrep frå Marx, Polanyi, Hicks, Chayanow el.l., som eit slags ornament. Det gjeld etterlysing av verkeleg forståing av kvar epokes eigenart, og dermed forstaing også av fundamental endring.
    Dei metodiske og pedagogiske retningslinjene ein må dra ut av det nemnde kjernepunktet, skulle seie seg sjølve, men er altså: Ein må studere nøye det kvalitativt institusjonelle og det kvantitative. Ein må studere det politiske, rettslege og ideologiske, integrert med «det økonomiske». Ein må nettopp studere den totalitet av sosiale relasjonar som bestemmer karakteren av alle historiske fenomen til kvar tid. Og det karakteristiske, historisk spesifikke for ein epoke kan ein berre oppdage ved å halde den nøye ihop med andre epokar.
    Dersom dette verkar som store krav til grunnfagsbøker og til grunnfagsopplæring, så er det likevel dette som er historie. Sjølv om ingen engel av ein pedagog kan føre ein vanleg student særleg langt på to semester, må vi likevel bevege oss i retning av målet.
    Aller sist og igjen: Dette er inga verdlaus bok. Ho var ei skattkiste av einskildinformasjonar ovanfor, og kan vere det for andre. Men: «History is theory, and cannot logically be otherwise»(71) Verdien, ja, sanninga av den historia vi skriv, er
avhengig av kor langt ho utgjer ein konsistent teori, som kan gjere greie for og inkorporere alle einskildinformasjonar, prinsipielt frå alle tider.(72) Aspirasjonsnivået må her vere det som kjem fram i slagordet: «Kvar mann sin eigen marxist»
 

Notar:

1. T.d. George Dalton (ed.), Primitive, Archaic and Modern Economies. Essays of Karl Polanyi (Boston 197l) t.d.s.120.Slike synspunkt på norsk økonomi hos Kåre Lunden, Økonomi og samfunn (Oslo 1972).
2. A Theory of Economic History (Oxford 1969).
3. T d. Theodor Shanin. Peasant and peasant societies (Penguin 1971).
4. Werner Sombart, Krieg und Kapitalismus (München und Leipzig 1913) s.39. Sjå vidare der om andre land.
5. Smst. s. 47 ff.
6. Smst. s. s3 ff. Sjå vidare der.
7. Jfr. karakteristikk av merkantilismen . «Føremålet med den økonomiske verksemda er å vinne rikdom» osv. (s. 86).  amanlikn med t.d. Perry Andersons klåre identifikasjon av merkantlhsmen som ein doktrine tilpassa det føremålet å auke makta til staten i forhold tll andre statar, ein stat overveldande oppbygd for militære føremål. Lineages of the Absoluttst State (London 1974) s. 31 ff
8. Knut Mykland m. fl., Norge under eneveldet 1660-1720 (Bergen 1972) og Norge under eneveldet 1720-1800 (Bergen etc. 1976). Knut Mykland, Gjennom nødsår og krig 1648-1720. Norges historie 7 (Oslo 1977) og Ståle Dyrvik, Den langefredstiden 1720-1784. Norges historie 8 (Oslo 1978).
9. CarloM.Cipolla, Before the industrial Revolution (London 1976) s.225.Marginane på kvotientane kjem av at han har maksimums  og minimumstal. Tidsrommet er 1650-1850
10. Cipolla, smst. s. 268. 
11. Smst. s. 266. 
12. Smst. s. 272. 
13. Smst. s. 271. 
14. Smst. s. 231 f. 
15. J fr. ""An Energy Crisis"", smst. s . 228 ff. Tveite nemner og den særskilt positive engelske utviklinga, s. 25. Han dreg ikkje attende den norske  for det.
16. Oppgitt av The Fontana Economic History of Europe 2 (1974) s. 38. Busetnads  og folketalsutviklinga i Danmark og sverige frå seinmellomalderen av er veldig usikker, jfr. t.d. Eva Österberg, Kolonisation och kriser (Lund 1977), s. 273 ff., og Nasjonale forskningsoversikter. Det nordiske ødegårdsprosjekt. Publikation nr. I (København 1972) s.214 ff. og s. 40 ff. Sjølv om dei vidare publikasjonane frå Øydegardsprosjektet skulle vise klar skilnad frå Norge, er det fullt mogeleg dette vesentleg kan komme av ulike metodar og ulikt kjeldegrunnlag, utan særleg reelle skilnader. T.d. mi melding av Østerberg op.cit. i The Economic History Review (l978) s.331f. Tilsvarande kan det vere andre stader.
17. John Hatcher, Plague, Population and the English Economy 1348-1530 (London 1977) 
18. Smst.
19. Emmanuel Le Roy Ladurie et Michel Morineau, Historie Economique et Sociale de la France 1: De 1450 a 1660 (Paris 1977) s. 489, 493f, 503, 507.
20. Ruggiero Romano og Alberto Tenenti, Die Grundlegung der modernen Welt (Frankfurt a.M. 1967) s. 305 ff. Byfolketalet i einskilde område steig nok før, smst. Men her kjem fleire faktorar enn totalfolkemengda inn. Jfr. at dei engelske byane viste fortsatt demografisk tilbakegang like fram til ca. 1570. Sjå Charles Phytian Adams, "" Urban Decay in Late Medieval England,"" i Philip Abrams and E. A. Wrighley (ed.), Towns in Society (London 1978) s. 159ff.
                På den iberiske halvøya blir det hevda at ein kan ikkje seie sikkert om folketalet steig eller minka enno under Ferdinand ogI sabella (l479 l504), Handbuch der Europäischen  Geschichte (Stuttgart 1971) s. 599.
               Italia var i alle fall noko for seg sjølv, Peter Laven, Renaissance Italy 1463-1534 (London 1966), t.d. s. 25.
21. Jfr. alle vitnemåla t.d. i Biskop Eysteins jordebok, og t.d. Kåre Lunden, Heggen og Frøland I (Askim 1965) s. 246 ff.
22. Jfr. Mykland m.fl., Norge under eneveldet 1660-1720, s. 57 ff., same, Norge under eneveldet 1720-1800 s. 92, Mykland, Gjennom nødsår og krig s. 337,367,369 f., 410, 440, jfr. Dyrvik, Den langefredstiden, kapitlet «Bondestandens privilegier», s. 431  m.fl.st.
23.  Alt etter Andreas Holmsen, Gård, skatt og matrikkel (Oslo 1979) S. 77 f.
24. Halvard Bjørkvik, «Gengärd», Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder V (Oslo 1960)  Sp.260 f.
25. Holmsen. OD. cit. s. 43 f.
26. Eg har ikkje undersøkt nærare kor samanliknbar situasjonen er. Den er openbert sterkt endra i 1840.
27. 2 105 000 spd. der må vere brutto.
28. Joh. Steenstrup m.fl., Danmarks Riges Historie (København 1896 1902) s. 482. 29. Smst., jfr. Mykland, Norge under eneveldet 1660-1720, s. 58.
30. Carl Christiansen, Bidrag til Danmarks Statshusholdnings Historie (København 1908) s. 514. Eg takkar Erling Reksten for fleire litteraturtips.
31. Mykland, Norge under eneveldet 1660-1720 s. 58. Der står summen 450 000 rdl., mot 506 000 i Norsk økonomisk historie s. 80. Differansen 330 000 rdl. er bygt på at 506 000 rdl. er rett.
32 . Stein Tveite, «Kvantitative og teoretiske studiar i eldre norsk bondesoge», HT 55 ( 1976) s. 241
33. T. H. Aschehoug, Statistiske studier overfolkemengde og jordbrug i Norges landddistrikter i det syttende og attende aarhundrede (Krisliania 1890).
34. Eg brukar her heile vegen «Bergensskulen» eigne tal.
35. Jfr. Kåre Lunden, «Fisket og norsk økonomi på 1500- og 1600-talet», Heimen XVII (1976) s. 154.
36. Jfr. Kåre Lunden, «Potetdyrkinga og den raskare folketalsvoksteren i Norge frå 1815», HT (1975) s. 286 f.
37. «Ny statsmakt og nye herskerklasser» , Heimen XVIII (1979) s. 176. 
38. Smst.
39. Forfattar av «Beskrivelse av Søndfjord», Topograhisk Jurnal VIII-X (Chr. 1801 02), visstnok forfatta i 1780 åra, sjå Norsk biografisk leksikon I (Christiania 1923).
40. Smst. X, hefte 33 s. 39.
41. Den ordinære landskatten. 
42. Smst. s. 39 f. 
43. Smst. IX 30. hefte s. 108. 
44. Smst. s. 109. 
45. Smst. 46. Smst. 
47. Smst. s. 108. 
48. T.d. Dyrvik, Norges historie 8 s. 428 ff., jfr. s. 415. 
49. X 33. hefte s. 38. 
50. Smst. s. 43. 
51. Smst. 
52. Smst. 
53. Smst. s. 45. 
54. Smst. s. 48.
55. Smst.s 28.Jfr.s.58: «har og Haabet om de fordelagtige Ammetjenester i Bergen en stor Andeel i de søndfjorske Ægteforbindelser imellem ledige personer og Tjenestefolk, ...»
56. Alle finst i Akershus lensrekneskap 66 1, 66 II, 66 III, 66 IV, 66 VI og 67 VII, Riksarkivet, Oslo.
57. 3 dalar vart i alle fall kravt pr. tønne når bøndene ville kjøpe att tienda av kongen. Sjå t. d. Statholderskapets ekstraktprotokoll II, s. 11 f. o. a. st., Riksarkivet, Oslo.
58. Danske kanselli, sk. 15, pkt. 165, Riksarkivet, Oslo.
59. Stathaldararkivet C II 1, Riksarkivet, Oslo. 
60. Sokneprestenes manntall 6, s. 273 27s, Riksarkivet, Oslo.
61. Skiftebok nr. 1, Nordre Gudbrandsdalen, Statsarkivet på Hamar.
62. Smst., fol 11 b ff.
63. «Bønder» her omlag som det antropologiske «peasants». Det omfattar arbeidande jordbrukarar, både gardbrukarar og husmenn. Ulikskapane langs geografiske, kronologiske og sosiale skiljelinjer er ikkje mi sak her. Sjølvsagt var dei der, og mykje meir etter kvart.
64. Knut Johannessen, Eiendomsfordeling og eierinteresser (Oslo etc. 1973).
65. Som kjens klarte bøndene til slutt dette, ved samyrkeorganisasjon og politikk. Vi har også sett eit press på sjølveiga, etter kvart som jord i det siste har blitt meir verdifull, til jordbruk og andre formål.
66. «Arbeidsproduktiviteten var låg», heiter det, Norsk økonomisk histone s. 164. 
67. Sjølvsagt trongst det meir generelle lover som sikra dette òg.
68. Jfr tilsvarande om mellomalderen Kåre Lunden, Norges historie 3 (Oslo 1976) s. 268 312 jfr. same, ""Hovudsynspunkt på mellomaldersamfunnet"", Heimen XVIII (1979), s. 43-45, og diskusjonen i samband med denne.
69. At ein bonde, eller ei gruppe av bønder, avanserer frå leiglending i 1250 til sjølveigar i 1251, vil eg derimot ukvalifisert ta som teikn på styrke.
70. Den mest opplysande, uttrykkelege formulering av dette grunnpoenget eg kjenner, er av
Antonio Gramsci, «De intellektuelle og kulturens organisering», Politikk og kultur (oms. Oslo 1972), t. d. s. 188 f.
71. Gareth Stedman Jones, ""History: the Poverty of Empericism"", i Robin Blackburn (ed.), Ideology in Social Science (Fontana 1972) s. 114.
72. Med fullt overlegg siterer eg Gramsci: «Marx anbringer sig i historien med en Kæmpes solide firskårenhed: han er ikke mystiker, heller ikke positivistisk metafysiker, han er en historiker, der fortolker fortidens dokumenter, alle dens dokumenter og ikke blot en del af dem.
 Dette var den indre væsensmangel ved historieskrivningen,  . . .: man undersøgte og tog kun hensyn til en del af dokumenterne.» Politikk og kultur s. s.59. Jfr. Arne Næss, Vitenskapsfilosofi (Oslo etc. 1973) s. 61, Dagfinn Føllesdal og Lars Walløe, Argumentasjonsteori og vitenskapsfilosofi (Oslo etc. 1977) s. 33 46, Kåre Lunden, «Historisk «makroteori» og Perry Anderson», Studier i historisk metode 14 (Oslo etc. 1979) s.66-71.
 
 

Line
10.08.1999 Tilrettelagt av Frode Ulvund