Meir om norsk økonomi under dansk styre
HT band 59 1980, s.315-323
STÅLE DYRVIK OG STEIN TVEITELine
I

I Historisk Tidsskrift nr. 1 1980 har Kåre Lunden ei melding av Norsk økonomisk historie 1500-1970, første bandet 1500-1850. Då bokmeldinga etter eit par sider får eit vidare siktemål, må det vera meg tillate å koma med nokre snøgge merknader.
    Lundens kritikk av Norsk økonomisk historie er dobbel. For det første hevdar han at ei lærebok på grunnfagsnivå ideelt sett bør formidla ei totalforståing av samfunnet og samfunnsutviklinga, og derfor ikkje avgrensa seg så sterkt til ein viss sektor som denne. Mitt syn på dette er at heilskapsinteressene også kan ivaretakast på pensumnivå, ved ei gjennomtenkt samanstilling av  bøker og artiklar. Eg meiner såleis uforstyrra at det er rom for bøker av denne typen. Lundens andre kommentar går djupare: Han ser Norsk økonomisk historie som enda eit produkt av ein forskningstradisjon som etter kvart har vorte temmeleg einerådande i mellomperioden 1500 1800, og han set seg derfor føre å rissa opp ei alternativ tolkning av norsk historie i dette tidsrommet.
    Frå min synsstad er det gledeleg at læreboka får eit slikt motstykke i kompakt form. Men fortener freistnaden all nyhendeglansen? Det Lunden gjer, er å ta velkjende marxistisk inspirerte oppfatningar om europeisk historie i overgangen fra føydalisme til kapitalisme og prøva å visa at dei høver også på norske tilhøve. Vi som skreiv læreboka, valde å halda dei importerte modellane eit grann på fråstand, og fann da at den norske utviklinga hadde fleire viktige særdrag.
    No vert det i båe tilfella tale om jamføring mellom vårt land og resten av Europa. Det burde vera ein fruktbar framgangsmåte, men etter å ha lese Lundens innlegg slår det meg kor vanskeleg det er å semjast om kva som var den europeiske utviklinga. Som einskildpersonar kan vi vel ikkje nå å lesa alt, og skil kanskje ikkje likt mellom primær- og sekundærlitteratur. Eg har no lært ein god del av Lunden, på same tid som eg trur han tek i miss på einskilde stader, særleg i tolkinga av vekstmønsteret i England og Holland. Så kanskje var jamføringsopplegget vårt i læreboka for ærgjerrig, og burde vore avgrensa til f.eks. Danmark åleine.
    Nåvel, det er nett på dette punktet Lunden set inn frontalåtaket sitt. Han vil ikkje godta at Norge slapp lettare unna skattar og pålegg enn moderlandet, særleg ikkje når betalingsevna tel med. Det er i argumentasjonen her eg meiner han har svikt som må påpeikast.
    Alt i boka har eg stilt spørsmålsteikn ved truverdet av skatteoppgåvene frå 1600-talet. Det siste ordet er ikkje sagt, og for alt eg veit, kan det neste gå i favør av Lundens syn. Men eg skjønar ikkje at hans eige forsøk på oppretting kan ha noko for seg. På sidene 94-96 i meldinga talar han for at dei oppgjevne norske statsinntektene på 506 000 rd. (årleg gjennomsnitt for 1661-75) må aukast til over 900 000 for å verta samanliknelege med dei danske på 854 000. Den store plussposten er dei uregistrerte overføringane frå legdene til den norske hæren, ein sum på 367 660 rd. etter Lundens reknemåte. No er vi samde om at i hovudsak var den danske hæren verva, med ståande avdelingar av yrkesmilitære, medan den norske var utskriven.
Det inneber at dei norske soldatane var sysselsette i sivile yrke i fredstid, og at legdene då berre betalte for vedlikehald av utstyr og for kosten i nokre få eksisdagar årleg. Lundens store tillegg er såleis berre gyldig for eit tilstand med full mobilisering under krig. Talet på slike år på 1600- og 1700-talet skulle la seg rekna ut, og det vert ikkje stort i høve til fredsåra. Eg ser difor heller ingen grunn til endra på konklusjonane i læreboka.
    Så var det vala av døme: Dersom Lunden vil argumentera mot ein påstand om mindre skattebør for nordmennene i visse tidsrom på 1600-talet, eller allment i heile foreningstida, vert det misvisande å køyra fram Gudbrandsdalen i 1657-58. Det er det svartaste tidspunktet i dansk norsk historie, Danmark er redusert til København og midlane til å berga riket må hentast i Norge og i form av utanlandske lån. Det same Iyt seiast om prestane i Lom og Vågå. Alminneleg skjøn burde straks peika dei ut som atypiske, og reint statistisk er dei i alle høve null verde mot den store flokken av prestar som dukkar opp i kjeldene eit godt hundreår seinare og viser økonomiske kår av eit anna slag. Endeleg vil eg åtvara mot bruken av NRF-kyr i omrekninga frå dalar til kroner. Lunden kunne i det minste prøva ei parallell omrekning bygd på kornverdi - vel å merka i kornverdi i normalår.
    Det er under lesinga av desse lite vellukka omrekningane at ein kjenner Iyst til å gi opp totaloverslaga og heller studera skattebøra på grasrotnivå. Lunden stoggar rett nok hjå sorenskrivaren. Hans Arentz fortel om pengeskort og simple levekår i Sunnfiord, men eg må tilstå at eg ser heilt andre motiv og tolkingar i denne framstlllinga enn Lunden. Bl.a. meiner eg å skjøna det som Lunden må avvisa, at sunnfjordingane kunne betala ekstraskatten «med velvilje» samstundes som det gjekk trått med dei ordinære skattane. Nei, med grasrotniva tenkjer eg på den einskilde bonden. Kunne vi klara å setja opp reknestykket hans, med inntekter av gardsdrift og attåtnæringar og utlegg til levemåten, løner, investeringar og skatt ville vi få det grepet på betalingsevne og formelt og reelt skattetrykk som vi saknar no. Ei liknande etterrøking på dansk side skulle vera mogeleg og opna for ei meir talande jamføring.
    Likevel - trass i desse innvendingane er eg glad for at Lunden tok steget ut over bokmeldinga og la meiningane sine fram i så konsis form. Med eit lite korn av ironi kan eg sela at han har gjort det meir spennande å bruka Norsk økonomisk historie i undervisninga. Han har påvist at vi som skreiv boka burde stilt oss fleire spørsmål, drøfta del meir eksplisitt, og gjeve stoffet fleire kontaktpunkt med den politiske delen av samfunnslivet. Men det heilskapssynet Lunden vil formidla, tykkjer eg enno saknar overtydingskraft.

Ståle Dvrvik
 

 II

I sin artikkel etterlyser Kåre Lunden «verkeleg forståing» ut frå ein «konsistent teori».(1) Dette finst ikkje i den boka han omtaler, men Lunden sjølv har både teori og forståing. Til dette er å seie: For det fyrste er boka lagt opp som ei økonomisk historie, med sterke innslag av sosialhistorie i dette bandet. Ålmenne Noregssoger har vi frå før. For det andre: «A little knowledge is a dangerous thing» - evna til forståing og karakterisering av historia er hos mange større di mindre kunnskapen er. Lunden vil presse perioden 1500-1850 inn i eit enkelt marxistisk utviklingsskjema. l beste fall er dette irrelevant og ufruktbart, men det vil og vere ei hindring for innsyn i det sermerkte ved norsk historie. Det burde vere målet for historiestudiet, ikkje å møte kjende marxistiske merkelappar.(2)
    Det vil ikkje kome noko ut av eit ordskifte om dette temaet. Derimot burde det prinsipielt vere råd å kome fram til resultatet ved å diskutere på eit «lågare» nivå, dei «hovudpunkt» som Lunden har valt å kritisere.
    Sagbruksdrift og skogeigedom står sentralt i det andre hovudpunktet hos Lunden. Han understreker at privilega av 1662 og 1688 «illustrerer skulepedagogisk» overgangsperioden mellom «føydalisme» og kapitalisme. (KL 106). Det han skriv illustrerer i alle høve at det skorter på kunnskap og resonnement.(3) 1) Han skriv om «borgarprivilegia» av 1662 og 1688 (KL 104, 105), men 1688 var ikkje eit borgarprivilegium. Det var ikkje sett forbod mot at bønder og embetsmenn åtte priviligerte sagbruk. I åraksis gjekk heller ikkje dei lokale sagkommisjonane inn for diskriminering av bøndene (derimot ser det ut til at  prestane  måtte slutte som sageigarar). T.d. hadde bøndene i Follo 36 % av den priviligerte skurden, omlag det same som før.(4)
    I Follo var det berre små flaumsager, i dei store sagbruksområda var eigedomsstrukturen annleis. 2) Lunden skriv: «Bøndene hadde ikkje hatt problem så langt» (til 1688). Det ser ut til at han meiner at nedskjeringa frå 6.4 til 3.4 mill. bord gjekk stort sett ut over bøndene. Han vil ikkje vere med på at bøndene var på veg ut av næringa før 1688, og harsellerer over at dei skulle ha «vanskar» (KL 105, hans hermeteikn). Borgarane hadde ikkje «skuggen av sjanse» til å konkurrere med bøndene før privilega kom. Til dette er det berre å vise til klare fakta: Jamvel i Follo hadde borgarane 2/5 av skurden før 1688, men i det sentrale sagbruksområdet Nedre Romerike sat dei med 9/10. Lunden vil kan hende hevde at byprivilega av 1662 hadde ført til ein overgang. Men 1661 hadde bøndene berre 1/10 av sagbruka i Trøndelag, og ved 1650 var alle sagbruka i Skiensdistriktet på borgarhand.(5) Storparten av reduksjonen gjekk ut over borgarane. I den mun vi kan sjå på sakbruksprivilega som middel i ein gruppestrid, blir det tale om ein strid innan borgarskapet, ikkje mellom borgar og bonde.(6)
    Det må såleis vere ein avgjerande svikt i Lunden si tankerekke. (3) Han hevdar at utkonkurreringa av bøndene berre er ein «påstand», og dette»neglisjerer grunntilhøva ved bondeøkonomien den gongen» . Eg kan snu dette til at Lunden neglisjerer grunntilhøva ved skogbruksøkonomien (sjå t.d. NØH 46 og tilvist litteratur). Lunden peikar på at alternativkostnaden for bondens arbeidskraft var låg i sesongen for skogsdrift og sagskurd. (Rett nok, men det er ei sterk overdriving å seie at han var «nær null».) For sjølve skogsdrifta er dette likevel irrelevant, her er det spørsmål om bonden som sageigar. Lunden skriv om bonden som skar tømmer frå eigen skog. Men ved 1660 var det berre ein ørliten part av norsk bordeksport som kom frå sagbruk av denne typen, framfor alt var det få slike på Austlandet og Agder der sagbruksprivilega kom. Tyngda av sagtømmeret kom då frå dei øvre bygdene. Denne drifta var sers kapitalkrevjande, her kunne ein vanleg bonde ikkje fylgje med. Men kvifor kunne ikkje bøndene halde oppe drifta på dei sagbruka dei sat med frå før? For det fyrste blei skogen uthoggen, det blei knapt om sagtømmer i dei ytste bygdene. Mange av dei små sagbruka var alt nedlagde før 1688. Viktigare var det at laglege og gode sagfossar var eit knapt gode. Det svarte seg då for bonden å selje sag og foss til ein borgar som kunne nytte kapasiteten fullt ut.
    Lunden hevder at borgarane måtte få føremuner med politiske middel, sidan «dei ikkje klarte konkurransen (med bøndene) reint økonomisk.» Dette blei «på den mest overtydande måten stadfesta seinare», ved den frie handsaginga frå 1795. 4) Han går ikkje inn på mi framstilling av handsaginga som unntaksfenomen aktuelt i somme område. (NØH 164). Det var ikkje tale om at bøndene alment gjekk over til handsaging. Visse stader kunne dei konkurrere med dei priviligerte sagene, m.a. ved at kapitalinnsatsen var nær null, og transportkostnadene blei lågare. Lat dette marginale fenomenet liggje, eg kan heller fylgje Lunden ved å sja på kva som hende litt seinare. 1818 fekk alle bønder rett til å skjere for eksport frå eigen skog Det førde ikkje til at borgarane blei tevla ut, bondesagbruka hadde så godt som inkje å seie i eksporten seinare.
    Trelasthandel og sagbruksdrift var ei sers kapitalkrevjande næring før både 1662 og 1688. Men sagbruksprivilega førde med seg at inngangsbiletten til næringa blei enda høgare. Bøndene var ute av dansen frå før, privilega førde med seg at det blei vanskelegare for nye borgarar å arbeide seg inn. Privilega kunne ha ein oligopoliserandeeffekt.Og det kunne slå negativt ut for bøndene (NØH167,213). 5) I seg sjølv ville Ikkje einerett for borgarane til trelasthandel og sagbruksdrift føre til ein monopolvinst, slik Lunden meiner. Det spørs kor langt dei greidde å stå saman når det galdt prisar og leveringsvilkår. I praksis skifte dette både over tid og frå vassdrag til vassdrag.
    Lunden går så langt at han hevder borgarane greidde å ta frå bøndene kapitalverdet av skogen «eller det meste av den», ved hjelp av privilega frå 1662 og 1688. Det skjedde ved at dei hadde «full hand om prisfastsettinga», prisen blei sett så låg at han  «vesentleg dekte arbeidslønna». Dette er reine påstandar, Lunden viser ikkje til prisar og lønsnivå. Han ser suverent bort frå det eg skreiv om tømmerprisane (NØH 165 ff.). 6) Lunden hevda at ved skogsdrift kunne bøndene «rekne arbeidsverdien ... nær null ved alternativ sysselsetting». Kor mange dagsverk vil då 3 rd. for ei tylvt målstømmer svare til kring 1750 (NØH 165)? Tar eg godt i og set dagløna til ei ort, svarar prisen til 12 dagsverk. Jamvel ein som ikkje har greie på skogbruk vil nok ane at det skal lang køyring til før det går med eit dagsverk før stokken ligg på elvebarden. For tømmeret frå sjølve dalen kan nettoen (rotverdet, skogverdet) ha vore mellom 2/3 og 3/4 av prisen. Her hadde i alle fall bøndene ikkje mista kapitalverdet av skogen.
    Men kva så med den skogen som låg lenger borte? Vel, her er grunnen til at borgarane ikkje kunne makte å drive prisen ned til berre dekkjing av arbeidsløn. Lunden må meine at produksjonskostnadene var like, noko som ikkje var eller er tilfelle. Eit kjøparmonopol måtte setje tømmerprisen så høgt at han dekte arbeidskostnaden ved drifta frå den skogen som låg vanskelegast til. Her var det ingen kapitalverdi, men over alt elles ville skogeigaren kunne rekne med ein netto. For å auke tømmerleveransen måtte monopolet setje opp prisen så grensa for lønsam drift blei flytta. Det førde automatisk til auka kapitalverde for skogen som låg innanfor denne grensa.
    Lunden kunne ha vurdert korleis det eg skreiv om tømmerprisar og monopolisering høvde med hans påstand om at bøndene ikkje hadde (eller mista) kapitalverde av skogen. Han kunne og ha sett på det dømet eg nemner (NØH 166), der Halvor Lauvrak skulle levere 750 kbm. i ein sesong. Der er betalinga (600 rd.) til og med omrekna til kuverde, eit omgrep Lunden kjenner og nytter. Og dette var i eit vassdrag som verkeleg var monopolisert, ein kjøpar dominerte fullstendig.(7)
    Påstanden om kapitalverdet som ikkje fanst har Lunden bruk for til å forklare at kapitalverdet som eit «bønder frå slutten av 1600-talet også i nokon mon fekk lov til å overta skogsjord», som ein del av overgangen til sjølveige. Forklaringa held ikkje, men kva med det han skriv om overgangen  i dei meir reine jordbruksbygdene? (KL 105). Her er det og tale om kapitalverdet som eit «generalforhold». Han resonnerer retrospektivt: «Det er ei kjend sak at kapitalverdien i moderne norsk jordbruk helst har vore null, eller negativ». 7) Ei kjend sak? For mellomkrigstida syner driftsgranskingane berre negativ forrenting i året 1921/22 og null i 1926/27.(5)
    Likevel, om enn Lunden ikkje kjenner til forretninga i det moderne jordbruket, så kan han ha rett når det gjeld stoda under overgangen til sjølveige. Korleis kan ein etterprøve denne hypotesen? Fyrst vil eg peike på årsaksforklaringa hans,  «denøkonomiske veikskapen til norsk jordbruk, i konkurranse m.a. med framande produsentar». 8) Kva slag tevling utanfrå? Her skriv han om perioden 1660-1850. Den einaste nemnande tevlinga kom frå danske kornprodusentar. Denne var negativ berre for dei få bøndene i kystbygdene som hadde korn å selje. Dette går ikkje som ei ålmenn forklaring for norsk jordbruk.(9)
    Så til kapitalverdet som ikkje fanst. Lunden meiner at bondens innsats berre gav han ei normal arbeidsløn, det blei ikkje noko overskot til rente på kapitalen. Jordbruksjorda var «ein ressurs av nærmast konstant storleik», folketalsauken førde til kamp om jorda. 9) I så fall må det fylgje at arbeidets grenseproduktivitet var null eller negativ, å setje inn leigd arbeidskraft ville føre med seg økonomisk tap. Ingen vil vel hevde at Sunnfjord skilde seg ut ved høg arbeidsproduktivitet. Men 1745 klaga bøndene i Vik, ei rein jordbruksbygd, over skort på tenestefolk. Dei rekna opp 52 ungdomar som hadde tatt teneste i andre bygder (Vik hadde eit folketal på omlag 600).(10) Ei rimeleg forklaring er at grenseproduktiviteten var positiv, endå meir må det vere tilfelle for gjennomsnittsproduktiviteten. Garden gav eit overskot til dekking av kapitalrente.
    Eit anna resonnement fører til liknande resultat. Mykje av gardkjøpa blei
finansiert ved lån, tildels ved at seljaren let ein del av summen bli ståande mot pantobligasjon.(11) Korleis makta dei å betale rente, når garden ikkje gav overskot ut over ei vanleg dagløn? (Då måtte i tilfelle dagleigarar og tenestefolk ha hatt høgare levestandard enn bøndene, ingen meiner vel det.) Ikkje nok med renta, men mange greidde dertil å betale ned lånet, noko som kravde eit endå større overskot i drifta. Vi kan sjå på stoda ved 1850. Då er det rekna med at pantegjelda i landbruket var omlag 50 mill.spd. Berre renta var 2 1/2 mill.spd., i tillegg kom avdraga. Verdet av jordbruksproduksjonen var omlag 20 mill.spd., 1/8 av dette gjekk til rentebetaling.(12)
    Lundens «konsistente teori» har ført han på ville vegar når det gjeld skognæringane, forholdet mellom bonde og borgar, og overgangen til sjølveige. Eg skal så kommentere litt det han skriv under fyrste hovudpunkt - skatteleggjinga.

Lunden hevder for det fyrste at bøndene i Noreg var hardt skattlagde i denne perioden, framfor alt etter 1650. Granskinga hans tyder på at det må «brenne eit blått lys for teorien om at bøndene ytte stort mindre enn dei makta.» (KL 102). For det andre hevdar han at dei norske bøndene og Noreg i det heile blei hardare skattlagt enn Danmark og dei danske bøndene. (I alle fall argumenterer han sterkt mot det synet som blir hevda i NØH.) Når det gjeld skatt og skatte evne i Noreg kjem han med «to stikkprøver», frå Nord Gudbrandsdal i 1650 åra og Sunnfjord kring 1780.(13) Til det fyrste er å seie at her har han valt ut dei år i perioden som hadde hardast skattleggjing, m.a. var det krigsår. (Og det er før «forskjellsbehandlinga» verkeleg viste seg, sjå NØH 80). Men kva med Sunnfjord? Lunden har berre ei «litterær» kjelde, sorenskriver Arentz sitt verk om Sunnfjord. 10) Dette er ikkje noko føredøme for  «slik gransking som også må gjerast». Lunden stoler heilt og fullt på embetsmannens ord, utan å vurdere om det kunne liggje ein tendens i verket. Arentz omtaler «det lidet bohave» som sunnfjordingen sat med. Dette kan ein i alle fall granske, ved hjelp av skifteprotokollane. Det spørst om ikkje den gode skrivaren har skildra stoda mørkare enn ho var. Eit døme: 1758 var det skifte etter Lundens sambygding Knut Nilsson «Qvarmø»(?). Jorda hans blei taksert til 50 rd., men aktiva kom opp i 354 rd., og gjeldfri var han. Det blei registrert 177 rd. kontant, her var det i alle fall ingen vanske med å betale skatten.(14)  Attende til Arentz. Kvifor skriv han «nuomstunder» har bonden berre «det lidet bohave» å stole på? Meiner han ikkje her at stoda var betre noko tidlegare? Det kan gå på at vårsilda blei borte kring 1760, noko som førde til mindre innkomer for sunnfjordingane. Skatteevna må ha blitt mindre.
    For landet under eitt vil eg seie fylgjande: Eg har granska skifteprotokollar frå dei fleste landslutene før 1807, i ulike samanhengar. Den må vere tolleg blind som ut frå desse kjeldene vil hevde at bøndene ikkje makta å betale meir skatt.
    Så til jamføringa mellom Noreg og Danmark. Lunden kjem med to «hovudpunkt» (delvis lånt frå Erling Reksten) som argument for at skatteevna var større i Danmark. For det fyrste var Danmark meir urbanisert,  «eit heilt vesentleg moment» (KL 99). «Byøkonomien hadde radikalt større evne til å betale meir skatt, særskilt pengeskatt». 11 ) Å dra inn betalingsformen i denne samanhengen er heilt irrelevant. Lunden meiner vel at realinnkomene var «radikalt større» i byane. Men var dei det? Kva med den store underklassen i byane?
    Det andre argumentet går på bygdene. Jorda i Danmark var «vesentleg meir naturleg produktiv» enn i Noreg, dette var «avgjerande for kunstgjødsla». 12) Nei, det avgjerande var då tilgangen på naturgjødsel. Det var minimumsfaktoren i Danmark, noko som låg bak trivangsbruket der. Arealproduktiviteten var heller større i Noreg, endå om vi berre jamfører med det danske arealet som blei tilsådd.
    Vidare hadde Danmark «3.3 gpnger så stort dyrkbart areal som Norge». 13) Her byggjer han på Erling Reksten (som igjen byggjer på Axel Sømme.)(15) Tala gjeld ikkje «dyrkbart» areal, men dyrka. (Dyrkande jord har Danmark ikkje meir enn dobbelt så mykje som Noreg.) Reksten og Lunden fører forholdstalet frå 1960 300 år bakover i tid, dristig bruk av retrospektiv metode. Dertil gløymer dei å ta omsyn til at 1/3 av det danske åkerarealet lag brakk. Forholdstalet blei då berre 2.2.
     Det er klart at tilsådd areal og kornproduksjon var høgare i Danmark, truleg omlag det doble. Men det åleine kan vi ikkje sjå som uttrykk for ulike skatteevne i dansk og norsk landbruk. (14) For det fyrste spela husdyrbruket ei større rolle her i landet. For det andre og viktigaste  alle dei andre syslene som norske bønder fekk innkomer frå. (16) Og endeleg: Lunden skriv her om bøndene. Det er rimeleg å tenke seg at den danske festebonden hadde større jordavgifter enn det dei norske bøndene måtte ut med i landskyld og gjeldsrente til grupper utanfor bondesamfunnet.(17)
    Lunden rekner med toll som ei form for skatt, det gjev auka skattesum og ulik tyngd på Noreg og Danmark. 15) For Noreg må det ikkje vere ein «skatt» på bøndene, men eksportørane (KL 98). (Lunden hevder jo at bøndene berre fekk arbeidsinnkome frå skogbruket, og trelasttollen var den dominerande). Ut gjennom 1700 talet auka dei danske tollinnkomene, 1785/88 låg dei 25 % over dei norske.(18)  Pro pers. blei det meir enn i Noreg, folketalet var omlag 5 % høgare. Tar vi med konsumsjonen blei skilnaden mykje større, 1 330 000 mot 640 000 rd.
    Prinsipielt er det ikkje rett å ta med toll i dette reknestykket. 16) Intensjonen bak tollsatsane var ikkje ei skattleggjing av nordmenn (eller danskar). I røynda kan vi heller ikkje seie at «dei norske tømmerseljarane» betalte. Lunden hevdar, heilt rett, at det ville vere «eit noko primitivt økonomisk resonnement» å peike på at utlendingane konkret betalte tollpengane. Men det han skriv er like «primitivt» . I praksis ville det bli ei deling, ingen av partane i handelen ville greie å skuve heile kostnaden (tollen) over på den andre.
    Så til sjølve jamføringa. 17) 1785/88 var skatten pro pers. i Danmark omlag 4 gonger så høg som i Noreg.(19) Vil nokon hevde at det same forholdet galdt for
bruttonasjonalproduktet? Det siste er avgjerande når vi skal jamføre skattenivå og skatteevne i dei to landa (områda).
    Dette skulle vere eit klart nok resultat. Verre blir det å seie noko om bøndene i dei to landa. I 1780-åra kunne det falle omlag 10 rd. på kvar dansk bonde i matrikkelskatt, mot vel 3 rd. på den norske. I tillegg måtte dansken ut med 1 rd. årleg for dei i huslyden som var over 17 år. Dansken måtte såleis ut med minst 4 gonger så mykje som nordmannen. Det som blir skrive om danske bønder pa 1700 talet tyder ikkje på at skatteevna var markert høgare hos han enn hos nordmannen.(20)
    Vel med tanke på eit slikt resultat har Lunden eit «siste våpen». Om norske bønder betalte relativt mindre skatt «hadde ein ikkje vist at dei  ... blei mindre utnytta av den tids «establishment» enn dei danske» (KL 106 f.) 18) Norske bønder var offer for «den nye, kapitalistiske utnyttingstypen gjennom marknaden», og det kanhende meir enn dei danske. - Dette er for så vidt kjende tonar, (21)  men eg har ikkje sett at ein seriøs historikar har granska emnet, langt mindre freista å måle «utnyttinga». Sett at ein fiskarbonde frå ytre Sunnfjord betaler 2 rd. i skatt ein dansk festebonde med same inntekt betaler 8 rd. Med 7 rd. «kapitalistisk utnytting» ville sunnfjordingen kome dårlegare ut. Men kor mykje fisk svarer det til?
    Lunden argumenterer for at danskane skattla Noreg så hardt at dei tok «det meste av det overskotet som var» (KL 97). (Kva slag «overskot» meiner han?) Men i tillegg har han eit «øydeleggande argument» mot «favoriseringa» av Noreg, som verkeleg viser «kolonibehandling» - overføringane av statsinnkomer til Danmark. (98) Lunden kritiserer meg for ikkje å ha tatt opp emnet, og ender opp med å insinuere at eg meiner det ikkje går å seie noko om verknadene av overføringane. Sjølvsagt går det, men som eit element i dansk økonomisk historie. For norsk historie er det ei ufruktbar problemstilling.
    Eg vil likevel kome med eit par kommentarar. 19) Lunden har nokre heller merkelege formulermgar om «ei overbalansering av det særnorske statsbudsjettet på ca. 300 % o.l. Han freister å bruke keynesianisme (22) for å peike på dei økonomiske verknadene for Noreg og Danmark av overføringa. Men keynesiamsmen har her noko med konjunkturpolitikk å gjere, om det finst ledige produksjonsfaktorar o.s.b.
    Det er rimeleg å rekne med at overføringane hadde ein viss positiv effekt for dansk økonomi. Men kor stor? Vi kan i alle fall avgrense effekten geografisk. I det store og heile blei innkomene nytta i København-området (om dei blei nytta i Danmark i det heile). 20) Men her er vi ved eit poeng som er elementært for den som kjenner heilstatspolltikken. Hovudstaden var favorisert, både med og utan intensjonar. Byane i dei danske provinsane og i hertugdøma kunne ha vel så god grunn til å tale om «kolonibehandling». Og frå begge områda skjedde det overføring av statsinnkomer til hovudstaden.
    Det er sers komplisert å greie ut effekten for hovudstad og omland. Kor stor var investeringsraten? Kor mykje av overføringane gjekk til utanlandske forbruksvarer? Kor mykje gjekk til import av norske varer?
    Her er eit anna poeng. Lunden ser Danmarks vinst som Noregs tap. Vi kan heller sjå overføringane som betaling for tenester, ikkje som ei «tapping» av ressursar. Noreg oppnådde «stordriftsfordelar», noko som begge partar kunne på.
    Lunden opererer kontrafaktisk med at Kristiania kunne ha vore hovudstad i dobbelmonarkiet. 21) Kva så? Vil han finne fram til det Noreg «tapte» ved dette tankeeksperimentet? Det blir ille nok med hans omtale av at Kristiania blei hovudstad. Han nytter dette som «fullt mogleg» årsak til fallet i mortaliteten etter 1814 (KL 98). Dette er korkje mogeleg eller «sannsynleg». Mortalitetsfallet var ålment over heile landet, og det ovra seg på Agder og Vestlandet lenge før 1814.(23)
    
Til slutt eit par merknader knytt til dei siste setningane i NØH. Lunden påpeiker at utsegna om «jamn inntektsfordeling» ikkje byggjer på gransking. Derimot kjem han sjølv med «eit døme på slik gransking», som sjølvsagt skal vise stor ulikskap i inntekta. Han har inntekta for ein prest i Gudbrandsdal, eiga for ein annan. (KL 102 f.). I seg sjølv seier ikkje dette noko som helst om inntektsfordelinga. Det ligg likevel implisitt, rike prestar mot fattige bønder. 22) Det skulle ikkje vere vanskeleg å finne skifte etter prestar som åtte langt mindre enn Glastrop i Våga. Men kva med rike bønder? Glastrop hadde ein brutto på 2262 og netto på 941 rd. 1782 var det skifte etter vendølen Ola Knutson Skjervedal (1 hest, 12 storfe, 37 småfe). Han hadde aktiva for 2700 rd. og var gjeldfri.(24) Av garden skatta han 1 rd. årleg.
    Heilt jamn inntektsfordeling er det uråd å finne, det er sjølvsagt. Av samanhengen burde det gå fram at det her var tale om ei jamføring med andre land på den tid. Det tykkjest ikkje vere nokon urimeleg hypotese, for den som kjenner litt til andre land i Europa i perioden. Den granskinga Lee Soltow gjorde av jordavgifta 1802 skulle underbyggje hypotesen.(25) Same mannen hadde nett kome med ein artikkel om formuesfordelinga i Danmark, med grunnlag i skatten 1789. Der var det ekstrem ulikskap. Den rikaste prosenten av eigarane sat med 56 % av kapitalen.(56)
    Endeleg vil eg nemne at Lunden ironiserer over siste setninga mi: «Om Tveite ville få alle sunnfjordingar eller gudbrandsdølar til å skrive under på at dette var «eit godt samfunn å tilhøyre», er vel ikkje så sikkert». (KL 103). Her har han kutta ut tri ord som gjekk føre: «for den tid» (uth.her).

Stein Tveite

Notar:

1 . Lunden s. 107 f.   Eg viser seinare i tekst til KL, og den boka han omtaler med NØH.
2. Sjølvsagt vil eg ha same innvendinga mot andre skjema av same type, som t.d. hos Sombart.
3. Tal i parentes seinare nummererer dei spesifikke motlegga eg har.
4. F. E Eliassen, «Sagbruksprivilegia av 1688 i Follo fogderi», Follominne 1975 s. 59 73.
5. Eliassen, op.cit. A. Dybdahl, Jordeiendomsforhold og godseiere i Trøndelag, (Trondheim 1979) s. 101.
6. A. Holmsen Fra Linderud eil Eidsvold Værk, I (Oslo 1946).
7. N. Wergeland, Christiansands Beskrivelse (Kr.sand 1963)
8. Sjå t.d. Statistiske oversikter 1948, s. 85.   Kanhende vil Lunden peike på åra før 1914 som det «moderne jordbruket». Men det ser ut til at i 1870 åra gav garden sers god forrenting i storparten av landet. (S. Tveite, «Overfolking», «»befolkningspress og vandring», Vandringer. Festskrift til Ingrid Semmingsen (Oslo 1980) s. 47 ff.
9. Han nemner og tevlinga mellom «uorganiserte norske produsentar» (KL 105). Det er uklårt om han meiner tevling på varemarknaden eller tevling om jord.
10. S. Tveite, «Arbeidskraft og økonomisk framgang i Norge på 1700-talet»,  Beretning. Det nordiske historikermøde i København 1971, s. 137.
11. A. Holmsen, Gard-bygd-rike (Oslo 1966) s. 227 f.
12. O. Klokk,Oversigt over det norske landbruks utvikling siden 1750 (Kra. 1920) s.65; M. B. Tvethe, Norges Statistik (Chr. 1848) s. 50, 55.
13. Oppgåvene frå Gudbrandsdal har Lunden nytta tidlegare til same føremålet, å vise «ei årleg tapping og kolonibehandling som det berre er vanskeleg å skjøne var økonomisk mogeleg». (Ottar Brox (red), Norsk landbruk - utvikling eller avvikling.) Då galdt det EF.
14. Sk.prot. B I Sunnfjord fol. 182.
15. Heimen, 1979, s. 176.
16. Derimot har Reksten med dette momentet.
17. Renter og landskyld bønder imellom kan vi sjå bort frå i denne samanhengen.
18. H.C Johansen, Dansk økonomisk politik i årene efter 1784 (Århus 1968) s. 342 f.
19. Sst.
20. D.s., En samfundsorgantsation i opbrud 1700-1870 (Kbh. 1979) s. 192 224. 2
1. Men meiner han ikkje her «utbyting»? Jfr. J. Bjørgum i HT, 1980, s. 124.
22. Dette i motsetnad til «medlemmene av Bergensskulen» som «bruker å anbefale klassisk økonomikk». - Kven og kva er denne «Bergensskulen»  Lunden omtaler støtt og stendig? Kven er det (utan S.Tv.) som har anbefalt klassisk økonomikk?
23. M. Drake, Population and Society in Norway 1735-1865 (London 1969) s.46 ff. 
24. S. Tveite, Vennesla, I (Kr.sand 1956) s. 879 og 889 f. 
25. HT 197. 2
6. SEHR 1980 s.120-138.

10.08.1999 Tilrettelagt av Frode Ulvund